Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Lærarutdanninga må tenke nytt om eiga berekraftundervising
– Det er mogleg å få til ganske mykje innanfor lærarutdanninga slik ho er no, seier forskar.
Det er i dag forventing om at forsking skal bidra til utvikling av berekraftige samfunn. Forskarar har eit ansvar for å bidra til større global rettferd i verda.
Men kva slags ansvar har lærarar i skulen og korleis kan dei jobbe med tematikken på tvers av fag?
I ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet Acta Didactica Norden skildrar forskarar eit eksperiment med ein såkalla intervensjon dei brukte for å finne ut korleis kommande lærarar kan jobbe saman på tvers av fag.
Ein intervensjon er ein planlagt aktivitet som skil seg frå vanleg praksis. Det forskarane gjorde, var å innføre berekraft som tema i ei av fordjupingsvekene i lærarutdanninga.
– Vi inviterte studentane til å utarbeide tverrfaglege undervisningsopplegg knytt til berekraft, og dei viste stor kreativitet, seier professor Marianne Ødegaard ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) på Universitetet i Oslo.
Krevjande og komplekst saksfelt
Ho gjennomførte studien ved eit stort, norsk universitet, saman med forskarkollegaene Erik Knain, Ole Andreas Kvamme og Elin Sæther.
– Funna våre viser blant anna at det er mogleg å få til ganske mykje innanfor lærarutdanninga slik ho er no. Vi er imponert over det studentane fekk til i løpet av uka, seier ho.
– Samtidig var det krevjande for studentane å ta inn over seg kompleksiteten innanfor dette feltet, seier ho.
Intervensjonen varte i to veker og bestod av førelesingar og arbeidsgrupper. Studentane jobba med emna mat og reint vatn.
Temaa vart valde fordi dei er komplekse, relevante for ulike fag og fordi dei er viktige for å sikre ei berekraftig verd.
– Det vart mykje nytt på ein gong, både berekraft som tema, tverrfaglegheit og skulen si oppgåve med å løyse aktuelle samfunnsutfordringar, fortel Ole Andreas Kvamme.
– Vi kan endre lærarutdanninga
– Vi vil framheve betydinga av at studentane undervegs i arbeidet viser kva dei har fått til overfor kvarandre – trass i frustrasjonen som òg er ein del av prosessen, understrekar Elin Sæther.
Ho fortel også at det er viktig å utforske handlingsrommet innanfor dei strukturane ein arbeider i, altså slik lærarutdanning er no.
– Men studien peiker også på behovet for å endre studieprogrammet, seier Sæther.
Funna viser at tverrfagleg arbeid krev tid, samarbeidsevne og nytenking.
– Studentane var vel så opptatte av å finne ut av det tverrfaglege som å sette seg inn i korleis berekraft er ei utfordring i samtida, fortel Erik Knain.
Til gjengjeld kan ein lære mykje av å jobbe på tvers av faggrenser.
Og utfordringane som skal løysast i tida som kjem, knytt til berekraft og klima, vil krevje ei rekke ulike tilnærmingar, understrekar forskarane.
Det er nødvendig å sjå ulike kunnskapsområde i samanheng når målet om berekraftige samfunn skal oppfyllast:
– Både elevar, studentar og lærarar treng då å utvikle tverrfaglege tilnærmingar. Ei intensivveke kan her vere viktig, men slett ikkje tilstrekkeleg, seier dei.
Referanse:
Marianne Ødegaard mfl.: Making Sense of Frustration and Complexity when Introducing Sustainability in Teacher Education. Acta Didactica Norden, 2021. Doi.org/10.5617/adno.8184
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER