Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Skrei, kysttorsk, nordsjøtorsk, fjordtorsk. Nei, det er ikkje så enkelt som at ein torsk er ein torsk. Det er fleire variantar.

Ein torsk er ikkje berre ein torsk – men det tek ikkje Raudlista høgde for

Stort internt mangfald i ein bestand kan gjera at arten stiller sterkare i møte med raske klimaendringar.

Skrei, kysttorsk, nordsjøtorsk, fjordtorsk. Nei, det er ikkje så enkelt som at ein torsk er ein torsk. Det er fleire variantar. 

Og ikkje nok med det: I fjordar og viker langs norskekysten finst det også bestandar som er tilpassa det lokale miljøet. 

«Isolasjon» gir lokalt særpreg

– Alle artar tilpassar seg miljøet dei er i, seier forskar Kjell Magnus Norderhaug ved Havforskingsinstituttet (HI). 

– I område som ligg litt for seg sjølv, som inne i fjordane våre, kan bestandane leve ganske isolert frå kvarandre og i litt ulike miljø. Når dei så tilpassar seg sitt lokale miljø, blir dei faktisk litt forskjellige, forklarar han. 

Det finst altså eigne bestandar som skil seg litt frå artsfrendane sine, inne i fjordarmar, våger og bukter. Det store mangfaldet er ei gåve – og ei forsikring. 

Byfjorden utenfor Bergen sett fra fly
Ei viktig årsak til den store variasjonen innanfor same art er dei lange, kronglete fjordane våre. Dei gjer at det blir «langt til naboen». Her ein Byfjorden utanfor Bergen, frå fly. Askøy til venstre. Bergen til høgre.

Aukar oddsen for at arten vil takla klimaendringane 

– Klimaendringane endrar havmiljøet og det raskt. Klimaet endrar seg ofte raskare enn kva artane klarar å tilpassa seg, forklarar Norderhaug.

Han fortel at det interne mangfaldet i ein art kan vera kritisk for om arten evnar å tilpassa seg til eit miljø i endring.

– Om vi klarar å ta vare på mangfaldet innanfor enkeltartane, så aukar vi sjansen for at arten vil klare å henge med på utviklinga og overleve vidare. Grunnen er at dei ulike variantane kan tole ulikt. Vi spreier risikoen. 

Hva har sukkertare og torsk til felles? Ikke veldig mye - men begge artene har lokale varianter med særpreg.

– Uheldig at Raudlista ikkje tek høgde for dette

Den Internasjonale naturvernunionen (IUCN) står bak Raudlista. Det er ei liste over artar og økosystem som er truga eller i fare for å bli utrydda.

Den norske raudlista er bygd på retningslinene til IUCN. 

Havforskarar frå Noreg, Canada og Australia har no sett nærare på kriteria for Raudlista. 

Ikkje berre Raudlista: Også Noah gløymte dette med mangfald innanfor artane i si tid.

 – Vi meiner det er uheldig at ein overser genetisk variasjon innanfor artane i dette viktige arbeidet, seier Norderhaug.

– Den genetiske miksen i ein bestand påverkar kor tilpassingsdyktig arten er. Utan kunnskap om dette, så kan ein ikkje vurdere om arten vil evne å tilpassa seg ei auka belastning, som til dømes frå klimaendringar. 

– Det betyr at viktig biologisk mangfald kan gå tapt, utan at vi veit det. 

Referanse: 

Kjell Magnus Norderhaug mfl.: The International Union for Conservation of Nature Red List does not account for intraspecific diversity. ICES Journal of Marine Science, 2024. Doi.org/10.1093/icesjms/fsae039

Powered by Labrador CMS