Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Denne klumpete fisken er meir sporty enn du trur

Tusen kilometer er berre blåbær for rognkjeksa. Ho tok forskarane heilt på senga.

Rognkjeksa er korkje atletisk eller straumlinjeforma, men er like fullt ein maratonsymjar av rang.
Publisert

Atletisk er ikkje det første som slår deg med rognkjeksa. Ikkje det andre eller tredje heller. 

Men skinnet kan bedra.

Den klumpete skapningen er nemleg ein maratonsymjar i forkledning.

– Rekorden er ein distanse på 1.612 kilometer mellom stadene for merking og gjenfangst, seier forskar Leif Nøttestad ved Havforskningsinstituttet (HI).

Portrett av mann.
Leif Nøttestad er forskar ved Havforskningsinstituttet.

Vandrar med havstraumane

Havforskaren har samarbeidd med kollegaer frå Noreg, Island og Grønland om eit stort merke-og-gjenfangst-prosjekt i Nordaust-Atlanteren. 

– Resultata var svært overraskande. For første gong har vi dokumentert at rognkjeksa, som ikkje nett er straumlinjeforma, vandrar over lange avstandar mellom beiteområde i ope hav om sommaren, og gyteområde i kystnære farvatn om våren, seier han.

Teknikarar ved HI har gjort ein stor jobb ved å måle, merke og sleppe ut igjen eit utal rognkjekser. Her merking av fisk sørvest av Bjørnøya i 2023.

Fleire rognkjekser vart gjenfanga meir enn 1.000 kilometer frå der dei vart merkte. Truleg betyr det at fisken utnyttar dei store straumsystema effektivt under vandringane. 

Snålaste fisk?

Konkurransen om tittelen «snålaste fisk» er knallhard. Men rognkjeksa (Cyclopterus lumpus) er ein openberr kandidat – i alle fall i Nordaust-Atlanteren. 

Berre sjekk ut nokre utvalde fakta om rognkjekse (rognkjeks på bokmål):

  • Lite hovud på nokså klumpete kropp.
  • Er biofluorescerande: Kan absorbere lys på éi bølgjelengd og sende ut på ei anna.
  • Har ei kraftig sugeskive på buken som ho brukar til å feste seg på stein eller anna underlag.
  • Et parasittar som lakselus, og vert derfor brukt som reinsefisk i oppdrett. Då er det snakk om oppdretta rognkjekse, ikkje villfisk.
  • Utanom gyteperioden er det få ytre kjenneteikn som skil kjønna frå kvarandre. I gytetida er kjeksene blå og kallane raude.

Enkel metode gjev gode data

Totalt vart 2.750 rognkjekser merka.

17 av desse vart gjenfanga. Det kan høyrest lite ut, men forskarane får faktisk eit vell av nyttig informasjon frå desse individa.

– Låg gjengfangstrate tyder i seg sjølv på at bestandane i Nord-Atlanteren no blir lite utnytta, altså at det blir fiska lite, seier Nøttestad. 

Det er nemleg fiskarar som i hovudsak står for gjenfangsten, og som leverer merkt fisk til forskarane. 

Genialt enkel bøttemetode for skånsamt utslepp av merkt fisk frå høgda.

Viktig for forvaltinga

Gjenfangsten viser at Norskehavet er eit sentralt beiteområde for fleire bestandar av rognkjekse. For eksempel ser det ut til å vere hovudbeiteområde for rognkjekse som gyter i dansk farvatn. 

Samanlikna med rognkjekse merkt i andre havområde, gyter ein større del av fisken merkt i Irmingersjøen. Det er eit havområde aust for det sørlege Grønland – utanfor Island.

Dette gjev forskarane innsikt i bestandar og mønster i korleis dei vandrar. Dette er viktig informasjon for forvaltninga av arten.

Nyttig for fleire enn forskarane

Veging av rognkjekse ved merking og gjenfangst gav forskarane nyttig informasjon om kort fort fisken veks. 

Det ser dessutan ut til at rognkjekse og rognkall blir kjønnsmodne ved ulik storleik. Rognkall er namnet på hannen.

– Vekstraten tyder på at rognkallar som er over 20 centimeter og rognkjekser som er over 25 centimeter om sommaren, kan bli gytemodne påfølgande vår, fortel Nøttestad.

Rognkall i raudleg gytedrakt.

Det kan vere nyttig informasjon for fleire enn forskarane. Sjølv om fisket etter rognkjekse ikkje er stort i dag, brukast rogn frå kjønnsmoden fisk til kaviarproduksjon, ikkje minst på Island. 

Redaktør blei fan

Forskingsresultata blei nyleg publiserte i det vitenskapelege tidsskriftet Journal of Fish Biology

Der trekte redaktøren fram artikkelen til Nøttestad og kollegaene som særleg interessant («Editor’s choice»). 

Under tittelen Lump by name, not by nature (rognkjekse heiter lumpfish – altså «klumpfisk» – på engelsk) skreiv den nyfrelste rognkjekse-entusiasten mellom anna: 

«Denne studien […] har vist at du ikkje alltid kan bedøme ei bok etter omslaget, med rognkjekse som dekker herkuliske avstandar. Men, kanskje enda viktigare, mønstra for gjenfangst støttar teorien om Norskehavet som felles beiteområde for fleire distinkte bestandar av rognkjekse, noko som er viktig informasjon for forvaltinga av arten.»

Referansar:

James Kennedy, Søren Post og Leif Nøttestad:  Long-distance migrations, population mixing, and growth rate of lumpfish (Cyclopterus lumpus) revealed from tag-recaptures. SamandragJournal of Fish Biology, 2025. Doi.org/10.1111/jfb.15994

William Bernard Perry: Lump by name, but not by nature: 1000km migration of lumpfish (Cyclopterus lumpus). Journal of Fish Biology, 2025. Doi.org/10.1111/jfb.16074

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS