Mellom 10 og 20 prosent av alle
svangerskap endar i spontanabort. Årsakene er vanskelege å undersøkja, mellom
annan fordi Medisinsk fødselsregister (MFR) ikkje fangar opp hendingar før
tolvte svangerskapsveke.
– Vi veit jo om ein del legemiddel som ein unngå å bruka under svangerskapet. Derfor er det òg viktig å få meir kunnskap om legemiddel der det framleis er usikkerheit knytt til sikkerheita ved bruk under svangerskapet, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Det har for eksempel kome fleire studiar som har antyda at fleire typar antibiotika og soppmiddel kan auka risikoen for spontanabort. Men eg har alltid vore i tvil, og hatt eit ynskje om å etterprøve desse studiane.
Undersøkt antibiotika og soppmiddel
Ho forklarar at studiane verken har fanga
opp spontanabortane godt nok eller teke tilstrekkeleg høgde for underliggjande
faktorar, som for eksempel infeksjonen legemiddelet skulle behandla.
Slike
faktorar kan like gjerne ha vore årsaka til dei tidlegare funna.
– Dei fyrste legemidla vi har undersøkt er ei rekkje antibiotika og soppmiddel, som det har vore mest usikkerheit rundt, og som er blant dei mest brukte legemidla under svangerskapet, seier Hedvig Nordeng.(Foto: UiO)
– Derfor har vi brukt dei siste åra på å
utvikla ein algoritme som kan fanga opp og tidfesta tidlege spontanabortar på
ein betre måte. Det gjer vi ved å kombinera data frå fleire andre helseregister
med data frå Medisinsk fødselsregister. I tillegg nyttar vi moderne og meir avanserte metodar for å
justera modellane våre for underliggjande faktorar. I fjor kunne vi endeleg
publisera han, fortel ho.
– Dei fyrste legemidla vi har undersøkt med
den nye algoritmen, er ei rekkje antibiotika og soppmiddel, både fordi det er
dei det har vore mest usikkerheit rundt, og fordi dei er blant dei mest brukte
legemidla under svangerskapet. Nesten éin av tre gravide
tek antibiotika, for eksempel.
Såg ingen auka risiko for spontanabort
Nokre grupper antibiotika er det kjent frå
før at ikkje bør brukast under svangerskapet. Ikkje på grunn av risikoen for
spontanabort, men fordi dei har eigenskapar som kan hindra normal fosterutvikling.
– For dei antibiotika som er vanlegast å
bruka av gravide, fann vi inga kopling til spontanabort. Men for nokre av dei
som er mindre vanlege, ser det ut til at bruken medfører ein noko auka risiko. Desse
legemidla er ikkje fyrsteval, og blir berre forskrivne av lege etter ei nøye
avveging av nytte og risiko, seier Nordeng.
– I denne studien
har vi teke høgde for forskjellige moglege skeivheiter i dataa. Etter at vi
gjorde slike justeringar, såg vi ingen auka risiko for spontanabort for dei
fleste av medisinane vi undersøkte.
Topp-ti-liste av legemiddel å undersøkja
I prinsippet kan algoritmen brukast på
alle typar legemiddel: Etter å ha gjennomført studien på dei antimikrobielle
legemidla, er det no dei smertestillande medisinane som går under namnet NSAIDs
som står for tur for forskarane.
Men sjølv om dei no har ein betre metode for å
studere spontanabortar, tek kvar nye legemiddelstudie tid.
– Det er ikkje slik at vi no berre kan henta
tala frå helseregistera og trykkja på ein knapp som automatisk gjennomfører sikkerheitsstudiar
for legemiddel i svangerskapet. Vi må skreddarsy kvar enkelt studie til det
terapiområdet vi undersøker. Forskarar med kunnskap innan farmakologi,
fosterutvikling, epidemiologi og biostatistikk samarbeider tett, forklarar
Nordeng.
– Men vi har ei slags topp-ti-liste av
legemiddel vi ynskjer å undersøkja, der dei antimikrobielle legemiddel låg øvst
og NSAIDs er nummer to. Så held vi fram og jobbar oss nedover lista for å
fjerna usikkerheit rundt legemiddelbruk i svangerskapet, seier ho.