DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
I desse yrka er det risiko for å utvikle kols
I nokre yrke kan lufta innehalde stoff som kan vere skadeleg for lungene. Forskarar har undersøkt endring i lungefunksjonen over tid for ulike yrke i Noreg.
Anleggsbransjen er éin av bransjane der det er risiko for å puste inn støv, røyk, gass og damp.
(Illustrasjonsfoto: STAMI)
Å puste inn damp, støv, gass og røyk kan forårsake eller forverre symptom frå luftvegane og lungesjukdommar.
Til dømes viser utrekningar at om lag 15 prosent av tilfella av kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) kan ha samanheng med ein vert utsett for desse stoffa på jobb. Det er mogeleg å førebygge.
Forskarar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har nytta data frå den store folkestudien Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) for å undersøke samanhengen mellom yrke og nedgang i lungefunksjon. Dei har sett på dette hos 3.800 yrkesaktive vaksne i Noreg. Det var over ein periode på 11 år frå 2008 til 2019.
– Målet med studien var å identifisere yrkesgrupper i Noreg som framleis har auka risiko for redusert lungefunksjon. Dette er viktig for å treffe betre med førebyggjande tiltak i arbeidsmiljøet, fortel overlege og seniorforskar på STAMI, Lisa Aarhus.
Høgast risiko
I den yrkesaktive befolkninga rapporterte åtte prosent at dei hadde luftvegssymptom i samanheng med jobben.
Førekomsten var låg blant tilsette i kontoryrke og administrative stillingar. Her var det 6 prosent som hadde symptom. Men blant tilsette innan industri eller bransjar med høg del fagarbeidarar var det 14 prosent som rapporterte om luftvegssymptom.
I studien samanlikna forskarane nedgang i lungefunksjonen over tid for ulike yrke. Kontorarbeidsplassar vart brukt som referansegruppe.
Her fann dei at bønder, transportarbeidarar og operatørarar av anleggsmaskinar var yrkesgruppene som hadde ein større nedgang i lungefunksjon over elleve år samanlikna med kontorarbeidarar.
– I desse yrka bør ein sette i verk ekstra tiltak for å hindre arbeidsrelatert lungesjukdom, seier Aarhus.
Ho understrekar likevel at studien ikkje hadde nok deltakarar til å undersøke alle yrke. Det var først og fremst lungesjukdommen KOLS som vart studert i denne undersøkinga.
Skilnad mellom kvinner og menn
Lungefunksjonen vart målt med pusteprøva spirometri. Denne gir mål på volumet av luft ein person klarer å puste ut med kraft i løpet av det første sekundet av ei forsert utanding. Forsere betyr å anstrenge eller presse seg for mykje.
Studien viste at kvinner og menn hadde størst nedgang i lungefunksjon i ulike yrke.
Blant kvinner viste studien størst nedgang i lungefunksjon blant maskinoperatørar og operatørar i produksjon. Det var mellom anna i næringsmiddelindustrien.
Aarhus peikar på at det kan vere fleire grunnar til denne skilnaden mellom kjønna.
– Kvinner kan vere underrepresentert i relevante yrke og kan ha andre arbeidsoppgåver enn menn sjølv om dei har same yrke. Vidare kan det vere biologiske skilnadar, men dette kan ein ikkje vise i ein observasjonsstudie som denne, seier ho.
Førebygging har effekt
Sjølv om enkelte yrke framleis har høgare førekomst av luftvegssymptom, var det stort sett små skilnader mellom yrka.
Dette kan tyde på at det førebyggjande arbeidet i Noreg har effekt og motiverer for å halde fram med den viktige jobben.
– Tiltak for førebygging kan til dømes vere å erstatte skadelege stoff, utvikle betre produksjonsprosessar, bygningar og ventilasjon, og personleg pustevern, seier Aarhus.
Referanse:
Lisa Aarhus mfl.: Occupation and 11-year lung function decline in the HUNT Study. Occupational medicine, 2025. Doi.org/10.1093/occmed/kqae115
Les også disse sakene fra STAMI
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER