Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

I Forsvaret blir dei fleste blir pensjonerte ved fylte 58 år. Da er det ikkje rom for fleire lange permisjonar eller reduserte stillingar om ein vil nå toppen.

Kan moderne familieliv og en karriere i Forsvaret kombineres?

Pendling, fravær og usikre arbeidshverdager frustrerer forsvarsfamilier. Skreddersøm av karrierer og større fleksibilitet vil gjøre hverdagene deres lettere, mener mange ansatte – og forskerne.

Operativt tilsette i Forsvaret med karriereambisjonar, og spesielt dei som deltek i utanlandsoperasjonar, blir vant til ein meiningsfull arbeidskvardag fylt av adrenalin.

– Dette er veldig stas i byrjinga med mange høve til å møtast og jobba saman, og til å erfara sterke, krevjande oppdrag saman, seier forskar Dag Ellingsen ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI på OsloMet.

Fleire melder at dei har vorte skilde eller opplevde samlivsbrot, og jobben får ofte mykje av skulda for det.

Forskar Dag Ellingsen

Men så, når tida kjem for å stifta familie, må dei vanskelege vala takast.

– Kor lenge skal dei utsetja å få barn? Kven skal få prioritera karrieren? Kan dei få bu og jobba på same stad? seier Ellingsen. 

Også i Forsvaret er mannsidealet i endring: Fleire unge menn i dag ønskjer eit tett forhold med dei små barna sine.

Harde forhandlingar før barn

Forskarar ved AFI har for tredje gong undersøkt familieliv og samliv i Forsvaret, samanfatta i rapporten Mellom familiens og Forsvarets krav

Dei fann også i år mykje frustrasjon både hos tilsette og partnarar.

Forskarane har denne gongen vore spesielt interessert i yrkespara. Det er dei para som har funne kvarandre under utdanning eller teneste. 

Blant dei kvinnelege offiserane som har svart på undersøkinga, har 70 prosent ein partnar som også er tilsett i Forsvaret.

Komprimert karriere

I Forsvaret har dei svært komprimerte karrierar – dei fleste blir pensjonerte ved fylte 58 år. 

Karrierebygginga må difor skje raskt, og det er ikkje rom for fleire lange permisjonar eller reduserte stillingar om ein vil nå toppen.

Mange offiserpar er samde om at dei må vente med å få barn i alle fall til etter at dei har teke på seg utanlandsoppdrag. 

– Så, når ungane kjem, blir det dobbelt opp med komplisert logistikk. Uvissa gjer det heile endå vanskelegare, seier forskar Dag Ellingsen.

Og para må for alvor ta stilling til kva karriere som skal utsetjast. Para forhandlar seg imellom, byter på og reduserer inntekt. 

– Dette krev eit robust parforhold. Han er ofte eldre, har komme lengre i karrieren og har betre inntekt – korleis unngå at han blir den som får gå først i løypa? spør Ellingsen.

Raske jobbskifte ein del av kulturen

Det er ein kultur for at fleksibilitet, mobilitet og vilje til å byta base og arbeidsstad ofte tel positivt ved forfremjingar.

– Karriere er knytt til raske jobbskift – det er ein del av kulturen. Den opphavlege karriereoffiseren var ein «gammaldags» mann, seier Ellingsen.

No er ikkje lenger han alltid hovudinntektskjelda, og lønningane hans ikkje like god relativt sett. Fleire av para som er intervjua, seier at all flyttinga kombinert med relativt låge lønningar samanlikna med det sivile, gjer at éin eller begge vurderer å slutta.

Ein av dei tilsette i Forsvaret som forskarane snakka med, sa følgjande:

«Uføreseieleg arbeidstid for to personar der det er barn involverte fungerer dårleg. Den eine parten må nedprioritera karrieren. Begge kan ikkje satsa. Ein kan byta på, men det vil ikkje fungera over tid. Hos oss har me begge søkt sivile jobbar, der den som får den beste jobben vil slutta. Hadde Forsvaret prioritert annleis, som tilrådd i alle år, så ville begge satsa på Forsvaret. Den søkkande lønna gjer at avstanden i økonomi til det sivile aukar for kvar dag.»

Uføreseielege kvardagar svært belastande for foreldre

Para seier at uvissa er det aller verste – det å ikkje vita kvar neste arbeidsplass blir, når dei skal flytta eller korleis nye sjefar og kollegaer er. Og tilhøyrande oppbrot og byte av miljø for barna.

– Fleire melder at dei har vorte skilde eller opplevde samlivsbrot. Jobben får ofte mykje av skulda for det, seier Ellingsen.

Ein av dei som er intervjua seier det slik:

«Ulempa er at totalbelastninga på familien er høg heile tida. Anten er ein av oss i sjefsteneste eller så er me deployert, eller så har me ganske mykje anna krevjande. Det er periodar der det berre er ein heime og den andre er borte så å seie heile tida. For å få ting til å gå rundt kan me aldri gjera ting saman.»

Ved oppdrag utanlands opplever familiane derimot meir ordna forhold.

Når oppdrag utanlands blir planlagt, får offiserane som regel beskjed god tid i forkant. Det blir avklart kor lenge dei skal vera borte, og familiane blir gjennomgåande godt varetekne. 

– Det er ordna former. Dei tilsette veit kva dei skal gjera lang tid i førevegen. Det er seremoniar og familiane heime får støtte og bistand, seier Ellingsen.

Mykje pendling og lite eigna bustader 

Mykje pendling er eit anna problem for dei som til dømes vekependlar mellom jobben i nord og familien lenger sør. Fleire foreslår å fordela denne belastninga på andre måtar. Ein seier det slik:

«Me må kunna ha høve til å ha nokre år innimellom der me har høve til å ha ein jobb i nærleiken av der me bur. Viss ikkje blir me slitne ut. Det er svært krevjande å pendla i seks–ti år i strekk som mange gjer i dag. Då ryk både ekteskap og psyke. Dette betyr òg at personell i Oslo òg må ta rundar andre stader slik at denne belastninga blir fordelt.»

Fleire skriv at det var krevjande å kombinera pendling med småbarnsperioden, som denne mannen med sivil partnar:

«Det var vanskeleg (å pendla) for det blir jo knytt mykje (relasjonelle) band i den perioden der, og ein pappaperm på ti veker hjelpte kanskje litt. Det har teke fire–fem år for at eg skal vera ein person som dotter mi går til for å få hjelp, for å viska ut det skiljet mellom mamma og pappa. Det har vore vanvitig tungt til tider. »

Og det kan gå svært hardt ut over partnarar slik ein av dei intervjua uttrykkjer det:

«Kona mi har (…) vorte ufør etter høg belastning knytt til eiga helse og omsorga ho har hatt for barna våre gjennom heile den yrkesaktive karrieren hennar.»

Bustadene blir beskrivne som ei anna utfordring.

– Dei ber ofte preg av å ha vore ungkarbustader, og dei er dårleg vedlikehaldne og ofte ikkje oppgraderte. Viss familiar skal halda fram med å flytta rundt, må bustadene bli betre, seier Ellingsen.

Skreddarsaum av karrierar må til

Forskarane ser nokre endringar, som mindre flytting, og at organiseringa av utanlandsopphald har betra seg vesentleg. Men pendlinga blir beskriven som eit større problem – para får det ofte ikkje til å stemma.

Nokre lokale leiarar får det likevel til og gir para noko fleksitid. 

Tilrådinga frå forskarane er at Forsvaret må jobba meir med skreddarsaum av karrierar og auka føreseielegheita for forsørgjarar.

Å planleggja karrierar med eit livsfaseperspektiv, og at fleire forsvarsbasar blir lagde til meir sentrale strøk, kan òg gjera livet enklare for forsvarsfamiliane.

– Den store diskusjonen blir kor langt ein kan strekka denne fleksibiliteten og tilrettelegginga utan at det øydelegg forsvarsevna, seier Ellingsen.

Referanse:

Hanne Heen, Dag Ellingsen og Ulla-Britt Lilleaas: Mellom familiens og Forsvarets krav. AFI-rapport;2023:01. Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet - storbyuniversitetet, 2023.

Powered by Labrador CMS