For å spare pengar har mange
arbeidsgjevarar gått bort frå kontor der ein sit åleine til større, opne
kontorlandskap.
Forskarane Therese Nitter Moazami (OsloMet) og Tom Sterud (STAMI) har sett på korleis ulike kontortypar påverkar inneklima og helse.
Resultata viser at tilsette i opne kontorlandskap oftare opplevde dårleg inneklima enn dei med eige kontor.
Verst var det i fleksible kontorlandskap. Det same gjaldt rom med over 24 personar.
Fleksible kontorlandskap er ein type kontor der tilsette ikkje har faste arbeidsplassar. I staden deler dei eit felles kontorareal med andre. Då finn dei seg ein ledig plass kvar gong dei kjem på jobb. Dette er også kjend som fritt seteval, fleksible arbeidsplassar eller «clean desk».
Fleire helseplager i
landskap
– Tørr luft, trekk
og dårleg ventilasjon var sterkt knytt til auka risiko for sjølvopplevde
luftvegsplager og hovudpine, fortel Therese Nitter Moazami.
Studien viser at dårleg inneklima kombinert
med kontorlandskap, førte til litt meir helseplager enn hos dei som sat på kontor
åleine, som også opplevde dårleg inneklima.
Forskarane
understrekar at kontorlandskap i seg sjølv ikkje fører til helseplager, men
inneklimaet er viktig.
Kvifor er inneklimaet
dårlegare i landskap?
Moazami meiner det
er fleire grunnar til at inneklimaet kan opplevast som dårlegare i opne
kontorlandskap. Som desse:
Meir
støy og mindre privatliv.
Manglande
høve til å justere temperatur, opne vindauge eller justere lys etter eigne
behov.
At dei
tilsette vert påverka av opplevingane til andre i opne kontorlandskap.
– Det er ofte mykje
vanskelegare å ventilere store rom enn små cellekontor. Dårleg ventilasjon kan
også auke risikoen for smittsame sjukdomar, seier Moazami.
Klimatiltak for å betre
arbeidsmiljøet
For å redusere
helseplager og betre inneklimaet i delte kontorløysingar, foreslår forskarane
fleire tiltak:
Sikre
god luftsirkulasjon og jamleg vedlikehald.
Tilgang
til justerbart lys, personlege vifter eller eigne stillerom.
Skjerming
mot trekk og fleksible sitjeplassar som kan betre komforten.
Forskarane
understrekar at kvar arbeidsplass må finne sine eigne løysingar. Utfordringane
varierer nemleg frå yrke til yrke.
Det er også verd å
merke seg: Når inneklimaet vert rekna
som godt, er skilnaden i helseplager mellom delte kontor og åleinekontor svært
liten.
Annonse
Meir individuell kontroll kan betre inneklimaet, og arbeidsmiljøet.(Foto: Therese Alice Sanne / VG / NTB)
Påminning om kor viktig
inneklimaet er
Studien viser kor
viktig godt inneklima er for helse og trivsel på arbeidsplassen.
Kontorlandskap kan spare
materiale og energi. Men dårleg inneklima kan også gje ekstra kostnader.
– Når tilsette har
god kontroll over inneklimaet og kan tilpasse arbeidsmiljøet, aukar trivselen
og produktiviteten, seier Moazami.
Ho meiner forskinga kan
gje innsikt til arbeidsgjevarar og arkitektar. Dei kan bruke kunnskapen til å
skape betre arbeidsplassar.
Ho legg til at lønn
ofte er den største utgifta. Redusert produktivitet og misnøye kan også koste. Ofte
er det dyrare enn det ein sparer på energi eller areal.
Studien analyserte
data frå 7968 norske kontorarbeidarar. Alle hadde minimum 50 prosent av
arbeidsdagen sin på kontor. Statistisk sentralbyrå samla inn data i 2016 og
2019.