Blåskjel i bur kan overvake miljøgifter
Blåskjel røper nivåa av miljøgifter der dei lever. Men kan blåskjel frå oppdrettsanlegg gjere same nytten?
Det er mai 2015, Kristiansand. I ein båt sit to forskarar med nokre svære bur og fleire tusen blåskjel, som dei har henta frå eit oppdrettsanlegg ved Lillesand. Båten set kurs utover Kristiansandsfjorden. Der set forskarane bura med blåskjel ut i fjorden att. Kvifor gjer dei dette?
Blåskjel. Den kulinariske muslingen som er så ettertrakta i suppeskåla, har heimstaden sin i fjøra, der han pumpar store mengder vatn over dei finforgreina gjellene sine. Blåskjela filtrerer vatnet for miljøgifter og planteplankton. Planktonet tek dei opp til næring, miljøgiftene lagrar dei i vevet.
Blåskjel som miljødetektivar
Den effektive filtreringa og lagringa av miljøgifter gjer at blåskjel er svært nyttig innan miljøovervaking – blåskjela er mest som miljødetektivar å rekne.
Men for å kunne seie noko sikkert om forureiningsnivået i vatnet treng ein mange blåskjel. Og å plukke store mengder blåskjel på plassar der dei knapt finst, er umogleg. Korleis kan ein løyse dette?
No eksperimenterer forskarane med blåskjel i bur: Kan innflyttar-skjel erstatte innfødde blåskjel i miljøovervakinga?
- Les også: Blåskjell kan avsløre sykdomsfare
Eit halvt år i bur
Det var dette forskarane frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) ville finne ut av denne maidagen for to år sidan.
Hamna i Kristiansand passa perfekt til eksperimentet: Mange år med metallindustri har forureina vatnet med nikkel, kopar og kobolt, i tillegg til dei organiske miljøgiftene PAH (polysykliske aromatiske hydrokarbon), PCB (polyklorerte bifenyler) og HCB (heksaklorbenzen).
Inst i hamna fanst det for to år sidan få blåskjel naturleg, men det var mange lenger ute i fjorden, ved Svensholmen. Både i hamna og ved Svensholmen sette forskarane ut ein svær rigg, kvar med 1000 reine blåskjel frå eit oppdrettsanlegg ved Lillesand.
– I fleire omgangar gjennom eit halvt år henta vi blåskjel frå dei to blåskjelbura utanfor Kristiansand og frå den naturlege bestanden ved Svensholmen, forklarar Merete Schøyen, NIVA-forskaren som var ansvarleg for blåskjeleksperimentet.
Blåskjela tok dei med til laben i Oslo for å samanlikne nivåa av miljøgifter.
35 gong så mykje nikkel
At vatnet utanfor Kristiansand var forureina, kunne hevast over all tvil då prøveresultata var klare. Etter eit halvt år i bur utanfor Kristiansand hadde nivåa av både metall, PAH-ar, PCB-ar og HCB-ar auka i blåskjela. I blåskjelburet nærmast hamna hadde nikkelnivåa auka med 35-gangen. Men det at hamna var forureina, var eigentleg ikkje så interessant for forskarane:
Dei tykte det var mest spanande å studere korleis nivåa av miljøgifter endra seg over tid og kor lang tid det tok før dei stabiliserte seg.
For viss blåskjel frå oppdrettsanlegg skal kunne nyttast i miljøovervaking, må forskarane vite kor lang tid det tek for miljøgiftene hopar seg opp i vevet deira.
- Les også: Miljøgifter kan hope seg opp i meitemark
Organiske miljøgifter auka saktare enn metall
– Det tok berre éin månad før metalla i oppdretts-blåskjela nådde dei same nivåa som i den naturlege bestanden ved Svensholmen, seier Schøyen og held fram:
– Men for dei organiske sambindingane tok det lengre tid å byggje opp tilsvarande konsentrasjonar som i dei innfødde blåskjela. Det galdt særleg dei største molekyla av organiske sambindingar. Då vi avslutta eksperimentet i november, var det framleis meir PAH og PCB i den naturlege bestanden ved Svensholmen enn i blåskjela vi hadde i bur.
Dette var eit viktig funn, for det seier noko om kor lang tid buret med blåskjel må vere sett ut i fjorden før miljøgiftnivåa skal samsvare med røynda for ulike grupper av miljøgifter. For bruk i miljøovervaking lyt metoden med blåskjel i bur helst vere så lite tidkrevjande som mogleg, og eit halvt år – eller kanskje fleire år – er ikkje tilfredsstillande.
Men forskarane meiner dei kan kome seg rundt problemet. Det kan nemleg vere mogleg å rekne ut konsentrasjonane i lokale blåskjel ved å ta prøver av bur-blåskjel, jamvel om dei har vore i fjorden berre ei kort tid. I slike berekningar nyttar forskarane avanserte, sokalla toksikokinetiske, modellar.
Utviklar ein nasjonal standard
Resultata frå blåskjeleksperimentet utanfor Kristiansand har bidrege til at NIVA-forskarane no har publisert to artiklar i det vitskapelege tidsskriftet Marine Environmental Research om korleis blåskjela kan nyttast til overvaking av vasskvaliteten i hamner og andre sjøområde.
Artiklane syner òg at vi treng meir kunnskap om naturlege, årlege variasjonar i miljøgiftkonsentrasjonar i blåskjel. Då vil overføringsverdien mellom forsøk med tamme og ville blåskjel vert betre. I dag er NIVA-forskarane i ferd med å utvikle ein nasjonal standard for overvaking av miljøgifter i blåskjel saman med Miljødirektoratet og Standard Norge.
Arbeidet har blitt finansiert av Noregs Forskingsråd gjennom NIVAs grunnbevilling, og Miljøforvaltninga gjennom Nasjonale Funksjoner-programmet.
- Les også: Miljøgifter setter seg i klærne
Referansar
Schøyen, M., Allan, I.J., Ruus, A., Håvardstun, J., Hjermann, D.Ø., Beyer, J. (2017) Comparison of caged and native blue mussels (Mytilus edulis spp.) for environmental monitoring of PAH, PCB and trace metals, Marine Environmental Research. http://dx.doi.org/10.1016/j.marenvres.2017.07.025.
Beyer, J., Green, N.W., Brooks, S., Allan, I.J., Ruus, A., Gomes, T., Bråte, I.L.N., Schøyen, M. (2017): Blue mussels (Mytilus edulis spp.) as sentinel organisms in coastal pollution monitoring: A review. Marine Environmental Research. (Sammendrag). http://dx.doi.org/10.1016/j.marenvres.2017.07.024
SE OGSÅ
-
Miljøgifter setter seg i klærne
-
Miljøgifter kan hope seg opp i meitemark
-
Meir miljøgifter i villaks enn i oppdrettslaks
-
Mindre havis betyr mer miljøgifter i isbjørn
-
Fjerner miljøgifter med alger
-
Finner miljøgifter i norske innsjøer
-
Fant miljøgifter i støvsugerposen
-
Blåskjellene på Svalbard kommer fra Middelhavet
-
Blåskjell er ikke altetende