Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ny metode måler overdosestoff etter eit dødsfall
No trengst det blod frå låret for å finna ut om ein avliden har teke ein overdose. Norske forskarar har vist at det finst fleire alternativ.
Alle sovnar ikkje like stille inn i senga heime eller under tilsyn på ein institusjon.
Når folk døyr i ulukker eller under
tilhøve der det er mistanke om overdosar, er det behov for å undersøkja kva den avlidne har teke og
kor mykje. Enten av lovlege legemiddel eller ulovlege rusmiddel.
– Gullstandarden er å ta blod frå blodårer i låret. Det vi kallar perifert blod, seier forskar Elisabeth Leere Øiestad. Analyse kan avgjera kor høg konsentrasjonen er av ulike stoff.
Dersom ikkje det er tilgjengeleg, går det an å bruka prøvemateriale frå andre delar av kroppen. Til dømes muskelvev.
– Men til no har dette berre vore brukt til å slå fast om vedkomande har eit stoff i kroppen eller ikkje. Ikkje til å fastsetja konsentrasjonen.
– Ved vevsanalysar kan vi med andre ord ikkje vita om personen har teke til dømes ein heil boks av eit innsovningsmiddel eller om det er teke som føreskrive og dødsårsaka er noko heilt anna.
Samanliknar blod, kroppsvæsker og vev
Øiestad er forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. I tillegg er ho forskar på Oslo universitetssjukehus. Der jobbar ho saman med syster si, Åse Marit Leere Øiestad, som òg er forskar.
– Vi brukar perifert blod når vi kan, men det er ikkje alltid vi kan få tak i det. Dersom kroppen har lege lenge utandørs og begynt å bli broten ned, eller etter ulukker der kroppen er så skamfaren at han er tappa for blod, ynskjer vi alternativ, seier Åse Marit.

– Derfor samanliknar vi det vi finn i blod, kroppsvæsker og vev frå andre stader i kroppen med perifert blod, for å undersøkja om vi kan fastslå kor mykje av ulike benzodiazepinar vedkomande tok før døden.
Same analyseprosess på alle prøvane
Dei fekk blod frå lik som alt var komne inn til Avdeling for rettsmedisinske fag for å få analysert dødsårsak. Blod kom frå ei vene i låret og frå hjarta (sentralt blod).
Samstundes blei det teken ein vevsprøve frå ein lårmuskel og ein av musklane i magen. I tillegg testa dei væske frå hjarteposen og augevæske. Det er væska auga er fylt med, og altså ikkje tårer.
– Vi la vekt på å ha så samanliknbare analysar som mogleg, slik at vi passa på å ta prøvar frå alle kjeldene hjå alle forsøkspersonane. Deretter køyrde vi nøyaktig dei same analyseprosessane på alle prøvane, fortel Åse Marit.
Ho fortel at dei samanlikna resultata med perifert blod. Det dei var opptekne av, var tilhøvet. Det trong ikkje nødvendigvis vera 1:1, altså at mengda benzodiazepinar var like høg i både blodet og vevsprøvane.
Dersom denne mengda alltid var om lag ein tredel så høg i vevsprøvane, til dømes, ville dei like fullt ha eit resultat som let seg samanlikna med prøvar frå blod ved å ganga opp.
Arbeider vidare med andre overdosestoff
Utfallet var oppløftande. Analysane kan tyda på at dei fleste alternativa kan fungera som erstatning for perifert blod.
Unntaket var augevæska, men ho hadde dei ikkje store forventingar til uansett. Konsentrasjonen av benzodiazepinar i augevæske er nemleg svært låg.
– Benzodiazepinar er mykje brukt over heile verda. Derfor er det eigentleg litt overraskande at vi er dei fyrste som har gjort ein så omfattande studie. Vi har med 109 tilfelle i studien vår. Andre studiar har berre hatt med eitt eller nokre få tilfelle, seier Elisabeth.
– Vi har ikkje fått oppdatert våre eigne retningslinjer på Avdeling for rettsmedisinske fag endå med desse resultata, men vi arbeider med det.
Det finst sjølvsagt ei rekkje andre substansar enn benzodiazepinar som folk kan ta overdose av, så denne studien er berre ein del av eit større prosjekt. Elisabeth og Åse Marit arbeider dermed vidare med liknande analysar for fleire av dei vanlegaste overdosestoffa.
Referanse:
Elisabeth Leere Øiestad mfl.: Comparative Study of Post-mortem Concentrations of Benzodiazepines and Z-Hypnotics in Several Different Matrices. Journal of Analytical Toxicology, 2023. Doi.org/10.1093/jat/bkac106
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER