Depresjon og angst kan føra til behov for antidepressive legemiddel. Nokre kvinner er gravide i denne perioden.
Stipendiat Alexis Carson ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo har sett på korleis bruken av antidepressiva i svangerskapet utviklar seg hjå kvinner som brukar slike medisinar for fyrste gong.
– Eg har brukt opplysningar frå den store MoBa-undersøkinga, og sett på bruken av antidepressiva hjå kvinner utan ein forhistorie med angst eller depresjon før svangerskapet, seier ho.
Ein knapp femtedel heldt fram
Forskarane identifiserte 1.879 gravide som
hadde ein episode med angst eller depresjon i svangerskapet, utan at dei hadde
hatt slike episodar i løpet av det siste året før svangerskapet.
Blant desse
gjekk dei vidare med 87 kvinner som starta behandling med antidepressiva i det
fyrste trimesteret, den fyrste tredjedelen, av svangerskapet.
– Vi veit at mange gravide avbryt medisinbruk under svangerskapet fordi dei er usikre på om det er trygt for fosteret, seier Alexis Carson.(Foto: UiO)
– Nesten halvparten avbraut behandlinga
etter kort tid, det vil seia innan det same trimesteret. Ein dryg tredjedel
avslutta medisineringa i det andre trimesteret, fortel Carson.
– Berre ein knapp femtedel heldt fram med
behandlinga gjennom heile svangerskapet.
Mange gravide avbryt medisinbruk
Carson har ingen opplysningar om kvifor
bruken av antidepressiva har blitt avslutta, berre at det har skjedd.
Ho
har ei mogleg forklaring på nokre av dei raske avslutningane:
– Det er jo sannsynleg at enkelte har
starta behandlinga så kort tid etter siste menstruasjon at dei ikkje har vore
klar over at dei har vore gravide. Så sluttar dei når dei blir klar over
graviditeten, seier Carson.
–
Vi veit jo at mange gravide avbryt medisinbruk under svangerskapet fordi dei er
usikre på om det er trygt for fosteret. Det gjeld mange fleire legemiddel enn
antidepressiva, og har nok spela ein rolle for mange av kvinnene i vår
undersøking óg.
Brukte mange nok legemiddel
Eit interessant funn var at kvinner som
brukte andre psykofarmaka, hyppigare avbraut bruken av antidepressiva.
– I denne studien har vi berre sett på
bruken av antidepressiva. Dermed veit vi ikkje om dei har avbrote behandlinga
med andre legemiddel – som for eksempel psykofarmaka – samstundes med at dei
slutta med antidepressiva, forklarar Carson.
– For det er óg mogleg at dei opplevde at
dei brukte mange nok legemiddel som det var, og ikkje ville leggja til eitt
til.
Meir tilbøyelege med forhistorie
Annonse
Eit anna funn som ikkje så lett let seg
forklara, ligg i gena til brukarane.
– Nokre menneske er meir genetisk
disponerte for å utvikla depresjon. Kvinnene som hadde denne disposisjonen,
avslutta hyppigare bruken av antidepressiva, utan at samanhengen er heilt
opplagt. Resultata var signifikante, men det må takast med at utvalet var lite,
seier Carson.
Ho samanlikna óg dei 87
fyrstegongsbrukarane med resten av gruppa på 1.879.
Då viste det seg at dei med
ein forhistorie med antidepressiva eller diagnose var meir tilbøyelege til å starta
behandling med antidepressiva i svangerskapet enn dei utan ein slik forhistorie.