– Så godt som alle politikarar i Norden seier ja til
kunstig intelligens. Men den politiske styringa bak utviklinga er svak. Kunstig
intelligens vert framstilt som løysinga på dei fleste problem, seier samfunnsforskar Frans af
Malmborg.
I den
ferske doktoravhandlinga si frå Universitetet i Agder har han undersøkt
korleis politikarar i Norden og EU snakkar og utviklar politikk om kunstig
intelligens (KI).
Konklusjonen er klar. Uavhengig av politisk parti
eller land er bodskapen den same: Vi treng meir kunstig intelligens.
– Politikarar ser på kunstig intelligens som ei
drivkraft for effektivitet og økonomisk vekst. Men eg finn nesten ingen som
stiller kritiske spørsmål, seier Malmborg.
Samfunnsforskar Frans af Malmborg har undersøkt korleis EU og nordiske land lagar politikk om kunstig intelligens.(Foto: Gro Anita Homme)
EU set dagsorden
Forskaren minner om at studien er gjennomført før
ChatGPT vart lansert i 2022. Etter den
tid har det kome fleire kritiske røyster.
– Studien viser at politikarar ser kunstig
intelligens som noko uunngåeleg. Det blir sett på som ei utvikling det ikkje er
mogleg å styre politisk. Dermed vert styringa overlaten til marknaden og
reguleringar frå EU.
Malmborg har sett på politiske dokument og debattar i
EU, Sverige, Noreg, Danmark og Finland. Han finn ein gjennomgåande tendens:
Landa tilpassar seg EUs politikk.
– EU har på si side henta forståinga si av KI frå ei
optimistisk forteljing om teknologi og kunstig intelligens som alle ser ut til
å vere samde i. EU byggjer politikken sin på ideen om at Europa ligg bak Kina
og USA, og at vi må satse stort for å ta igjen forspranget. Denne forteljinga
har fått fotfeste overalt, seier han.
Han viser til at både marknaden og næringslivet i
stor grad formar EUs retning. Slik vert politikken marknadsdriven, ikkje
statleg og politisk styrt.
– Det er ei slags overtru på at KI vil løyse det
meste, seier Malmborg.
Kopi av EU-politikk
I dei nordiske landa snakkar politikarane gjerne som
om dei har sin eigen KI-politikk. Men i realiteten er det meste kopiert frå EU,
ifølgje Malmborg.
– Det blir sjølvsagt tilpassa lokale forhold. I
Sverige blir utviklinga til dømes kopla tett til selskap som Volvo og Ikea. Men
sjølve grunnideen om at KI er positivt og nødvendig, vert delt av alle, seier
han.
Han har gått gjennom debattane i den svenske Riksdagen
frå 2016 til 2022. Der finn han få spor av usemje mellom dei ulike partia.
– Alle meiner det same: Meir KI er vegen framover.
Det finst nesten ingen stemmer som peikar på utfordringar med personvern,
arbeidsrettar eller klima, seier Malmborg.
Politiske forskjellar blir viska ut
Vanlegvis er det klare ideologiske skiljelinjer i
politiske spørsmål, til dømes om skatt. Men når det gjeld KI, er tonen ein
annan.
Annonse
– Sjølv om det finst nyansar i kva teknologien kan
brukast til, er alle samde om at vi treng meir av sjølve teknologien. Det er
oppsiktsvekkjande, seier Malmborg.
Han viser til eit døme frå Riksdagen: Ein liberal
politikar argumenterer for at KI skaper vekst, medan ein miljøpolitikar meiner
teknologien kan frigjere tid for arbeidstakarar. Begge ser positivt på
teknologien, berre med ulik grunngiving.
– Det illustrerer ein viktig forskjell i verdiar, men
ikkje i synet på teknologien i og for seg. Det er ei brei semje om at KI er
bra, seier Malmborg.
– Politikken sviktar ansvaret sitt
Malmborg meiner den teknologiske semja er
problematisk for demokratiet.
– Politikarar skal diskutere både fordelar og
ulemper. Når det gjeld kunstig intelligens, er det liten vilje til å
problematisere. Det gir svak styring og altfor stor makt til store
teknologiselskap, seier han.
Han seier tida er inne for å utvikle politiske
verktøy og ideologisk forståing for å møte dei utfordringane KI fører med seg.
Ikkje minst fordi teknologien endrar arbeidsmarknad, helsetenester og offentleg
sektor i rekordfart.
KI er ikkje berre teknologi
Malmborgs forsking viser at KI ikkje berre er ein
nøytral teknologi, men eit politisk prosjekt som byggjer på visse idear om
effektivitet, vekst og modernisering.
– Dette handlar om kva samfunn vi ønskjer oss. Når
alle parti er samde om meir KI, utan å diskutere kva det faktisk inneber,
mistar vi viktige politiske perspektiv, seier han.