Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Her er det dansen som skaper musikken

Ved hjelp av muskel- og bevegelsessensorar vert dansen omskapa til elektroniske lydar.

Med bind for augo må dansaren Katja Henriksen Schia stola på det øyro og kropen fortel henne.
Publisert

På ein scene sparsamt opplyst i blått vrir ein dansar på seg til vagt urovekkjande elektronisk musikk. Men det er ingen musikar som skapar lydane på ein synthesizer, og ho dansar heller ikkje til eit opptak. 

Det er bevegelsane til dansaren som skapar musikken.

Mannen bak prosjektet er Cagri Erdem, forskar ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo. 

– Vi har utvikla eit interaktivt system for samskaping av bevegelse og lyd. Ved hjelp av muskelsensorar og bevegelsessensorar vert dansen omdanna til elektroniske lydar, seier han.

Han utvikla fyrst stykket «Vrengt» som ein del av doktorgraden sin. Sjå video under:

Teknologien må tilpassast

For eit par år sidan utvikla han eit nytt stykke saman med den same dansaren, Katja Henriksen Schia. Arbeidet vart utført ved Bergen senter for elektronisk kunst.

– Dei siste tiåra har vi brukt teknologi og forsking til å laga musikk. No kan vi bruka musikk og kunst til å forska, seier Cagri Erdem.

– Det spesielle er at vi utviklar teknologien parallelt med det kunstnariske uttrykket. Det er ikkje slik at vi fyrst utviklar teknologien og etterpå kan kven som helst ta han i bruk. Teknologien er skreddarsydd til dette stykket, forklarar Erdem.

– Skal du bruka den same teknologien til eit anna stykke, må han tilpassast til det. Det blir nesten som om du måtte stemma om gitaren eller justera han på andre måtar for kvar ny song.

Brukar musikk til å forska

Han forklarar at dei brukar biologisk signal som muskelsamantrekningar, og dei endrar seg drastisk frå person til person.

– Så om nokon andre enn Katja skulle utføra verket, ville det kravd mykje tilpassing, seier Erdem.

– Faktisk endrar dei nevroelektriske signala hjå den same personen seg gjennom dagen. Det kan vera vel så utfordrande å kalibrera for. I forskingssamanheng kalibrerer vi med ein til to timars mellomrom, seier han.

Han har sjølv bakgrunn som musikar, og er oppteken av at kunst og forsking kan spela saman og gjera kvarandre rikare.

– Dei siste tiåra har vi brukt teknologi og forsking til å laga musikk. No kan vi bruka musikk og kunst til å forska, seier han.

Luftgitar som lagar lyd

– Dei ulike prosjekta mine ligg i grenseområdet mellom musikk og forsking. Nokre er nærare det kunstnarlege, andre ligg nærare forskinga, seier Erdem.

Eitt av prosjekta som ligg nærare forskinga, kan ein sjå i videoen nedanfor. Det kan sjå ut som draumen til ein headbanger: ein luftgitar som lagar lyd.

– Det ser kanskje litt kuriøst ut, men kollegar i forskargruppa mi på Institutt for informatikk forskar faktisk på moglegheitene for å ta i bruk liknande teknologi for å utføra fjernstyrte operasjonar, seier han.

– Så her er det ikkje det musikalske som er målet, men det vitskaplege.

Referanse:

Çağrı Erdem & Katja Henriksen Schia: From Knobs to Whole Body: Dance with FeedbackArtsIT, Interactivity and Game Creation, 2025. Doi.org/10.1007/978-3-031-97257-7_3

Powered by Labrador CMS