Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Meteorologisk institutt - les mer.

Juli enda 2,8 grader over normalen

Hetebølger, tropedagar og unormalt høge temperaturar. Juli er den tredje varmaste registrert i Noreg.

Juli 2025 var til dels usedvanleg varm. Bilete frå Lier kommune.
Publisert

For heile landet enda månaden 2,8 grader over normalen. Det gjer årets juli til den tredje varmaste i ein måleserie som går attende til 1901. 

– Den usedvanleg varme perioden me hadde i delar av juli gjorde at månaden vart blant dei aller varmaste me har registrert. Berre 2018 og 2014 var varmare, seier klimaforskar Reidun Gangstø. 

– Me må førebu oss på at dette kjem til å skje oftare i framtida, sier klimaforskar Reidun Gangstø.

Alle fylke fekk hetebølge 

Totalt var det meir enn 140 stasjonar som registrerte hetebølge. Av dei var det om lag 28 som hadde 30 grader minst fem dagar på rad. Alle fylke i Noreg hadde stasjonar som registrerte minst 30 grader og hetebølge i løpet av månaden. 

– Me må førebu oss på at dette kjem til å skje oftare i framtida. Då blir det veldig viktig å setje søkjelys på klimatilpassing og å kutte utslepp, seier Gangstø.

 Temperaturen under den varmaste 14-dagersperioden i juli er den desidert høgaste som er registrert for Noreg. Det skjedde mellom 12. og 25. juli og prega alle landsdelar. 

– Lengda på perioden og dei høge temperaturane gjennom døgnet i alle delar av landet var veldig spesielt denne gongen. Denne type varmeperiodar har vorte meir sannsynleg med klimaendringane, seier klimaforskar Ketil Isaksen.

Grafen syner dei ti varmaste 14-dagarsperiodane i Noreg. Datasettet går attende til 1957.

Andre rekordar: 

  • Det vart sett 27 rekordar for maksimumstemperatur, samt to tangeringar, og 27 rekordar for høg snittemperatur, samt tre tangeringar i juli.
  • I Evenstad i Stor-Elvdal vart den lengste, samanhengande hetebølga registrert. Der var det 15 dagar på rad målt minst 27 grader mellom 11. og 25. juli. 
  • Namsskogan og Gartland har sett rekord for lengste samanhengande periode med tropedagar med 13 dagar. Det vil seia ein maksimumstemperatur på minst 30 grader. Den gamle rekorden var på 12 dager og vart sett i Nesbyen. 
  • Færder fyr sette natt til 27. juli rekord for lengste samanhengande periode med tropenetter. Det vil seia netter der minimumstemperaturen ikkje går under 20 grader. Ny rekord er ti dagar, den gamle rekorden frå 2014 var på ni dagar.

Nest varmaste juli i Trøndelag og Møre og Romsdal

Alle fylke, med unntak av Troms og Finnmark, hadde blant dei 7. varmaste julimånader som er målt. 

I Trøndelag og Møre og Romsdal vart juli den nest varmaste som er målt. I Trøndelag var middeltemperaturen 3,8 grader over normalen, medan den i Møre og Romsdal enda 3,6 grader over normalen. 

– Vi må tilbake til 1901 for å finne ein julimånad som var varmere i Møre og Romsdal, altså er det 124 år sidan sist, forklarar Gangstø. 

Dei varmaste stasjonane var

  • Oslo - Bygdøy II (Oslo, Oslo) 20.9 °C (ingen normal enno)
  • Oslo - Hovin (Oslo, Oslo) 20.7 °C (3.2 over normalen)
  • Oslo - Blindern (Oslo, Oslo) 20.7 °C (3.0 over normalen)

Dei kaldaste stasjonane var

  • Sisovatnet (Sørfold, Nordland) 7.6 °C (1.4 °C under normalen)
  • Folgefonna Skisenter Topp (Ullensvang, Vestland) 7.8 °C (1.0 over normalen)
  • Juvflye (Lom, Innlandet) 8.3 °C (ingen normal enno)
Kartet syner lufttemperatur for juli 2025.

Fell 20 prosent mindre nedbør

Det fell 20 prosent mindre nedbør enn normalt, som gjer månaden til den 32. tørraste i måleserien som går attende til 1901. 

Det vart sett tre stasjonsrekordar for høg døgnnedbør, ein rekord for høg månadsnedbør og ni rekordar for låg totalnedbør for juli. 

Dei våtaste stasjonane var:

  • Plassen (Trysil, Innlandet) 190.1 mm (107 prosent meir nedbør enn normalt)
  • Lifjell - Øysteinnatten (Midt-Telemark, Telemark) 175.6 mm (13 prosent mindre nedbør enn normalt)
  • Konnerud (Drammen, Buskerud) 175.3 mm (86 prosent meir nedbør enn normalt)
Kartet syner kor mykje nedbør som fell juli 2025.

Dei tørraste stasjonane var

  • Grodås (Volda, Møre og Romsdal) 4.9 mm (ingen normal enno)
  • Bjorli (Lesja, Innlandet) 5.0 mm (92 prosent mindre nedbør enn normalt)
  • Bodø VI (Bodø, Nordland) 10.0 mm (85 prosent mindre nedbør enn normalt)

Heile månadsrapporten finn du på met.no. Sjå rekordtabellen bakarst i rapporten. 



Powered by Labrador CMS