Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Her trivst gulrøtene best

Nye trivselskart for fleire grønsaker gir eit eintydig positivt svar.

Knut Finne er småskalaprodusent og importør av økologiske grønsakar, frukt og bær. Her gjer han klar lauk og purre før dei skal pakkast og køyrast ut til kundar på Voss og i Bergen.
Publisert

Et meir grønt, seier dei nye kostråda. Dyrk meir grønt seier den siste landbruksmeldinga. 

Men lar det seg gjera i praksis? 

I sommar vart det publisert nye og detaljerte kart over kvar i landet det er mogleg å dyrka gulrot, bøner og salat. 

Dei syner at mykje areal som vert nytta til korn- og grasproduksjon i dag, er godt eigna for grønsaksproduksjon.

Grønsaksbonde mot straumen

Knut Finne er økologisk frukt- og grønsaksbonde på Voss i Vestland. Her har det vorte dyrka frukt og grønt i fleire generasjonar. 

I tillegg til eigen produksjon på heimegarden, har Finnegarden samarbeid med andre produsentar lokalt, regionalt og på Austlandet. 

Det han ikkje får tak i her i landet, vert importert. Varene vert pakka og levert direkte til om lag 100 privatkundar i Voss og Bergen. I tillegg leverer dei varer til restaurantar og butikkar.

Berre tre til fire små grøntprodusentar att

 – For eit par generasjonar sidan vart det dyrka frukt og grønt på mange gardar her på Voss. Nokre dyrka berre til eige bruk, andre for å selja, seier Finne.

– Då Vossabanen vart utbygd i 1880-åra fekk, bygda lett tilgang til marknadene i Bergen, og det fekk fart i produksjonen. Men – no er det berre tre til fire små grøntprodusentar att, fortel han.

Finne held fram med å skildra dei store endringane som skjedde etter krigen, der småskalaproduksjon av grønsaker over heile landet vart bytta ut med storskalaproduksjon i nokre få område.

Ein del av grønsakshagen til Knut Finne. Han har fleire tilsette som hjelper til med dyrking, pakking og utkøyring.

Grønsakskart syner nye moglegheiter

Nye moglegheitskart for dyrking av gulrot, salat og bøner bekreftar det Finne fortel. Mykje av Voss har gode veksttilhøve for grøntproduksjon, sjølv om berre 14 av dei nesten 39.000 dekarane med fulldyrka jord der vart nytta til grønsaksproduksjon i fjor. Resten vart nytta til gras.

Siri Svendgård-Stokke er avdelingsleiar i NIBIO, og ansvarleg for det nasjonale programmet for jordkartlegging. Ho har leia arbeidet med å utvikla moglegheitskart for om lag 60 prosent av fulldyrka jordbruksareal i Noreg.

Arbeidet med moglegheitskart for grønsaker starta for mange år sidan. Meir grovmaska kart for femten ulike grønsaker har funnest i NIBIO sin kartportal, Kilden, i meir enn ti år. 

– Karta for gulrot, bøner og salat er ei kraftig forbetring av desse karta, og gir eit meir realistisk bilete av dyrkingspotensialet, forklarar Svendgård-Stokke.

Den mørkegrøne farga på kartet syner at Voss har eit klima som høver for dyrking av gulrot. Areala med gule skråstrekar er areal der jordtilhøva ikkje er optimale.

– No er dei nye karta tilgjengelege for alle som ynskjer å sjå, seier ho nøgd.

Moglegheitskartet for bøner syner at Voss ikkje har ideelle tilhøve for denne veksten, men ein varm sommar har syrgja for at sjølv bønene veks bra på Finnegarden.

Kvar trivst grønsakene best?

For å få betre kart, har ulike fagpersonar bidratt med kvar sine ingrediensar: Skildring av vekstkrava til dei ulike grønsakene, ein detaljert terrengmodell, oppdaterte klimadata og detaljert informasjon om jordtilhøve. 

Detaljert jordinformasjon finst berre der fulldyrka jordbruksareal har vorte jordsmonnkartlagt.

For om lag 60 prosent av den fulldyrka jorda i Noreg, har me informasjon om ei rekkje viktige jordeigenskapar. Det er berre for desse areala at grønsakskarta er tilgjengelege. 

Etter kvart som meir areal vert kartlagt, vil karta verta tilgjengelege for stadig større område, forklarar Svendgård-Stokke.

– I dei nye karta har me nytta meir detaljert informasjon om jorda enn i tidlegare kart, og betre data om vêret. Betre data gir betre treffsikkerheit, seier ho.

Dette er dei mest detaljerte karta som finst i Noreg for å visa dei naturlege dyrkingstilhøva for gulrot, bøner og salat. 

Dei gir eit godt kunnskapsgrunnlag for heile verdikjeda i grøntsektoren, frå idé om dyrking på åker, via leveringskjede til butikkhylle, seier ho.

Få fram dei eigenskapane som tyder mest

I tillegg til dei generelle moglegheitskarta for grønsaker, er det mogleg å sjå spesifikke eigenskapar ved jorda. Då kan ein finna fram til nett dei areala ein sjølv meiner er best eigna. Eigenskapane vert vist som skravering eller med farge.

– Me har snakt med grønsaksbønder mange ulike stader i landet og funne ut at ikkje alle er opptekne av dei same avgrensingane. Til dømes er bønder i nokre landsdelar opptekne av steinfri jord, mens andre ikkje ser på steininnhald som ei like stor hindring, forklarar Svendgård-Stokke.

I dei nye grønsakskarta kan ein få utheva areal med jord som treng dreneringstiltak, jord som har mykje stein eller lita jorddjupne. Kartet kan og syna kvar det er myrjord. 

Nye kart syner at ein kan mangedobla grønsaksproduksjonen.

– Me har dessutan gjort det mogleg å sjå kor bratt terrenget er, og om areala vert oppstykka av fjellknausar, fortel Svendgård-Stokke vidare.

Store moglegheiter for auka produksjon

Analysar som er utført på grunnlag av dei nye karta, gir informasjon om kor store areal som er eigna for grønsaksdyrking dersom ein berre tek omsyn til jord og klima.

Analysane er utført for over fem millionar dekar fulldyrka jord. Kontrasten er stor mellom størrelsen på dagens grønsaksareal og mogleg areal ut frå veksttilhøve.

I dag vert det berre dyrka grønsaker på om lag 70.000 dekar i Noreg. Det er berre 0,8 prosent av det totale fulldyrka arealet. 

– Dei nye karta syner at om me berre ser på veksttilhøve, kan ein mangedobla grønsaksproduksjonen, seier Svendgård-Stokke.

Bøner er ein vekst som set store krav til temperatur og lengd på vekstsesongen. Dei nye karta syner at over 600.000 dekar har gode naturlege vekstvilkår for bøner – ut ifrå dei føresetnadene som er lagt inn i modellen bak karta. 

– Det er veldig verdifullt at me no har detaljerte kart som syner potensialet for norsk grøntproduksjon. No må me jobba vidare med å motivera til sunnare, meir grønsaksbasert kosthald, fortel NIBIO-forskar Anna Birgitte Milford.

Det er nært ti gonger så mykje som det arealet me nyttar til all grønsaksproduksjon på friland i dag. Trekk ein frå bratt areal eller areal med mykje stein og grus, minkar talet på eigna areal. Ein må og sjå på storleiken til areala. 

– Små og avsidesliggjande areal er ikkje eigna for lønsam storskalaproduksjon. Men sjølv om ein tek omsyn til dette, er det store område som kunne vore nytta til grønsaksproduksjon som i dag vert nytta til korn og gras, seier Svendgård-Stokke. 

Marknaden er den største flaskehalsen 

Når det finst så mykje eigna grønsaksareal, er det naturleg å spørja kvifor det ikkje vert dyrka meir grønsaker i Noreg. Svaret er både enkelt og komplisert. Lønsam produksjon krev ikkje berre gode veksttilhøve. Nokon må kjøpa grønsakene.

Anna Milford er forskar i NIBIO og har forska mykje på marknad og kundepreferansar.

– Per i dag er det ikkje noko problem for dei som allereie driv med produksjon av grønsaker å levera meir dersom etterspurnaden skulle auka, seier ho.

Salatdyrking på Finnegarden i Voss.

Med andre ord er ikkje dyrkingstilhøve den største flaskehalsen for auka grønsaksdyrking i Noreg, men marknaden.

– Det er veldig verdifullt at me no har detaljerte kart som syner potensialet for norsk grøntproduksjon, seier Milford.

– No må me jobba vidare med å motivera til sunnare, meir grønsaksbasert kosthald. Me må òg finna løysingar på andre flaskehalsar i marknaden. Fyrst då kan me nå måla om auka forbruk og sjølvforsyning av grønsaker i Noreg, understrekar ho.

Tilbake til Voss

Knut Finne har funne sin eigen veg til marknaden. Då han starta opp for 31 år sidan, bygde han opp ein heilt ny salskanal blant privatkundar, butikkar og restaurantar som var interesserte i økologiske varer med høg kvalitet.

– Så seint som på 1980-talet kunne far min levera mindre mengder grønsaker til Gartnerhallen, som då hadde eit lokalt mottak på Voss. No finst det berre ein handfull grossistar som krev at ein leverer store parti om dei skal ta imot, og småprodusentar må satsa på direktesal, seier han.

– Før hadde folk dessutan lagermoglegheit. Om hausten selte bestefar min sekkar med potet og kålrot til folk som skulle ha vinterforsyning. No vil folk ha 1,5 kg potet av gongen slik at dei får lukka att kjøleskapsdøra, seier Finne.

Dei fleste vil ha det same utvalet til alle årstider. Difor byrja han med import. Finne er likevel tydeleg på at han helst vil selja norsk.

– Me er avhengige av kundane. Bestefar min pleia å seia at ein bonde kan tåla eitt og anna år med avlingssvikt. Det han ikkje kan leva med, er å ikkje få omsett varene han dyrkar fram, seier Finne.

Referanse:

Siri Svendgård-Stokke mfl.: Naturlige betingelser for grønnsaksdyrking, status på dyrking og bærekraft på gårdsnivå. NIBIO rapport, 2025.

GreenRoad-prosjektet

Dei tre moglegheitskarta for grønsaker har vorte utvikla i eit stort samarbeidsprosjekt som heiter «GreenRoad», på norsk: «Veivalg». Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar, rådgjevarar, landbruksnæring og grossistar. 

Hovudmålet er å levera kunnskap og løysingar for auka verdiskaping og berekraft i den norske grøntsektoren.

I «kartdelen» av prosjektet har det og vorte utarbeida kart som syner dagens utbreiing av grønsaksdyrking, og kvar det er størst moglegheit for å starta opp grønsaksdyrking i framtida. 

Grønsakskarta har vorte utvikla i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving og Meteorologisk institutt. BAMA Gruppen AS, Gartnerhallen AS og Felleskjøpet har og vore med og gitt innspel til arbeidet.

Powered by Labrador CMS