Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Vi må tenke nytt om kva som er trygt når det gjeld foreldras alkoholbruk

Eit vanleg norsk drikkemønster aukar risikoen for at åtferda til foreldre påverkar barna deira negativt, viser ny studie.

Målet har vore å sjå nærmare på korleis alkoholkonsum, når det er barn til stades, endrar korleis du oppfører deg som forelder.
Publisert

– Kvar gong du drikk mykje, sjølv om du gjer det sjeldan, kan det påverke rolla di som forelder, seier forskar Barbara Carvalho.

Ho har leidd arbeidet med ein omfattande kunnskapsgjennomgang utført av forskarar ved Universitetet i Agder i samarbeid med Oxford Brookes University.

Forskarane har sett på 68 studiar publiserte mellom 1991 og i dag. 

Ein av konklusjonane er at det må bli forska meir på ikkje-avhengig alkoholbruk og utøving av foreldrerolla. 

Det er sannsynleg at åtferda til foreldre endrar seg når dei drikk, men vi veit lite om korleis denne endringa blir tolka av barn, forklarar Carvalho.

Når barn er eksponerte for denne åtferda, kan sjølv moderat inntak difor utgjere ein stor folkehelserisiko.

Ikkje foreldre med alkohol-lidingar som utgjer størst samfunnsskade

Forskar Barbara Carvalho håpar studien kan bidra til at fleire foreldre blir bevisste korleis alkoholvanane deira speler inn på familielivet.

– Samla sett er det ikkje foreldre med alkohol-lidingar som utgjer størst samfunnsskade. Dei fleste barn som blir påverka negativt av alkoholbruka til foreldra, har foreldre utan ein alkoholrelatert diagnose, seier Carvalho.

Gjennomgangen skil seg frå dei fleste andre studiar gjort på foreldre og alkohol, som ofte handlar om korleis bruken meir direkte påverkar barn.

Målet denne gongen har vore å sjå nærmare på korleis alkoholkonsum, når det er barn til stades, endrar korleis du oppfører deg som forelder. 

Det gjeld generell utøving av foreldrerolla, som kommunikasjon, teikn på varme og grensesetting, men også haldningane foreldra har til barnet sin eigen alkoholbruk.

Det finst inga trygg grense

Studien viser ein tydeleg samanheng mellom alkoholbruk og det forskarane kallar «svekka foreldrepraksis». 

Høgt alkoholinntak fører, kanskje ikkje overraskande, til auka risiko for strengare disiplin, konflikt, mindre merksemd og lågare kvalitet på relasjonen mellom forelder og barn.

– Det er ikkje automatisk slik at kvart enkelt vinglas eller kvar øl er farleg, men det er vanskeleg å sette ei trygg grense. Alkoholbruk påverkar kvar enkelt forelder, foreldrepraksis og barn på ulike måtar. Vi må tenke nytt om kva som er trygt, seier Carvalho.

Å forske på effekten av ikkje-avhengig drikking kan vere utfordrande

Desse tilfella er langt vanskelegare å identifisere fordi vi som samfunn ikkje er like klar over dei, forklarar forskaren.

– Det er eit problem fordi det kan eksistere ei rekke åtferdsmønster som vi ikkje er klare over. I tillegg er det vanskeleg å studera direkte, fordi det ville vore uetisk å skjenke foreldre for å sjå korleis dei oppfører seg med barna sine, seier Carvalho.

Ho understrekar at intensjonen hennar ikkje er å ta rolla som moralpoliti eller anbefale avhald. Målet er å setje lys på moglege konsekvensar.

Resultata lener seg i stor grad på funn frå vestlege land. Heile 53 av dei 68 studiane som er inkluderte i gjennomgangen stammar frå USA. 

Overføringsverdien på tvers av ulike kulturar for alkoholbruk og foreldrepraksis er derfor avgrensa. 

Nordmenn drikk meir når dei først drikk

Carvalho meiner likevel at funna knytte til ikkje-avhengig konsum er spesielt relevante her til lands.

– Nordmenn drikk sjeldnare samanlikna med dei fleste andre europeiske land, men dei drikk meir når dei først drikk. Det er framleis sterke normer knytt til drikke i helgane, eller når nordmenn skal markere noko.

Sjølv om yngre generasjonar av nordmenn drikk mindre, er det nettopp vanane knytt til høgt inntak når anledninga er der som gjer temaet relevant, meiner Carvalho. 

Forskaren håpar studien kan bidra til at fleire foreldre blir bevisste korleis alkoholvanane deira speler inn på familielivet.

– I norsk helseteneste legg dei vekt på førebyggande tiltak og tidleg inngripen. Difor er det allereie eit system for preventiv kommunikasjon og andre tiltak som gjer oss merksame på korleis norsk drikkekultur kan påverke korleis vi utøver foreldrerolla, seier ho.

Referanse:

Carvalho, B. O. mfl.: Associations Between Parental Alcohol Use and Parenting Practices: A Systematic Review. Behavioral Sciences, 2026.

Powered by Labrador CMS