Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Ny trend: Pårørande får oftare hovudrolla i litteraturen
Ny forsking viser korleis skjønnlitteraturen gir stemme til dei som lever i sjukdommens skugge.
Pårørande har lenge vore til stades i litteraturen, men ofte i bakgrunnen.(Illustrasjon: «Det syke barn», maleri av Edvard Munch, brukt som forsidebilde på bok om pårørendefortellinger)
– Det vi teier om,
snakkar litteraturen om. Her får dei tabuiserte tankane og kjenslene sleppe
til.
Det seier Nora Simonhjell, professor ved Universitetet i Agder.
Ho er redaktør for artikkelsamlinga I skyggen av sykdom, saman med Linda Nesby og Ingri Løkholm Ramberg frå UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø.
Boka er den første nordiske samlinga med litteraturvitskaplege studiar av pårørande i skjønnlitteratur og film.
UiA-professor Nora Simonhjell står bak den første nordiske boka med litteraturvitskaplege studiar av pårørande i skjønnlitteratur og film. Dei to andre redaktørane er Linda Nesby og Ingri Løkholm Ramberg frå UiA Noregs arktiske universitet, Tromsø.(Foto: Privat)
Boka inneheld 15 artiklar frå norske, svenske og danske forskarar. I tillegg bidreg Olaug Nilsen – som har skrive fleire pårørandebøker og mellom anna fått Fritt Ords pris for det – med eit essay sett frå forfattarens side.
– Vi ser no på forteljingar om pårørande som ein eigen sjanger, seier Simonhjell.
Sjangeren vert kalla pårørande-forteljingar, men namn som lidingshistorie (patografi) og omsorgshistorie (curografi) vert òg brukte.
Den pårørande oftare i
hovudrolla
Pårørande har lenge vore
til stades i litteraturen, men ofte i bakgrunnen. I dag får dei oftare hovudrolla.
Simonhjell peiker på
bølgja av bøker med sjølvbiografiske trekk som ein viktig grunn.
– Karl Ove Knausgårds roman
Om Våren er eit døme. Slike bøker har gjort det vanlegare å skrive ut
frå eigne erfaringar, også som pårørande, seier Simonhjell.
Dette har ført til nye
perspektiv, både i litteraturen og forskinga.
– Når kunsten skiftar
perspektiv, gjer forskinga det same. Nye innsikter gir oss nye måtar å lese
også eldre litteratur på, seier Simonhjell.
Redaktørane peiker i
innleiinga si på at tematikken også finst i Henrik Ibsens Gengangere (1881).
Det er elles nyare
forteljingar i dikt, romanar og filmmanus som vert granska i denne boka.
Fellesnemnaren er
skildringar av livet tett på sjukdom eller personar med nedsette
funksjonsevner, sett frå ståstaden til den som står ved sida av.
Frå den sjuke til den
pårørande
Frå slutten av 1990-åra vaks det fram eit stort
internasjonalt forskingsfelt om litteratur og sjukdom der ein var mest oppteken
av forteljingane om sjukdom og pasientane.
Annonse
No er interessa også retta
mot dei som står pasienten nær. Forteljingane handlar om forholdet mellom
pasient og pårørande, og om dei ulike rollene og oppgåvene den pårørande kan
ha.
– Den
pårørande skal støtte og hjelpe, men kan også kjenne på avmakt, utmatting og
motvilje. Det er ofte desse motstridande kjenslene litteraturen fangar opp,
seier Simonhjell.
Mange
av bøkene tek opp moralske dilemma. Kven har rett til å fortelje om ein annan?
Kan du fortelje om ein sjuk forelder, eit barn med funksjonsnedsetting eller
ein partnar med demens?
– Forteljarposisjonen er
sårbar. Den pårørande krev plass i ei forteljing der det vanlegvis er den sjuke
det er synd på. Det er nytt at litteraturen gir denne posisjonen legitimitet,
seier Simonhjell.
Boken I skyggen av sykdom. Skandinaviske pårørendefortellinger.(Scandinavian Academic Press / Forente Forlag)
Sentrale forfattarar skriv om pårørande
Ei rekkje sentrale forfattarar frå Skandinavia skriv bøker der tematikken er svært tydeleg, fortel Simonhjell. Det gjeld til dømes Helle Helle og Naja Marie Aidt frå Danmark, og Sara Stridsberg og nobelprisvinnar i litteratur Tomas Tranströmer frå Sverige.
Frå Noreg er Cecilie Enger, Rune Christiansen og Hanne Ørstavik døme. Mest kjent er nok Engers Mors gaver (2013).
– Rune Christiansen skriv både romanar og dikt med ein klar pårørande- og omsorgstematikk. På same måten som Enger, er han oppteken av demensutfordringar og den kollektive sida av sjukdomen, seier Simonhjell.
Ho viser til diktet «Sad is the way i feel», der Rune Christiansen skriv om ein son som besøker mora si:
– Hun spør meg hvem jeg er. Jeg svarer at jeg er sønnen hennes. Et av disse øyeblikkene da det selvfølgelig er utenfor rekkevidde. Hun sier jeg har vokst. Hvem er du? gjentar hun. (Frå diktboka Jeg går i sorg, 2022).
– Diktet viser korleis skjønnlitterære tekstar kan spisse ein situasjon, og med veldig enkle grep synleggjere det som står på spel og dei mellommenneskelege konsekvensane av forholdet pårørande og pasient, seier Simonhjell.
Kunnskap og litteratur vi
kjenner oss igjen i
Annonse
Simonhjell seier litteraturen både kan gi
gjenkjenning og utfordre lesaren.
– Denne litteraturen anerkjenner vanskeleg kjensler som
mange pårørande kan ha. Samtidig kan han få oss til å tenkje nytt. Han
menneskeleggjer både pasient og pårørande, og gjer dei til meir enn berre rollene
sine.
Fleire av bøkene har ifølgje Simonhjell utvida den
allmenne forståinga av å vere pårørande. Ho nøler ikkje med å kalle
litteraturen både politisk og samfunnsnyttig.
– Verken litteraturen
eller forskinga på han handlar om gjere seg nyttig. Det handlar heller om å
erkjenne at litteraturen allereie er nyttig, både som kunnskapskjelde, identitetsarbeid
og utgangspunkt for refleksjon, seier ho.
I dag er det dessutan større
rom for å sjå litteraturen i samspel med samfunnet. Men det betyr ikkje at analysar
av språk og estetikk er sett til sides.
–
Litteraturvitskap handlar framleis om å nærlese. Vi granskar form og
verkemiddel. Det er teksten sjølv og måten han er utforma på som gir oss
innsikt om pårørande og samfunn, seier Simonhjell.
Helse er i tida
Diskusjonar om helse og
omsorg pregar i dag samfunnsdebatten. Og i den debatten har litteraturen for
lengst meldt seg på ifølgje forskaren.
– Det er sagt at pårørande
er ein berebjelke i velferdssamfunnet, og desse erfaringane vert no løfta fram
i litteraturen, seier Simonhjell.
Strategien frå regjeringa
i dokumentet «Vi – de pårørende» (2021-2025) peikar i same retning.
Simonhjell håper den nye
artikkelsamlinga vert lesen også utanfor akademia.
– Dette handlar om levde
liv. Om vanlege menneske. Det angår oss alle, seier ho.
Annonse
Arbeidet i boka er knytt til den tverrfaglege forskingsgruppa Health, Art and Society (HAS) som arbeider med humanistisk helse- og omsorgsforsking og medisinsk humaniora.