Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Foreldre mistar oversikta når tenåringen fyller 16 år

Når ungdomar fyller 16 år, har ikkje foreldre lenger tilgang til helseinformasjonen deira. Det kjem brått på for mange.

Å styrke tenåringsforeldres helsekompetanse kan bidra til at ungdomen blir tryggare og meir kompetente i å handtere eiga helse, ifølgje ein ny studie.
Publisert

– Foreldre til tenåringar er engasjerte og vil gjerne støtte barna sine med helseutfordringar. Men når barnet fyller 16 år, skjer det juridiske endringar som mange ikkje er førebudde på, seier Hilde E. Timenes Mikkelsen frå Universitetet i Agder (UiA).

Saman med andre forskarar frå UiA og Oslomet har Mikkelsen undersøkt korleis tenåringsforeldre handterte overgangen når ungdommen fyller 16 år. 

15 foreldre med barn mellom 16 og 19 år er intervjua. 

Ungdom blir sjølv ansvarleg for å logge inn

I Noreg får ungdom frå 16 år sjølv bestemme over eiga helseinformasjon. Foreldra mistar då automatisk tilgang til ungdomens helseopplysningar. 

– Når dei blir 16 år finst dei ikkje lenger i foreldras Helse Norge-app. Dei blir sjølv ansvarleg for å logge inn, ordne legeavtalar og hente ut eiga medisin på apotek, forklarar ho. 

Foreldra beskriv også korleis ungdom kan starte på medisinar med betydelege biverknadar utan at foreldra får moglegheit til å rettleie dei, seier forskar Hilde E. Timenes Mikkelsen ved UiA.

Mange av foreldra opplevde det krevjande å miste full oversikt over helsa til ungdomen. 

Dei saknar tydelegare informasjon om dei juridiske endringane og ønsker betre rettleiing i korleis dei kan støtte ungdomen viss det oppstår helseutfordringar. 

Mange treng framleis rettleiing og støtte

For ungdomen er åra frå 16 til 19 år ein periode der dei tar stadig større ansvar for eiga helse. Men mange treng framleis rettleiing og støtte. 

I studien kjem det fram at foreldre sleit med å finne ein god balanse mellom å respektere ungdomens sjølvstende samstundes som dei ville sikre at ungdomen tok gode helseval.

– Dei opplevde det vanskeleg å vite kor grensa går, og var redde for å ikkje få informasjon om alvorlege helseutfordringar som kan oppstå i ungdomstida, til dømes med prevensjon og biverknadar, abort eller innleggingar på akuttmottaket, seier Mikkelsen. 

Foreldra beskriv også korleis ungdom kan starte på medisinar med betydelege biverknadar utan at foreldra får moglegheit til å rettleie dei. 

Digital navigering er vanskeleg

Foreldra i studien blei óg spurt om si eiga evne til å oppsøkje påliteleg helseinformasjon. 

Mange av foreldra kjente seg trygge på dette området, men opplevde samstundes utfordringar med å skilje mellom truverdig og upåliteleg informasjon på nett. Dette gjaldt særleg nye eller komplekse tema som nye vaksinar. 

Mange foreldre mangla kunnskap om korleis dei skulle forhalda seg til sosiale media, samfunnspress og psykisk helse hos ungdom.

– Det er ein ting å vite kva som er sunt, men noko heilt anna å formidle dette til ungdomen på ein måte som faktisk påverkar valet deira, seier Mikkelsen.

Sjølv foreldre med høg utdanning og erfaring frå helsesektoren opplevde at det digitale var vanskeleg. 

– Trendar på TikTok går så fort at foreldre slit med å henge med. Dette gjer det vanskeleg å gi ungdomen gode råd, seier ho. 

Fleire av foreldra kjente på skam

Fleire av foreldra kjente på skam om ungdomen deira hadde utfordringar. Det følte di ikkje meistra foreldrerolla. 

Denne skamma mente dei at var meir utbreidd relatert til utfordingar med tenåringar enn med små barn.

– Det er lett å snakke med andre foreldre om ein 2-åring som slår seg vrang eller nektar å gå i barnehagen. Men om 16-17-åringen ikkje vil gå på skulen eller slitar med å få vener, kjenner foreldre seg meir mislykka, seier Mikkelsen. 

Foreldra uttrykte óg eit ønske om meir kunnskap om kva som skjer i tenåringshjernen, og ønskte meir rettleiing i korleis dei kan stå støtt i denne perioden.

– Her meiner vi at skulehelsetenesta har ein gyllen moglegheit for å sette det på dagsordenen. Særleg i 10. klasse før ungdomen fyller 16 år. Det kan vere så enkelt som enkle sjekklistar eller samtaleguidar for vanlege ungdomstema. I tillegg til skulebaserte informasjonsmøte ved viktige overgangar, seier Mikkelsen.

Referanse:

Hilde E. Timenes Mikkelsen mfl.: Parental health literacy in parents of adolescents aged 16–19: a qualitative studyBMC Public Health, 2026. Doi.org/10.1186/s12889-026-26471-9  

Praktiske råd til foreldre

  • Snakk med ungdommen om kva som skjer når dei fyller 16 år.
  • Fortel kor dei kan søkja hjelp: fastlege, helsesjukepleiar, helsestasjon for ungdom.
  • Informer om at legebesøk kostar pengar.
  • Fortel at ungdommen kan gi foreldre fullmakt om dei ønskjer det.
  • Snakk om medisinar og biverknadar.
  • Bygg tillit gjennom open kommunikasjon.
Powered by Labrador CMS