Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Ny teknologi endrar fiske etter brisling
Årets tokt for å fange brisling var eit vendepunkt for havforskinga.
Forskarane brukar trål for å sjekke fangst frå stimane dei har sett på ekkoloddet. Her er trålen på veg opp.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Fjorårets brislingferd i Hardanger var ein milepåle innan digitalisering. Det var første gong forskarar frå Havforskingsinstituttet (HI) fjernstyrte ein farkost frå operasjonssentralen i Bergen.
I årets brislingtokt blir teknologien implementert.
Første etappe var i Vestlandsfjordane og Trondheimsfjorden. I løpet av 18 dagar dekte dei umanna farkostane «Frigg» og «Frida» 1800 nautiske mil.
– No tek vi steget fullt ut, seier toktleiar Florian Berg.
– Vi har retta opp i alle småfeila vi oppdaga i første etappe. Alt er klart til full implementering av armada-strategien, der fleire farkostar samarbeider, seier han.
Neste etappe var fiske etter brisling i Oslofjorden. Den umanna farkosten «Frida» sigla rundt i Oslofjorden på eiga hand og kunne sende ekkolodd-bilete til forskarane i tilnærma sanntid.
Florian Berg er leder toktet i Oslofjorden.(Foto: Bente Kjøllesdal / HI)
Frå arbeid heile døgnet til målretta tråling
Tidlegare brislingtokt har vorte gjennomførte med eit tradisjonelt forskingsfartøy.
– Då går vi på kryss og tvers av fjordane. Vi må vere på jobb heile tida medan vi er på tokt, seier Berg.
Då dreg forskarane ut med ein viss idé om kor brislingen står. Dei lyt først køyre att og fram i fjorden for å stadfeste med ekkolodd kor stimane er. Seinare trålar dei.
Med umanna farkostar som rekognoserer først og sender bileta heim, går forskarane ut med fiske-fasiten i lomma.
– Det vert målretta. Då legg vi ein plan på førehand, og utnyttar tråltida på forskingsfartøyet betre. Vi vert meir treffsikre og får betre prøver, seier toktleiaren.
Prinsesse Ingrid Alexandra bak spakane på forskingsfartøyet som er oppkalt etter Prinsessa. Kaptein Leif Christian Mork gir innføring.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Forskingsteamet tar imot Høgvyrde Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra. Horten-ordførar Christina Maria Bratli ønskjer god seilas.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Høgvyrde Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra har mønstra på forskingsfartøyet «Prinsesse Ingrid Alexandra» i Horten.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Havforskar Florian Berg er ekspert på brisling og sild. Han brukar genetiske metodar for å kaste lys på skiljet mellom havbrisling og brisling som høyrer til lokalt i Oslofjorden. Bestandane blandar seg.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Prinsesse Ingrid Alexandra, Kronprins Haakon og forskar Florian Berg ventar spent på tråldekket.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Når trålen kjem på dekk, tar forskingsteknikarane fangsten inn i fiskelaben. Teknikarar Christine Djønne og Justine Diaz viser korleis dei jobbar. Trålbas Asbjørn Aasen opnar trålsekken.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Forskingsteamet tar ei rekke prøvar av brislingen. Blant anna for å skilje han frå sild, eller finne alderen.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Forskar Florian Berg, Kronprins Haakon og forskar Johanna Myrseth Aarflot gjer seg klare for å gå om bord i følgebåten til den fjernstyrte farkosten USV Frida for ein kjapp inspeksjon.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Følgebåt og USV Frida. Sistnevnte er fjernstyrt frå Bergen.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Slik ser det ut frå « Frida» i Bergen.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskningsinstituttet)
Pensjonerer bereposeteknologien
– Det er første gong nokon har overført så mykje data, så kontinuerleg frå farkost til sky, seier havforskar Espen Johnsen.
Han er sentral i Havforskingsinstituttet sitt arbeid med å ta i bruk umanna farkostar til å mengdemåle bestand av fisk.
– Mykje av arbeidet vårt har føregått på sjøen. Tidlegare har det vore komplisert å sende så store datamengder med den tilgjengelege bandbreidda, seier Johnsen.
Gamaldags teknologi er erstatta. No dekkjer satellittar, 4G og 5G dei fleste krikar i krunglete norske fjordar.
Treng framleis biologiske prøver
Annonse
I Oslofjorden sikta forskarane seg inn på brislingen utanfor Horten. Farkosten Frida har kartlagt området med ekkolodd. No er det forskingsfartøyet sin tur.
På FF «Prinsesse Ingrid Alexandra» gjer mannskapet seg klare til å skyte ut trålen.
Umanna farkostar kan automatisere og effektivisere deler av toktet. Framleis er forskarane avhengige av biologiske prøver.
– Vi brukar trål til å hente ut «stikkprøver» av fiskestimane vi ser på ekkoloddet. Då får vi eit meir detaljert bilde av kva artar vi ser, og kva aldersfordeling vi finn innanfor dei ulike bestandane, seier toktleiar Florian Berg.
All fangst som vert teken om bord vert sortert og registrert. På dette toktet er det kystbrisling, havbrisling, sild og ansjos som er hovudfokuset.
– Vi sorterer fisk ut frå art og størrelse. Det er særleg viktig å vete forskjell på ungsild og brisling, seier Berg.
– På brislingen og silda måler vi lengde og vekt, og vi tek ut øyresteinen for å lese alder på fisken. Vi ser óg på modning og på feittet dei har i magen, forklarar toktleiaren.
I tillegg tek dei genetikkprøver for å bestemme om det er kystbrisling eller havbrisling.
Teknikarar Justine Diaz (t.v.) og Christine Djønne viser Prinsessa korleis ho kan skilje småsild og brisling.(Foto: Bente Kjøllesdal / Havforskingsinstituttet)
Sårbar ved fritt fiske
Innan forskarane går i land, har dei fått eit bilete av korleis det står til med brislingen – teikna opp av målingane frå umanna farkost og dei biologiske prøvene.
Dette brukar forskarane til å rekne ut kor store brislingbestandane er.
– Brislingen plar stå veldig tett på små område. Difor er det også viktig å gje råd om kor mykje ein kan hauste frå bestanden – for han er sårbar for overbeskatning, seier Berg.
Data frå sjø til land på eit blunk
Eit suksesskriterie for årets brislingtokt er vellukka dataoverføringa frå farkostane til skya.
– Akustikkdata er store, og bandbreidde er ikkje ein endelaus ressurs, seier havforskar Nils Olav Handegard. Han er prosjektleiar for CRIMAC, HI sitt senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).
For at dataoverføringa skal fungere, har eit stort team frå HI og andre bedrifter jobba godt med å få på plass ein saumlaus flyt med fleire steg:
Den umanna farkosten samlar inn ekkolodd-data. Navigasjonen skjer fjernstyrt frå HI sin eigen operasjonssentral.
Desse dataa vert automatisk prosessert om bord. Der komprimerer dei mellom anna data, og produserer datasett med informasjon om kvaliteten og ekkomengde av ulike artar ved hjelp av kunstig intelligens.
Alle – eller utval, avhengig av bandbreidde – av disse dataa vert sendt opp i «skya» til ei digital plattform.
Forskarane får direkte tilgang til data og analyseverktøy for ekkolodd-data i skytenesta, anten dei sit på eit kontor i Bergen, heime eller til dømes frå eit forskingsskip. Slik vert innsiktene overførte frå sjø til forskarane på land på kort tid.