Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
No kryp kamskjel nordover
Klimaendringar let kamskjela slå seg opp nye plassar. Forskarane har følgt etter.
Stort kamskjel likar litt lunk i vatnet. Dei trivst ikkje i område kor dei risikerer for mange kjølige dagar på rad.
Langs norskekysten har dei historisk halde seg frå Skagerrak og nord til Bodø.
Ny forsking viser at grensene for trivselsområde vert flytta nordover.
– Sidan 2011 har små kamskjelbestandar etablert seg heilt nord til Lofoten, seier havforskar Ellen Sofie Grefsrud.
– Vi ser det same i den kommersielle fangstdataen – kamskjela kryp nordover.
Dukkar ned i dataa
Tidlegare i år var forskarane på feltarbeid på Helgelandskysten i Nordland for å undersøke kamskjela der. Sidan 2013 har det føregått kommersiell hausting i området.
– I 2024 vart det hausta like mykje på Helgelandskysten som ved Frøya og Hitra. Det vart hausta rett over 200 tonn kamskjel i begge områda, seier Grefsrud.
Med utgangspunkt i Husvær i Herøy kommune undersøkte forskarane totalt åtte stasjonar i området sør og vest av Dønna.
– Det er viktig å følgje med på utviklinga. Desse utkantsbestandane kan vere betre indikatorar på endringar i ytre påverknad, som til dømes fiskeri og temperaturendringar, enn bestandar som har vore etablert over lenger tid, seier havforskaren.
God aldersfordeling
I løpet av fire dagar i felt, gjennomførte HI sitt vitskapelege dykkarteam 12 dykk. Dei tel kamskjel og skildrar levested, og hentar opp biologiske prøver til vidare analyser.
Forskarane undersøker både storleik, modning, alder og årleg tilvekst hos kamskjela.
– Førsteinntrykket var at det var god aldersfordeling. Alle årsklassar var representerte, utanom dei aller yngste – desse er også vanskelege å finne, seier Grefsrud.
Endå temperaturen i vatnet berre var kring 7,5-8,0 plussgrader då feltarbeidet føregjekk i mai, var gytinga godt i gang.
Egg og larvar krev likevel at gradestokken kryp opp til minst 10-12 varmegrader og held seg der i fire vekes tid for at dei skal overleve og slå seg til ro.
– Bestandane i dette området ser ut til å vekse og sakte spreie seg nordover. Vi går ut frå at høgare temperatur i sjøen kombinert med at kamskjela over tid har tilpassa seg vatn som er nokre grader lågare enn idealtempen, er viktige faktorar for nyetableringa, seier Grefsrud.
Færre kalde vinterdagar, fleire kamskjel
Sidan stort kamskjel ikkje likar det for kaldt, har ein gått ut frå at deira nordlege ekspansjon også har ei naturleg grense.
– Men over dei siste 15 åra har temperaturane langs kysten auka med omtrent éin grad. Dette høyrest ikkje så mykje ut, men det har ført til at talet vinterdagar med temperatur under fire grader er redusert, seier Grefsrud.
Ved vår faste stasjon utanfor Skrova, i Lofoten, hadde ein tidlegare tre månadar med slike kalde vinterdagar i løpet av eit år. No er det éin månad.
– Dette nordlege skiftet til kamskjela føregår på same tid som vi observerer varmare vatn. Vi trur difor stigande temperatur i havet er hovudgrunnen til at kamskjela kryp nordover.