Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Romsenter - les mer.

På fjellet kan høge toppar skugge for satellittane. Særleg om vi står nede i eit smalt dalføre eller ein trong fjord.

Kva gjer du om telefonen din viser feil posisjon?

Feil posisjonsdata kan komma av dårleg satellittdekning, forstyrringar eller solstormar.

I dag tek dei fleste mobiltelefonar inn data frå fleire av satellittsystema som gir nøyaktig posisjon, navigasjon og tid (PNT), mellom anna europeiske Galileo og amerikanske GPS. 

Desse satellittsystema dekkjer jorda så fullstendig at i teorien skal vi få nøyaktige posisjonsdata same kvar i verda vi er, anten om det er på fjellet, ved sjøen eller i byen.

Men nokre gonger kan mobiltelefonen visa feil posisjon. Kva kan vi som forbrukarar gjera då?

Kva gjer ein når satellittdekninga er dårleg?

– Når vi brukar posisjonsdata på mobiltelefonen, lyt vi vera litt kritiske til data og følgja med på kvar dei leier oss, slik at vi ikkje endar med bilen i skiløypa eller på andre feil stader, seier Knut Espen Solberg.

Han er prosjektleiar innan satellittnavigasjon ved Norsk Romsenter.

På fjellet kan høge toppar skugge for satellittane. Særleg om vi står nede i eit smalt dalføre eller ein trong fjord. Det kan òg skje om ein står i eit smau i byen eller er omgitt av høge bygningar.

– For å få rette posisjonsdata frå satellittane er fri sikt til himmelen viktig. Mistenkjer ein posisjonsfeil i ein slik situasjon, er det best å flytta seg til ein meir eigna stad, seier Solberg.

Slike feil kan finnast om bord i skip som går i dei smale norske fjordane, som Geirangerfjorden. Då navigerer skipa i staden visuelt eller ved hjelp av radar.

Galileo er et selvstendig europeisk satellittnavigasjonssystem som fungerer sammen med det amerikanske GPS. Dette gir bedre posisjonsbestemmelse, navigasjon og tidssignaler over hele verden.

Kva gjer ein ved forstyrringar?

– Er sikta til himmelen fri, og ein mistenkjer forstyrringar i posisjonsdata på mobiltelefonen, må han skjermast for desse forstyrringane. Forstyrringane kan komma frå til dømes radiotårn eller andre typar sendarar, seier Solberg.

Ei løysing kan då vera å gå bak ein stor stein eller bygning for å skjerma mottakaren i den retninga forstyrringane kjem frå.

Bakkestasjonen til søk-og-redningsfunksjonen til Galileo på Svalbard.

– Den største utfordringa her vil vera å oppdaga kvar støyen kjem frå. Også i dette tilfellet er det einaste vi kan gjera, å flytta oss til betre mottakarforhold, seier Solberg.

Det viktigaste er å ikkje stola blindt på mobiltelefonen, men vera litt kritisk til informasjonen han gir.

Nødpeilesendarar har ekstra tryggleik

Det europeiske systemet for satellittnavigasjon, Galileo, tek òg imot signal frå nødpeilesendarar i det internasjonale Cospas-Sarsat-systemet og sender desse vidare til næraste redningssentral.

Cospas-Sarsat er eit internasjonalt satellittbasert søk- og redningssystem for  attkjenning av nødvarsling og informasjonsdeling.

– Har ein problem med feil i posisjonsdata der ein er, kan nødpeilesendaren gi feil posisjonsdata. Men Cospas-Sarsat-systemet peilar også sendaren sjølv. Slik blir det to kjelder til posisjonsdata som gir ein ekstra tryggleik, seier Solberg.

I dag overfører nye nødpeilesendarar signalet via Galileo-satellittane til Cospas-Sarsat-systemet på berre nokre sekund. Dei sender beskjed tilbake om at signalet er teke imot og at hjelpa er på veg.

Ny type nødpeilesender fra Jotron som kan sende nødsignaler til Cospas-Sarsat og få tilbakemelding fra Galileo.

– Det gir ei ekstra tryggleikskjensle som kan få menneske i naud til å halda ut lenger medan dei ventar på hjelpa. Det kan vera kritisk ved til dømes dårleg vêr på fjellet eller til havs, seier Solberg.

Ikkje minst gir den gode dekninga til Galileo-satellittane raskt posisjonen til dei som er i naud. Det reduserer tida det tek for redningsmannskapa å finna fram.

Kva gjer ein ved solstormar?

Sikthindringar og forstyrringar på bakken er ikkje det einaste som kan gi feil posisjonsdata. Solstormar og romvêr kan forstyrra eller i sjeldne tilfelle, slå ut satellittar og annan teknologi i bane.

– Solstormar gir problem for transportsektoren, kommunikasjon og system som krev heilt nøyaktige tidsdata. Det gjeld òg for bygging av infrastruktur, veg og anna som krev nøyaktige posisjonsdata, seier Pål Brekke.

Han er fagsjef innan romforsking ved Norsk Romsenter.

Heldigvis vil feil i posisjonsdata på grunn av solstormar bety mindre for dagleglivet til dei aller fleste. Mest vil det vera upraktisk.

– Vi finn fram dit vi skal til slutt. Det tek kanskje berre lengre tid. Men treng ein akutt hjelp gjennom til dømes 113-appen på mobiltelefonen, kan han gi feil posisjonsdata under solstormar, seier Brekke.

Det kan då bli vanskelegare å finna dei som er i naud. Det kan gjera situasjonen meir akutt.

– Skulle ein stor solstorm skada fleire satellittar, eller i sjeldne tilfelle påverka straumnettet på bakken, kan det ha store følgjer for ei lang rekkje samfunnsviktige funksjonar, seier Brekke.

Derfor held romorganisasjonane godt auge med solstormar og romvêr rundt jorda. 

Romvær - Sola påvirker både klima, miljø og teknologi på jorda.
Powered by Labrador CMS