Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Treningssenter bør legge til rette for personar som Gina, etter ny forsking: – Det er superviktig

Gina Elisabeth Thygesen har alltid fått høyre at styrketrening ikkje var noko for personar som henne. Ny forsking viser store fordelar for dei som er avhengig av rullestol. 

Etter seks månader med styrketrening var Gina Elisabeth Thygesen svært spent på om ho hadde fått framgang i muskelvekst og blitt sterkare. Her er ho tilbake på testlaboratoriet til NIH.
Publisert

I seks månader trente Gina og over 30 andre rullestolbrukarar tung styrketrening tre gonger i veka.

Målet var blant anna å dokumentere at styrketrening har stor betydning for å kunne meistre kvardagslivet for personar i rullestol.

Ifølge Linn Christin Risvang er det viktig at rullestolbrukarar trenar styrke for å oppretthalde funksjonen i overkroppen.

Gøy å motbevise påstandar

– Eg har jo vakse opp i ei tid der ein såg på styrketrening som ikkje noko for oss som hadde utfordringar med muskulatur. Ein var så redd for at det skulle skade musklane og føre til meir betennelse og spastisitet, seier Thygesen.

Spastisitet er ein tilstand med ufrivillig økt muskelspenning som gjer musklane stive og hemmar rørsler.

– Eg har eigentleg hatt motsett effekt, så det er gøy å motbevise den påstanden, seier ho.

Ho er tilbake på NIH seks månader etter oppstarten for å sjå kva slags effekt treninga har hatt på styrken og beintettleiken. 

I fire veker fekk ho og dei andre deltakarane oppfylging på treninga her. Resten av perioden gjorde dei øktene på eigehand på kommersielle treningssenter.

– Det å lære om styrketrening og sjå kva slags effekt eg har fått av det, har vore heilt gull. Eg har fått større tru på at eg faktisk kan stole meir på eigen kropp, og ser at viss ein legg inn innsats så får ein gode resultat, seier ho.

Gina Elisabeth Thygesen er deltakar i forskingsprosjektet BoneWheel.

Ho blei betydeleg sterkare

Forskar Linn Christin Risvang og forskargruppa fekk mange liknande tilbakemeldingar.

Deltakarane kjente på høgare aksept for eigen kropp og betre sjølvtillit etter å ha gjennomført programmet.

Risvang har likevel både positive og litt meir nedslåande funn å fortelje Gina og dei andre deltakarane etter å ha analysert alle testresultata.

Det gledelege er at studien viser at rullestolbrukarar trygt kan gjennomføre tung styrketrening. Deltakarane hadde ingen problem med å gjennomføre treningsprogrammet, også på eigehand på treningssenter.

Deltakarane i studien fekk også betydeleg framgang i maksimal muskelstyrke (12-22 prosent) og i muskelmasse i armane (4 prosent).

– For denne gruppa er det jo spesielt viktig å vere sterk i overkroppen, i armane og rundt skuldrane, fordi dei er så avhengige av overkroppen sin i forflytting i dagleglivet. Derfor er det superviktig at rullestolbrukarar trenar styrke for å oppretthalde funksjonen i overkroppen som dei er avhengige av å ha resten av livet, seier Risvang.

Gina Elisabeth Thygesen var ei av deltakarane som fekk betydeleg framgang i styrke etter å ha gjennomført treningsprogrammet over seks månader.

Nesten 4 av 5 rullestolbrukarar er i risikogruppe

Kartleggingsdelen av studien viste at nesten fire av fem rullestolbrukarar har låg beintettleik, som er eit mål på graden av beinskjørheit.

Det vil seie at svært mange er i risikogruppe for å pådra seg beinbrot som kan få alvorlege konsekvensar.

Forsakarane håpa å sjå at seks månader med spesialtilpassa styrketrening skulle gjere skjelettet sterkare.

– Dessverre såg vi ikkje nokre forbetringar etter seks månader. Det kan det vere fleire grunnar til, seier Risvang.

Forskaren meiner at det kunne ha vore nødvendig at deltakarane hadde blitt fylgd opp på alle øktene gjennom heile perioden for å sikre at treninga blei god og tung nok. Seks månader er også kanskje for kort tid for å sjå endringar i beinvevet for denne gruppa.

Endringar i blodmarkørar gir nemleg håp om at styrketrening kan gje eit sterkare skjelett, om dei held på med styrketrening over lengre tid.

– Vi fann endringar i blodmarkørar for beinmetabolisme som indikerer utskifting av beinvev. Sjølv om resultata var litt blanda, peikar fleire av desse markørane på at det faktisk skjer noko i skjelettet som fylgje av treninga.

Derfor har forskaren håp om at ein lengre studie ville vist at deltakarane hadde fått styrka beintettleik, som igjen kan vere med på å førebygge stygge beinbrot.

Må ha ryddige treningssenter

Forskaren har ein bønn til treningssenterbransjen.

For at rullestolbrukarar skal kunne få like stor glede og nytte av treningssenteret som funksjonsfriske, må nokre ting vere på plass.

– Ein ting er at treningssentera må vere ryddige og ha greitt med plass rundt apparata. Viss det ligg utstyr slengt på golvet og vektplater rundt omkring er det vanskeleg å kome seg rundt med rullestolen, seier ho.

Risvang meiner treningskjedene også har ein jobb å gjere når det kjem til marknadsføring.

– For kven som helst som skal begynne å trene, er det å ta steget inn på treningssenter ein terskel. Når du har rullestol i tillegg og kanskje ikkje har peiling på kva du skal gjere eller kva slags apparat du kan bruke, så er det ganske skummelt. Her kan treningssentera gjere mykje for å invitere inn og vise fram at det er mogleg å trene også med rullestol, seier ho.

Referanse:

Linn Christin Risvang: Muskel- og skjeletthelse hos rullestolbrukere og fordeler med tung styrketrening – resultater fra «BoneWheel»-studien. Doktorgradsavhandling, Norges idrettshøgskole, 2026.

Slik trente deltakarane

45 deltakarar starta på prosjektet og 33 av dei fullførte.

3 økter i veka over 24 veker (6 månader).

Tung styrketrening med fokus på overkroppen.

Programmet bestod av totalt seks øvingar, der fem av desse var spesifikt mot overkropp og armar.

Spesifikke øvingar for skjelettet: For å prøve å stimulere beinvevet, inkluderte forskarane øvingar som skulle skape mekanisk trykk og kompresjon gjennom skjelettet:

  • Isometrisk skulderpress: Der deltakarane pressa oppover medan dei sat fast i setet for å skape trykk gjennom ryggraden og ned i hofta.

  • Liggande drag: Ein øving der dei låg flatt på ryggen og drog i ei isometrisk kjetting for å skape kompresjon frå føtene og heilt opp til nakken

Gruppa fekk tilskot av vitamin D og kalsium, som er viktige byggjesteinar for skjelettet.

Powered by Labrador CMS