Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Tre av fire rullestolbrukarar har låg beintettleik: – Beinbrot kan få store konsekvensar
Amir Hashani er rullestolbrukarar og veit at treninga han er i gang med kan få stor betydning.
– Det er tungt. Etter førre økt var eg veldig sliten, seier Amir Hashani.
Han er midt inne i treningsdelen av forskningsprosjektet Helseeffekter av trening og ernæring hos rullestolbrukarar.
Linn Christin Risvang, som leiar forskinga, håpar å få med enda fleire som Hashani for å få viktige svar.
Treningsprogram for 24 veker
På treningssenteret på Norges idrettshøgskole (NIH) skal han fyrst trene i fire veker med tett oppfylgjing og instruksjon frå Risvang og resten av forskingsgruppa.
I etterkant får han får eit treningsprogram han skal følgje i 20 veker framover på treningssenter.
– Det er ålreit å trene, og eg veit at trening er bra for meg og kroppen min. Eg håpar å få glede av det dei finn ut her, seier Hashani.
Det er nettopp det som er målet. Amir er i ei risikogruppe.
Mange rullestolbrukarar som han, pådrar seg brot i overgangssituasjonar. For eksempel frå rullestol til bil, seng eller andre stolar.
Mange med dårleg beinhelse
Forskningsgruppa har tidlegare gjort undersøkingar av para-utøvarar og ikkje-utøvarar i rullestol. Dei viste at tre av fire av dei hadde låg beintettleik. Det er eit mål på graden av beinskjørheit.
– Når så mange i gruppa har så dårleg beinhelse, er det heilt klart eit viktig prosjekt. Me veit at mange får alvorlege komplikasjonar av brot, som igjen gir store konsekvensar.
Og det er ikkje berre eit problem blant dei som sit i rullestol.
– Noreg er på verdstoppen i lårhalsbrot, og god beinhelse er viktig for alle, seier forskar Kristin Lundanes Jonvik, som er prosjektleiar i studien.

Nokre idrettar er betre enn andre
Nå håpar forskarane å dokumentere at trening hjelper og gje gode eksempler på øvingar som er tilpassa rullestolbrukarar.
– Dei fyrste funna våre viser at aktivitet i spesielt nokre type idrettar gir betre beinhelse, fortel Linn Christin Risvang.
Funna viser at rullestolbrukarar som dreiv med idrettar som hadde støt og eksplosive rørsler hadde høgare beintettleik enn andre. Eksempel på slike idrettar er rullestolrugby, rullestolbasket og tennis.
Dei som dreiv med meir statiske idrettar som langrenn og handsykling, hadde langt lågare beintettleik.
– Det kan vise at ein viss type fysisk aktivitet er viktig for denne gruppa. Det bør vere trening som gir mykje støt og drag på skjelettet, forklarer Risvang.
Får energi av styrketrening
Gina Elisabeth Thygesen er ei av dei andre deltakarane i prosjektet.
Ho har gjennomført fire veker av treningsprogrammet. Alt nå merkar ho stor framgang.

– Allereie etter fire veker merkar både eg og mine nærmaste endringar. Ikkje berre i styrke, men også på balanse, motorikk og energien til å stå i full jobb. Eg overdriver ikkje når eg tørr påstå at denne styrketreninga gir meg større utbytte enn eg noen gang har erfart gjennom eit offentleg helse- og treningstilbud, seier Thygesen.
Treng fleire forsøkspersonar i Bergen og Oslo
Nå håpar forskarane å få med enda fleire rullestolbrukarar i prosjektet.
Dei startar no opp nye grupper i Bergen, medan det er ny sjanse i Oslo i vekene før påske.
Det er ingen tvil om at Amir Hashani er glad for at det blir forska på han og rullestolbrukarar som gruppe.
– Eg har aldri vore med på noko slikt før, så det er veldig spennande! Jo fleire som er med, jo betre, seier han.

Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
-
Slik vil forskarane gjere farleg OL-sport tryggare
-
Dette bør du vite om syndromet som rammar mange unge idrettsutøvarar
-
Kreatin, pre-workout og proteintilskudd: treningseffekt eller bortkastede penger?
-
Formtopping: Dette gjer du dei siste vekene før konkurranse
-
Denne forskaren har no ansvar for barnefotballen i Vålerenga
-
Suksesstrenar: – Foreldre og trenarar må dempe ambisjonane