Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Gjennomsiktige larvar av sebrafisk gir kunnskap om laksesjukdommar
Under mikroskopet kan forskarane sjå bakteriane bevege seg i den gjennomsiktige fisken.
Hanne C. Winther-Larsen på befaring i infeksjonslaben i det nye Livsvitskapsbygget. Sebrafiskinfeksjonslaben var utilgjengeleg då biletet vart teke.(Foto: Torstein Helleve / UiO)
Bakterien Piscirickettsia salmonis
er eit stort problem for oppdrettsnæringa i Chile, verdas nest største
produsent av oppdrettslaks etter Noreg.
Her til lands er heldigvis ikkje bakterien særleg utbreidd. Det finnes ei
rekkje vaksiner mot sjukdommen, men dei har dårleg effekt.
Chilenske
oppdrettarar brukar dermed store mengder antibiotika i staden for.
Tungvint å forska på store fiskar
– Det er stor interesse knytt til betre tiltak mot P. salmonis. Men det er tungvint å forska på store fiskar som laks og aure, fordi det går så lang tid for nye generasjonar med forsøksdyr å veksa fram.
Det seier professor Hanne C. Winther-Larsen ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo (UiO).
– Derfor brukar vi sebrafisk som såkalla modellorganisme, som betyr at vi brukar han for å forska på sjukdommar i laks, i dette tilfellet. Sebrafisk er ein mykje brukt fisk i forsking, og det er utvikla mange genetiske verktøy til han, seier ho.
Tilsette fluorescerande fargestoff i bakteriane
For nokre år sidan vart Winther-Larsen
kontakta av den chilenske forskaren Javiera Ortiz-Severín. Ho hadde sjølv prøvd
å forska på sebrafisk i heimlandet, men ikkje fått det heilt til.
– Med eit forskingsstipend frå Chile var
ho her i tre månadar. Med vår erfaring og betre fasilitetar kunne vi hjelpa
henne å overkoma vanskane ho hadde med å få sebrafiskmodellen til å fungera,
fortel Winther-Larsen.
Sebrafisk vert vanlegvis ikkje infiserte
av P. salmonis på naturleg vi, så derfor må forskarane injisera
bakterien i larvane. Ortiz-Severín brukte bakteriar som var tilsette eit fluorescerande
fargestoff.
Dermed kunne ho studera korleis sjukdommen spreidde seg i kroppen. Larvane er gjennomsiktige så ein kan sjå kva som skjer inne i dei.
Mikroskopfoto av sebrafisklarve. Bakteriane er grøne og dei kvite blodlekamane raude.(Foto: Javiera Ortiz-Severín)
Prøvar frå milt og nyrer
Desse larvane var genetisk modifiserte
til å laga immunceller med eit anna fluorescerande fargestoff.
– Då såg vi at det
var ein type kvite blodceller som heiter nøytrofilar som strøymde til
bakteriane for å ta opp kampen. Andre typar immunceller reagerte i mindre grad,
seier Winther-Larsen.
Slike observasjonar let seg vanskeleg gjera
i vaksen sebrafisk, for då er ikkje fisken like gjennomsiktig lenger. Men Ortiz-Severín
tok prøvar frå milten og nyrene frå vaksne fiskar som òg var blitt infiserte,
og fann at det var stort samsvar med resultata frå larvane.
Desse funna tek ho
med seg i vidare forsking på laksehelse.
Eigen infeksjonslab med sebrafisk
Annonse
Ved UiO er det eit laboratorium for
sebrafisk der det er råd å studera infeksjonar i larvar, men ikkje i vaksne
sebrafisk.
Det har dei derimot på NMBU på Ås, men det er tungvint for forskarar
som held til i Oslo. Til neste år vert det likevel andre fiskebollar.
Farmasøytisk institutt er blant
institutta som skal flytta inn i det nye Livsvitskapsbygget i 2026.
– Der vert
det ein sebrafisklab med både larvar og vaksne sebrafisk som vi kan forska på.
I tillegg er det ein eigen infeksjonslab med sebrafisk der ein kan gjera
studiar på både virus og bakteriar, fortel Winther-Larsen.
– Det
gler vi oss veldig til. Det er viktig i kampen mot infeksjonssjukdommar,
pandemiar, antibiotikaresistans og vaksineutvikling, seier ho.