Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Difor er skjønnlitteratur relevant for alle, uansett bakgrunn
Engelsklærarar tek like stort ansvar for litteraturundervisinga som norsklærarar, viser ny klasseromforsking. I begge fag les elevane lengre tekstar no enn for ti år sidan.
– Viss du klarer å tolke eit vanskeleg dikt, klarar du å forstå kva tekst som helst, seier Astrid Syse Talsethagen.(Foto: Monica Bjermeland / UiO)
– Engelsklærarar i ungdomskulen arbeider med litterære tekstar i nesten halvparten av timane, fortel litteraturforskar Katherina Dodou ved Universitetet i Oslo.
– Nett som i norskfaget, legg ho til.
Saman med prosjektleiar Lisbeth M. Brevik, har ho studert norske ungdomskuleklasserom i ein tiårsperiode.
Dei har sett på skjønnlitteraturundervising i engelskfaget åleine og i engelskfaget samanlikna med norskfaget.
– Når me snakkar om litteratur, lesing og litteraturformidling, tenkjer me ofte på morsmålopplæring, men me ser mykje litteraturlesing og arbeid med litteratur i engelskfaget også, seier Dodou.
– Me kan heilt klart seie at engelsklærarane tek eit stort ansvar for leseopplæringa, seier Lisbeth M. Brevik.
Forskarane Lisbeth M. Brevik og Katherina Dodou har sett på korleis engelsk- og norsklærarar underviser i litteratur. I begge fag brukar lærarane om lag halvparten av tida på skjønnlitterære tekster. Dei merker at når klassar les romanar, så les dei fysiske bøker.(Foto: Shane Colvin)
Meir følelsar enn fornuft
For å finne ut korleis
litteraturundervising for tenåringar kan sjå ut, besøkte forskarane ein dramaklasse i
Osloskulen, der Astrid Syse Talsethagen underviser.
Ho har vore lektor i både
norsk og engelsk sidan 2009.
Snart
skal klassen lese novella «Følelser som ikke heter noe» av Sara Johnsen.
– Kva tenker de om tittelen? seier lektor
Talsethagen.
Fleire elevar rekker opp hendene.
– Følelsar ein ikkje får vist.
– Følelsar ein ikkje ynsker å dele.
– Følelsar ein ikkje forstår.
– Følelsar som gir nostalgi.
Dette er norske engelsk- og norsklærar gode til
Etter at elevane har delt tankar om
tittelen, fortel Talsethagen kva primær- og sekundærfølelsar er. Elevane
diskuterer dei ulike følelsane og teiknar nokre av dei.
Annonse
Denne før-lesinga, som det heiter, held
fram ganske lenge. Målet er å få elevane til å mobilisere eigne tankar,
erfaringar og følelsar kring eit tema som dei kan ta med seg inn i lesinga.
Dette er norske engelsk- og norsklærar gode til, viser forskinga til Dodou og
Brevik.
Så les læraren novella høgt for heile
klassen.
– Eg er veldig opptatt av å oppleve tekst saman, så eg les gjerne høgt med klassen sjølv når me les romanar. Desse felles opplevingane er så verdifulle! seier lektor Astrid Syse Talsethagen.(Foto: Monica Bjermeland)
Lærarane gjer fordommar om klasserommet til
skamme
– Ikkje berre ser me at engelsklærarane
tek ansvar for litteraturundervising. Me ser også at dei underviser i
litteratur for litteraturen si skuld, seier Brevik.
– Kva betyr det?
– Det er ein diskusjon i forskingsfeltet
om skjønnlitteraturen blir brukt for å oppnå andre ting, noko den sjølvsagt
også gjer. At den blir brukt til å undervise om tema som abort, diskriminering
og rasisme, til dømes, eller det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring,
seier ho.
Men forskaren har eit klart inntrykk av at
lærarane dei har studert arbeider med skjønnlitteratur fordi den har ein
eigenverdi.
– Det er fantastisk å sjå at elevane får
tid til å sitje stille og fordjupe seg, at dei får erfare lesing som eit
frirom. Slik får dei kjenne på at litteratur også kan bety å setje ned tempoet,
å berre vere i noko. Utan å nødvendigvis skulle forstå eller lære noko
spesifikt, seier Brevik.
Undervisinga er aktiv og svært ofte kreativ.
Men litteraturundervisinga ho og Dodou har
studert er også aktiv og svært ofte kreativ.
Døme på kreative måtar lærarar behandlar
litteratur på, kan vere at dei inviterer elevane inn i rollespel basert på
historia. Eller at dei lar elevane få skrive fan fiction, altså skrive vidare
på forteljinga eller skrive brev til ein av karakterane.
Annonse
Andre gonger gjer kanskje elevane teksten
om til ein film, ei teikneseriestripe eller ein animasjon. Variasjonen er stor.
– Det blir jobba med digitale verktøy, med
penn og papir, med høgt- og stillelesing, seier Dodou.
Og jo nærare i notida me kjem, desto meir
les elevane lange, heile tekstar som romanar framfor tekstutdrag.
– Me les fleire heile verk no enn før, seier Astrid Syse Talsethagen.(Foto: Monica Bjermeland / UiO)
Lærarane kjenner på ansvaret
Dette er ein tydeleg trend som starta
kring 2020 og som stemmer med lektor Talsethagens praksis.
Då ho først byrja som lærar, var ho
opptatt av å introdusere mange ulike typar tekstar. I dag er ho meir opptatt av
langlesing og djupne.
Målet er minst ein roman per år per fag,
helst to. Og helst den same romanen for heile klassen.
– Elevane les stadig mindre på fritida, og
det gjer at me føler at me må kompensere for det i undervisinga. Det har me
diskutert ein del i faglaget hos oss, seier ho.
Elevene likar å lese
Talsethagen understrekar at mindre lesing
ikkje betyr at elevane ikkje likar å lese. Sjølv opplever ho heller det
motsette.
– Nøkkelen er difor å gje elevane dei gode
leseopplevingane, å la dei erfare at litteratur kan gi dei noko personleg. Då
får dei kanskje lyst til å lese vidare på eiga hand, seier ho.
Forskarane har ikkje spurt lærarane om
kvifor dei har endra praksis, men spekulerer i tre årsaker: Den stadig meir
omtalte lesekrisa, nye læreplanar i 2020 som vektlegg fordjuping og sterkare søkjelys på litteraturdidaktikk i lærarutdanninga.
Annonse
– Kanon eller ikkje kanon? Eg synest kanskje engelskfaget er eitt av faga som treng det, i og med at læreplanane er så vide. På ei anna side: Viss me har mange bøker lokalt som me elskar å bruke i undervisinga, men som ikkje står på lista, kva gjer me då? spør lektor Astrid Syse Talsethagen.(Foto: Monica Bjermeland / UiO)
Må finne bevis i teksten
Finst det undervisingspraksisar som er
betre enn andre når det gjeld skjønnlitteratur?
Det kjem an på kva ein vil oppnå. Lærarar
kan ha mange ulike mål og dermed måtar å undervise på, fortel forskar Dodou.
– Eitt mønster me ser, er
at dei ofte jobbar med enklare leseforståingsspørsmål først, for å få med alle
elevane. Det kan vere samtalar om karakterane i teksten eller kva elevane
synest om forteljinga, seier Dodou.
– Så koplar dei på meir kompliserte
spørsmål som handlar om tolking og ei meir fagleg forståing av teksten, seier
ho.
Ein trend forskarane ser her, er at
lærarane gir elevane mange valmulegheiter når dei skal nærme seg teksten
fagleg. Vil du gjere ein analyse? Vil du skrive ein fan fiction? Vil du
samanlikne ein film og ei bok?
Nokre tolkingar er meir truverdige enn andre
Dodou understrekar at lesing av litteratur
sjeldan har eit fasitsvar.
Talsethagen er samd. Ho arbeider mykje med å skape
tryggheit og eit ope diskusjonsrom slik at elevane skal tørre å dele meininga
si.
– Det er viktig å få elevane til å forstå
at deira oppleving er like gyldig som ein annan si, og at me kan sjå på litteraturtolking
som ei argumentasjonsøving, seier ho.
Samstundes er ho opptatt av å synleggjere
at nokre tolkingar er meir truverdige enn andre. Ho spør gjerne kvifor elevane
tolkar som dei gjer, kva bevis dei finn i teksten.
– Nokre tolkingar er
betre enn andre, og det må me tørre å behandle i klasserommet. Om ein ikkje finn
belegg for påstandane sine i teksten, er det kanskje ei litt tynn tolking,
seier ho.
– Elevane lærer betre når dei får sjå døme
Annonse
Norsklærarar er meir opptekne av
sjangertrekk og litterære verkemiddel, medan engelsklærarar oftare koplar
lesinga til elevanes livsverd og samfunnsproblem.
Kor gode er dei til å modellere
litteraturtolking, altså konkret vise korleis elevane kan analysere ein tekst
ved å faktisk gjere det sjølv?
– Det ser me lite av i både engelsk- og
norskfaget. Ei muleg forklaring på det kan vere at lærarane er redde for å gi
for sterke føringar for korleis elevane skal tolke teksten, at dei ved å ikkje
vise eiga tolking, prøvar å ta vare på elevanes utforskingsfridom, seier
Brevik.
– Samstundes veit me at elevane lærer
betre når dei får sjå døme korleis dei kan løyse ei oppgåve, seier ho.
I eit anna prosjekt ho leier, som samanliknar engelskundervisinga i Norge, England og Frankrike, ser forskarane
at engelske lærarar modellerer i mykje større grad enn dei norske.
Skjønnlitteratur er noko for alle elevar
Talsethagen, som underviser i begge fag,
er ikkje i tvil om kva som fungerer for å få elevane i gang med å utforske ein
skjønnlitterær tekst.
– Når elevane får kople på seg sjølv, sine
eigne erfaringar og tankar. Og når me klarar å sjå at tekstar finst fordi dei
prøver å uttrykke noko allmennmenneskeleg, noko me kan kjenne oss igjen i sjølv
når me ikkje har opplevd det, seier ho.
Slik er skjønnlitteratur noko for alle
elevar, uansett kva framtidsutsikter dei har, meiner forskarane.
– Me er menneske, og menneske er
forteljande skapningar. Verdslitteraturen er jo eigentleg berre ein lang
samtale om menneskeleg erfaring, om å forstå kven og kvar me er. Difor er
skjønnlitteratur relevant for alle, uansett bakgrunn, seier Dodou.
– Eg trur det er superviktig å hjelpe
elevar til den eine romanen dei verkeleg elskar, heller enn bøker generelt,
seier Brevik.
Tilbake i klasserommet på Frogner i Oslo,
blir 16-åringane bedt om å snakke om kva som skjer heilt konkret i novella og
kva tankar dei får undervegs.
I plenumsdiskusjonen etterpå deltek meir enn
halvparten av elevane. Ikaros blir nemnd.
Så er det fram med blanke ark og
fargestiftar. Elevane skal teikne ei av scenene frå novella og knyte følelsar
til teikninga. Me merker oss at nokre av elevane som sa lite, er dei som
skisser ut dei mest følsame teikningane.