Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Oppdrettanlegg med fjell i bakgrunnen
Forskarar har undersøkt samanhengen mellom vatnkvalitet og sjukdomsutvikling hos settefisk.

Forskarar har gjort nye funn om sjukdom hos oppdrettsfisk

Ny forsking viser kva næringa kan gjere for å førebygge sjukdom.

Nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom er vanlege sjukdommar i norske settefiskanlegg for laks og aure. 

Veterinærinstituttet sin fiskehelserapport for 2023 viste at dei to saman med dårleg vatnkvalitet er dei tre mest utbreidde problema hos settefisk. 

 Talet på døde settefisk over 3 gram blei i 2023 rapportert å vere 37,7 millionar laks og 2,4 millionar regnbogeaure. Dette er ei auke på cirka 2 millionar laks samanlikna med 2022, ifølgje Veterinærinstituttet.

I samarbeid med nettopp Veterinærinstituttet, Havforskningsinstituttet og NMBU, leverte Høgskulen på Vestlandet (HVL) nyleg er ein ny forskingsrapport kor dei har kartlagt dei to sjukdommane og undersøkt samanhengen mellom vatnkvalitet og sjukdomsutvikling. 

Høgt CO2-nivå i vatnet kan framkalle sjukdom 

Kartlegginga viste at sjukdomane også var vanlege funn i prøvane som blei samla inn frå seks kommersielle settefiskanlegg frå heile landet. 

Professor Sveinung Fivelstad leia HVL sin del av prosjektet. Han fortel at dei gjorde to kontrollerte forsøk med heva CO2-nivå i vatnet for å teste korleis det slo ut på  utviklinga av sjukdomane.

– Ved moderat CO2-belastning påviste vi endra pH og ionesamansetnad i blodet, men ingen skadar i nyrevevet. Høg CO2-belastning førte derimot til rask utvikling av nefrokalsinose, seier Fivelstad.

Men forsøka viste også kva som kunne hjelpe.

– Det forsøka interessant nok også viste, var at fisk som hadde utvikla nefrokalsinose, raskt blei restituert etter overføring til ferskvatn eller sjøvatn med låge CO2-verdiar.

Han legg til at denne metoden dessverre ikkje fungerer i alle tilfelle:

– Dersom sjukdommen er kommen for langt, verkar det ikkje nødvendigvis å overføre fisken til vatn med låge CO2-verdiar. 

– For høgt CO2-nivå i settefisk-kara er eit kjent problem, seier professor Sveinung Fivelstad.

Bør finne det riktige CO2-nivået

Å få ned CO2-konsentrasjonen i vatnet kan såleis vere eit viktig tiltak for å førebyggje sjukdom.

– For høgt CO2-nivå i settefisk-kara er eit kjent problem. Vi bør finne ut kva CO2-nivået i settefiskanlegga ideelt sett bør ligge på for at sjukdommane skal forsvinne. Då trengst det meir forsking, seier Fivelstad.

Både i forsøk og ute i settefiskanlegga førekom dei to sjukdommane delvis parallelt. Det tyder på at dei til ei viss grad kan utløysast av dei same miljøbelastningane. 

Prosjektet har spesielt sett på samanhengen mellom vatnkvalitet og sjukdom. Sveinung Fivelstad understrekar at også andre forhold kan spele inn på sjukdomsutvikling.

– Måten ein produserer fisken på, kan også ha noko å seie. Til dømes gjennom at han blir produsert raskare enn det han er laga for. Her kan det vere fleire forhold som spelar inn, legg han til.

I rapporten blir alle funna skildra i detalj, og det blir gitt anbefalingar for diagnostikk og førebygging.

Referanse:

Arve Nilsen mfl.: Nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom: Årsakssammenhenger og muligheter for forebygging (pdf). Sluttrapport FHF prosjekt 901588, 2024.

Fakta om nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom

  • Sjukdommane er vurdert som to av dei viktigaste helseutfordringane ved produksjon av settefisk.
  • Nefrokalsinose artar seg i tidleg fase som mineralhaldige utfellingar i dyrets utførselsgangar. Etter kvart kan det bli større skadar på nyrevevet, stress og redusert tilvekst. I alvorlige tilfelle kan fisken også dø av denne sjukdommen.

  • Hemorragisk smoltsyndrom rammar laks før og under smoltifisering og blir påvist i tidleg fase som blødningar til dyrets utførselsgangar. Etter kvart oppstår omfattande blødningar i muskulatur og indre organ. Sjukdommen kan føre til død i tida fram til, og rett etter, utsetting i sjø.

Powered by Labrador CMS