Forskarar
ved Universitetet i Agder (UiA) og Uppsala universitet undersøker hundrevis av
slangar frå museumssamlingar. Dei leitar etter spor av ein dødeleg soppsjukdom.
Målet er å forstå meir av soppen Ophidiomyces ophidiicola, som han heiter på latin. Kvar kjem han frå, kva for slangar angrip han og kor lenge har han funnest?
– Vi kartlegg sjukdommen for å forstå meir om korleis han påverkar slangane og korleis han spreier seg, seier zoolog Beate Strøm Johansen ved Naturmuseum og botanisk hage på UiA.
Zoolog Beate Strøm Johansen har fått med seg forskarar frå Sverige for studere ein dødeleg slangesopp.(Foto: Beate Strøm Johansen)
Ved å studere slange-samlingane på museum kan forskarane finne ut kvar soppen har vore spreidd før. Dei kan òg finne ut kor langt tilbake i tid soppen har påverka slangar.
Soppen funnen i Europa
Soppen vart først oppdaga
i USA i 2006. Det kom som eit sjokk på europeiske forskarar da han vart funnen
i Storbritannia i 2017.
Soppen infiserer først
hud og skjel med brune og tørre flekker. Etter kvart angrip han også lunger, auge
og andre indre organ. Slangane kan få pustevanskar og verte blinde.
I verste
fall kan heile populasjonar av slangar i verte utrydda.
– Vi må forstå omfanget
av sjukdommen. Soppen kan få store konsekvensar for slangeartar over heile
verda, seier Johansen.
Vil finne svar i år
Malene Ø. Nygård er konservator
og molekylærbiolog ved
UiAs naturmuseum. Ho har isolert DNA frå over 300 slangar og slange-hammar som Johansen
og hennar studentar har samla inn.
Blant slangane er alle artane i Noreg: slettsnok,
buorm og hoggorm.
Konservator og molekylærbiolog Malene Ø. Nygård bidreg med DNA-analysar av slangar.(Foto: Beate Strøm Johansen)
– Vi er spente på resultata,
både frå prøvene av dei levande slangane og undersøkinga vi no har starta på døde
slangar i samlingane ved ulike museum. Det
vil kunne gi oss viktig kunnskap både om historia til sjukdommen, og det vi
eventuelt kan gjere for å beskytte slangar i framtida, seier Nygård.
Gamle slangar gir nye svar
Prosjektet
er eit samarbeid mellom UiA, Uppsala universitet (UU) og
Uppsala Lantbruksuniversitet (SLU).
Forskarane har så langt
undersøkt rundt 120 slangar frå Evolutionsmuseet i Uppsala og Naturhistorisk
museum i Oslo.
Til hausten er planen å studere slangar på Naturhistoriska riksmuseet i Stockholm og ved
samlingar i Trondheim.
Slangar
på sprit
Annonse
Slangane
ligg på glas og er konserverte med sprit eller formalin. Lokka på glasa er
forsegla.
– Vi
ser først på slangane gjennom glaset. Da ser vi etter brune flekkar og teikn på
infeksjon. Viss vi får lov av museet, opnar vi forseglinga og tek vevsprøver
med skalpell og q-tips. Prøvene analyserer vi i mikroskop og på DNA-laben,
seier Johansen.
Ved å kartleggje gamle slangar kan forskarane finne ut kva for område og slangetypar som kan vere ekstra sårbare for soppen.(Foto: Beate Strøm Johansen)
Slangane dei undersøker, kan vere fleire hundre år gamle.
– Ved å kartleggje gamle
slangar kan vi finne ut kva for område og slangetypar som kan vere ekstra
sårbare for soppen, seier Johansen.
Kan ikkje smitte menneske
Soppen kan ikkje smitte
menneske direkte. Menneske kan likevel bidra til å spreie han til nye område.
Det kan skje til dømes via jord og utstyr eller via rømte
kjæledyrslangar som er infiserte av soppen.
Opphavet til soppen er
framleis uklart. Truleg lever han naturleg i det øvste jordlaget. Men ingen
veit så langt kvifor han angrip slangar.
– Det er to andre
soppartar som liknar den dødelege soppen. Dei andre to er ikkje like farlege,
men gjer det meir komplisert å identifisere den typen vi er ute etter. Det er viktig
å få identifisert akkurat denne dødelege soppen, seier Johansen.
Slangane forskarane undersøker, kan vere fleire hundre år gamle.(Skjermbilete frå den svenske tv-reportasjen)