Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Folk kontaktar fastlegen for å spørje om halsdrops

Når teknologien gjer legen meir tilgjengeleg, kan det føre til lågare kvalitet for pasienten og auka trykk på allereie pressa legar, seier Magnus Wanderås.

Lege foran PC
Éin av fem konsultasjonar i norsk allmennpraksis er no digitale.
Publisert

Det har blitt enklare å få kontakt med fastlegen. Med nokon trykk på tastane kan du starte ein e-konsultasjon der du kan ta opp det du har på hjartet. 

Du kan også be legen om å få time over video eller telefon om du ikkje vil møte opp på legekontoret.

Utviklinga skaut fart under Covid-19-pandemien og har stabilisert seg på eit høgt nivå.

– Éin av fem konsultasjonar i norsk allmennpraksis er no digitale. Det vil seie enten via telefon, video eller ein skriftleg e-konsultasjon, seier Magnus Wanderås.

Wanderås har sjølv jobba som fastlege og har forska på temaet ved Universitetet i Agder. 

I forskingsarbeidet har han intervjua 24 fastlegar om korleis dei opplever at fjernkonsultasjonar har endra fastlegetenesta.

Fjernkonsultasjonar vil seie legetimar over video eller telefon. Det kan også vere skriftlege førespurnader som pasienten sjølv kan starte til dømes gjennom Helse Norge.

Må ha oppfølgingsstimar

Slike fjernkonsultasjonar går raskare enn fysiske møte. Dei gjer det mogleg for fastlegar å handtere fleire pasientar. I alle fall i teorien.

Fjernkonsultasjonar er truleg ein av årsakene til at talet på konsultasjonar har auka med 13 prosent sidan før pandemien. 

Det hjelp heller ikkje at nesten ein av fem av alle som har digitale konsultasjonar, likevel må ha ein fysisk time i etterkant for å bli ferdig med problemet.

Portrett forsker
– Ein fastlege eg snakka med, sa at det skal vere ei litt spesiell greie å gå til legen. Det skal ikkje vere som å gå på Rema 1000 og kjøpe brus, seier Magnus Wanderås.

– Før covid var det eit håp om at fjernkonsultasjonar kunne ta av litt for presset på fastlegane, men det er sannsynleg at det tvert imot har ført til mykje dobbeltforbruk av legetimar, seier Wanderås.

Spør om halspastill

Auka tilgjengelegheit kan føre til at nokon tek kontakt for ting som ein kanskje ikkje burde spørje legen om.

– Ein fastlege i studien fortalde om ein pasient som sende e-konsultasjon for å spørje kva halspastill legen tilrådde ved ei forkjøling, seier Wanderås.

Samstundes er det ikkje lett for fastlegen å skilje mellom alvorlege og mindre alvorlege førespurnader i innboksen. 

Fleire beskriv korleis dei sjekkar e-konsultasjonar seint på kvelden for å forsikre seg om at det ikkje ligg livstruande tilstandar der og ventar.

«Det er som å ha ei direktelinje til fastlegen, og det er som å be om at allereie slitne, pliktoppfyllande fastlegar skal bli utbrende», seier ein av legane i studien.

Dørklinke-spørsmåla

Ein annan av legane som blir intervjua, seier:

«Mesteparten av det vi driv med, er menneskekunnskap. Og den kunnskapen får vi når vi møter menneske. Desse møta er kanskje 90 prosent av alt vi gjer. Medisin er berre ein liten del av det.»

– Nokon ting kan handterast digitalt, og det er heilt fint. Men jo meir ein flyttar over på digitale flater, jo mindre blir rommet for å gjere godt legearbeid, seier Wanderås.

Det handlar om fysiske undersøkingar, ikkje-verbal kommunikasjon og det forskaren kallar dørklinke-spørsmåla – dei viktige tinga pasientar ofte tek opp heilt på slutten av timen. 

Fleire fastlegar fortalde om pasientar som tek opp den verkelege grunnen til konsultasjonen når dei er på veg ut døra.

– Då kunne dei ta opp bekymringar som til dømes alkoholproblem, etter eigentleg å ha vore hos legen for ein vond olboge. Dette rommet forsvinn med digitale konsultasjonar, seier Wanderås.

Vil påleggje leger video

Nyleg foreslo regjeringa fleire tiltak for å auke tilgjengelegheita til fastlegar, blant dei ei plikt til å tilby videokonsultasjonar (tv2.no).

Wanderås er skeptisk til ei slik plikt.

Han understrekar at dei fleste fastlegar allereie har funne ein god måte å jobbe med digitale konsultasjonar på, og at dei må få behalde fridommen til å finne sine eigne arbeidsmåtar.

– Dette er eit felt kor det er vanskeleg å meine noko bastant. Mine intervju med 24 legar er på ingen måte nok til å trekkje konklusjonar. Det finst sikkert fastlegar som meiner at digitale konsultasjonar fungerer tipp topp, seier han.

Likevel minner han på at ny teknologi må brukast klokt.

– Nyskapning er ikkje alltid det same som framsteg. Om vi ser at teknologien ikkje gir den effekten vi håpar, så kan det luraste vere å ta eit steg tilbake.

Referanse: 

Magnus Wanderås: Going remote in general practice: Investigating the transformation of healthcare delivery enabled by remote consultations (PDF). Doktoravhandling ved Universitetet i Agder, 2025. 

Powered by Labrador CMS