Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.
Magisk plante skapar både glede og konflikt
Mistelteina er ikkje berre knytt til jul og kjærleik – det er også Noregs einaste halvparasitt.
I dag er den mest kjende tradisjonen å kysse under mistelteinen. Ifølgje gamal britisk og europeisk folketru kunne ei kvinne som stod under misteltein, ikkje avslå eit kyss.(Foto: Erling Fløistad)
Kven
har vel ikkje høyrt om skikken med å kysse under mistelteinen i desember?
Den
eviggrøne mistelteinen er knytt til jul, kjærleik og gamal folketru. I Noreg
var ho lenge sjeldan og vart freda i 1956.
Men no spreier planten seg i takt med
eit varmare klima. Det skapar hovudbry for mange hageeigarar.
I dag spreier mistelteinen seg i takt med eit varmare klima, forklarar NIBIO-forskar Wiktoria Kaczmarek-Derda.(Foto: Erling Fløistad)
– Ho kan svekkje eller drepe vertstreet over tid
Mistelteinen
(Viscum album) er ikkje berre til pynt. Ho er Noregs einaste
halvparasitt. Det betyr at ho lever som snyltar på tre som lind, lønn, rogn,
poppel, eple og pære.
Mistelteinen produserer eigen energi gjennom fotosyntese,
men er heilt avhengig av treet for vatn og næring. Arten har læraktige,
vintergrøne blad og ein klebrig, kvit bærfrukt.
– Ho kan
svekkje eller drepe vertstreet over tid, seier ugrasforskar Wiktoria
Kaczmarek-Derda ved NIBIO.
Frå
sjeldan kuriositet til vanleg i hagane
På
1950-talet var mistelteinen sjeldan i Noreg, med berre nokre få funn i
Vestfold.
Ho vart Noregs første freda plante i 1956, og seinare vart også vertstrea verna. Dette gjer det ulovleg
å felle eller skade tre som bærer misteltein.
I dag
spreier mistelteinen seg i takt med eit varmare klima, forklarer forskeren.
Nye funn viser at ho
finns frå Oslo og sørover langs kysten til Sørlandet, med spreidde funn også på
Vestlandet og i Rogaland.
–
Mistelteinen blomstrar frå ho er fem til seks år. Bæra er giftige for menneske,
men svært attraktive som fuglemat om vinteren. Fuglane spreier frøa til nye
tre, seier Kaczmarek-Derda.
Misteltein er ein busk i sandeltrefamilien. Ho er ein halvparasitt som veks på greiner og stammar på ulike tre, særleg lind og eple. I Noreg finst arten hovudsakleg kring Oslofjorden.(Foto: Erling Fløistad)
Ho spelte ei avgjerande rolle i guden Balders død
Mistelteinen
har ei lang historie i myter og tradisjonar. I norrøn mytologi spelte ho ei
avgjerande rolle i guden Balders død.
Alle tre i verda hadde lova å ikkje skade
Balder, men mistelteinen, som voks høgt oppe i trekrona, vart gløymd. Loke
utnytta dette og fekk Hod til å skyte Balder med ein pil laga av misteltein.
Planten
har óg vore brukt av keltiske druider, i europeisk folkemedisin, og som symbol
på fred, kjærleik og beskyttelse.
Planten blei sett på som heilag og magisk
Annonse
I eldre
tid blei misteltein hengt i døropningar som symbol på fred, forsoning og
kjærleik – og som vern.
Ho har óg vore brukt i medisinske samanhengar over
heile Europa, og blei sett på som heilag og magisk – ikkje minst fordi ho veks
«mellom himmel og jord», høgt oppe i trea, forklarar forskaren.
I dag er
den mest kjende tradisjonen å kysse under mistelteinen. Ifølgje gamal britisk
og europeisk folketru kunne ei kvinne som stod under misteltein, ikkje avslå
eit kyss.
Skikken lever vidare i populærkulturen, og dukkar stadig opp i
romantiske julefilmar, som i klassikaren Love Actually.
Frå
hageidyll til utfordring
–
Paradokset er at sjølv om misteltein er freda, er ho ikkje truga. Ifølgje
Artsdatabanken er ho livskraftig og i sterk spreiing, påpeikar forskar Kaczmarek-Derda.
I område
der planten har blitt vanleg – som i Horten, der ho er særleg utbreidd –
opplever hageeigarar at mistelteinen kan skape problem.
Planta tek opp vatn og
næringsstoff frå treet, svekkjer vekst og fruktproduksjon, og kan redusere
treets motstandskraft.
Sidan ho er freda, er det ikkje lov å fjerne ho. Det er også forbode å skjere greiner av vertstreet for å redusere påverknaden.
I dag spreier mistelteinen seg i takt med eit varmare klima. Nye funn viser at ho finns frå Oslo og sørover langs kysten til Sørlandet, med spreidde funn også på Vestlandet og i Rogaland.(Foto: Erling Fløistad)
Forskaren
hugsar sjølv planten frå barndomen sør i Polen, der ein kunne sjå ho sporadisk
og berre enkeltindivid på poppel, lind og rogn.
– I dag
er trea sterkt invaderte, og mistelteinen har spreidd seg vidt og breitt. Ho er
spesielt synleg om vinteren når bladverket er borte. Misteltein er eviggrøn, så
då ser ein mange grøne kuler på trea.
Mistelteinen kan leve lenge, vanlegvis 10–20 år, og i nokre tilfelle fleire
tiår. Det gjer ho til ein langvarig utfordring i hagane, legg Kaczmarek-Derda til.
Annonse
Forvaltninga
burde vore annleis
Kaczmarek-Derda
meiner forvaltninga av misteltein i Noreg burde vore annleis i dag, sidan arten
er svært livskraftig mange stader.
– Sidan
ho ikkje lenger er ei truga art, men ein art i full spreiing, bør fredinga
revurderast, meiner forskaren.
Med
klimaendringane blir vinteren stadig kortare, mens tregrensa kryp høgare og
høgare, legg ho til.
– Varmare klima gjer det lettare for framande, invaderande artar å slå
seg ned og spreie seg i Noreg, på kostnad av arktisk flora og fauna. Men óg
norske artar kan få auka utbreiing. Halvsnyltarar som misteltein ser diverre ut
til å hamna i den kategorien, fortel Kaczmarek-Derda.