Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Småbønder i Peru taper på klimaendringar og modernisering
Tiltak frå styresmaktene er dårleg tilpassa småbøndene i Andesfjella og levemåtane til urfolket vert sett under press.
– Vassdragspolitikk, klimaendringar og modernisering av jordbruket i Colca-dalen i Peru har skapt storgardar ved kysten, men gått ut over småbønder og levemåtane til urfolket i dei bratte fjellsidene i Andesfjella.
Det seier Astrid Bredholt Stensrud ved Universitetet i Agder (UiA). No er ho ute med boka «Watershed Politics and Climate Change in Peru».

Klimaendringar og utviklingsprosjekt
Småbønder i Andesfjellene vert påverka av klimaendringar og stadige endringar i vasspolitikken staten innfører. Saman med statlege endringar, følgjer internasjonale utviklingsprosjekt og klimatilpassingar i regi av FN og Verdsbanken.
Tiltaka kjem ovanfrå og er ikkje tilpassa bøndene.
– Småbøndene som er mest sårbare frå før, vert meir sårbare med statlege og internasjonale endringar som kjem frå stat og internasjonale organisasjonar. Slik vert sosiale og økonomiske forskjellar forsterka, seier forskaren.
Ho understrekar at det ikkje er gitt at vatn og natur berre skal sest på som ein ressurs.
– Boka utfordrar tendensen til å plassere leve- og veremåtar i kjente kategoriar, seier ho.
Feltobservasjonar i 13 månader
Stensrud har vore i Peru i fleire omgangar.
Der har ho observert utbygging og vedlikehald av kanalar og damanlegg. Ho har gjort formelle og uformelle intervju med småbønder og andre frå lokalsamfunnet. Også ingeniørar og andre representantar frå statlege og private føretak er intervjua.
Til saman 13 månadar har ho arbeidd i Colca-dalen i Andesfjella i Peru i perioden 2011–2014. Ho har sett på korleis småbønder frå lokalsamfunnet og ingeniørar frå statlege og private føretak har samarbeid med einannan om utbygging, vedlikehald og bruk av vassanlegga.
Spenningar og forhandlingar
Boka handlar om spenningar, konfliktar og forhandlingar om bruken av vassdraga mellom småbønder og ingeniørar. Småbøndene er urfolk i Andesfjella. For dei har vassdraget gjennom tidene vore meir enn ein økonomisk ressurs.
– Bøndene respekterer vatnet og fjellet som levande vesen, og det vert til dømes ofra mat og drikke til vatnet. For dei har naturen ein slags eigenvilje folket samarbeider med, men med moderniseringa har styresmaktene einsidig tolka vatnet som ein ressurs, seier forskaren.
Stensrud inviterer lesaren til å tenkje gjennom forholdet mellom natur og menneske. Ho meiner det er viktig fordi dei globale utfordringane med klimaendringar må løysast lokalt.
– Viss problema vert definerte utanfrå, kjem også løysingane utanfrå og kan skape nye problem, seier ho.
Det er i stor grad det som har skjedd i Colca-dalen: Folk utanfrå definerer problemet som vassmangel. Deretter innfører dei moderne vassteknologi som ikkje gir meir vatn, men aukar forskjellane mellom folk i tilgangen til vatn.
– Teknologiske løysingar kan vi ikkje utan vidare overføre frå ein samanheng til ein annan utan å skape nye utfordringar og konfliktar. Folk må sjølv vere med og definere kva for utfordringar dei har og vere med i utviklinga av eventuelle tiltak, seier Stensrud.

Kanalbygging på dugnad
Bønder i Colca-dalen har alltid laga kanalar for vatnet. Vasskanalane har vore nødvendige for å styre vatnet og dyrke jorda. Fordelinga av vatnet og bygging og reparasjon av kanalane har vore organisert i eigne organisasjonar og kollektive arbeidsformer.
Denne måten å leve og arbeide med jorda på kjem i konflikt med statleg utviklingspolitikk og marknadsretting.
Damanlegg og store kanalsystem vert bygde for å frakte vatnet ned til ørkenområda som ligg mellom fjella og Stillehavskysten. Der vert det lagt til rette for storindustrielt landbruk, effektivisering og økonomisk vekst.
– Denne utviklinga kjem ikkje småbøndene til gode. Dei har små gardar i ulendt terreng nedover fjellsidene, mens dei nye anlegga fører vatnet ned til området ved Stillehavet der ein kan drive større og meir industrielt orientert jordbruk. Urfolksbøndene i Andes opplever at både vatn og økonomiske ressursar vert tilført byar og industrialiserte jordbruksanlegg og at dei ikkje vert inkluderte, seier Stensrud.
Nytt mangfald
Alt er ikkje svart, ifølgje forskaren. Det har også oppstått eit nytt mangfald i møta mellom urfolk og staten.
Ho beskriv mellom anna ingeniørar som er fødde i Colca-dalen og har vakse opp der. Desse ingeniørane kjenner til verdien av å respektere vatnet og fjellet, og at dei kan vere lumske og farlege viss ein ikkje ofrar til dei.
– Som ingeniørar deltek dei i to verder, småbondeverda og ingeniørverda. Med dette utgangspunktet arbeider dei for staten og Verdsbanken med å etablere nye moderniseringsprosjekt på heimplassen sin, seier Stensrud.
Mange småbønder samarbeider med styresmaktene om desse prosjekta.
– Livet i Andes er komplekst og mangfaldig, og det vert for enkelt å seie at livet der berre handlar om urfolk kontra staten og kapitalismen. Levemåtane deira viser at det er fullt mogleg å leve i fleire verder samtidig, seier Stensrud.
Referanse:
Astrid Stensrud: Watershed Politics and Climate Change in Peru. Bok utgitt på Pluto Press, 2021. Sammendrag på forlagets nettsider.
Les også disse artiklene fra Universitetet i Agder:
-
Så mange hester blir smittet av flått: – Det er vanvittig høyt
-
– Tapet av erfaringar i naturen gjer at vi kan bli blinde for endringar som skjer
-
Å være flerspråklig gir fordeler når barn skal lære seg engelsk
-
Må vi velge mellom frihet og demokrati?
-
Betre kondisjon gav betre forståing av språk hos mange eldre
-
– Ikke bli besatt av målinger når du trener