– Den
nasjonale grunnforteljinga om heltar og skurkar under andre verdskrig har tapt
glansen sin.
Det seier litteraturprofessor Unni Langås ved Universitetet i Agder (UiA).
Ho er aktuell med ein ny bok om korleis krigsforbrytarar vert framstilte i dagens kunst- og kulturuttrykk.
I 80 år har den norske forteljinga om krigen vore nokså eintydig.
– Bildet av eintydige heltar og svikarar vert nyansert, seier litteraturprofessor Unni Langås.(Foto: Kjell Inge Søreide)
På den eine sida stod kongen, gutta på skauen og dei gode nordmennene. På den andre sida Vidkun Quisling, svikarane og dei vonde tyskarane. Denne svart-kvite framstillinga vert no utfordra.
Nye
forteljingar gir nye tolkingar
– Nye
forteljingar kjem stadig med nye tolkingar av korleis vi forstår og minnest
krigen. Nokre av dei forsøker også å endre vårt syn på fortida på enkelte
område, seier Langås.
Boka inneheld
14 studiar av nyare forteljingar der svikaren, landsforrædaren og andre krigsforbrytarar
står i sentrum. Forteljingane er henta frå sakprosa, dikt og romanar. Men også
kunstverk, framsyningar på teater og minnestader vert sett på som forteljingar.
Minnestudiar
undersøkjer korleis vi hugsar fortida
Minnestudiar er ikkje historiske studiar av det som faktisk har skjedd, men handlar
om å undersøkje korleis vi skaper og held ved like minne om fortida.
– Minnestudiar
dreiar seg om korleis vi opplever og tolkar det som har skjedd og formidlar det
vidare i film, bok og andre former for forteljing, seier Langås.
Grunnforteljinga
under press
Heilt
sidan 1945 og fram til rundt 1990 har den norske forteljinga om krigens heltar
og svikarar vore nokså einsarta. Forteljinga har etablert seg som den nasjonale
grunnforteljinga om krigsåra.
–
Grunnforteljinga viser korleis nasjonen gjerne vil forstå seg sjølv, men ho har
ikkje særleg rom for nyansar. Her er du anten blant dei gode eller dei vonde,
blant heltane eller svikarane, seier Langås.
Grunnforteljinga var pensum på lærarskule, småskule
og vidaregåande fram til nyare tid. I tillegg var forteljinga gjerne ein del av
17. mai-talane rundt om i landet. Slik vart minna om heltar og svikarar haldne
ved like.
Men
frå omkring 1990-åra har stadig fleire barn, barnebarn og oldebarn laga
forteljingar om familiemedlem som ikkje var krigsheltar. Det er ein
internasjonal trend som også gjeld her i landet.
– Nyare
forteljingar om krigen handlar stadig oftare om dei som hamna på feil side. Det
har kome talrike framstillingar av krigsforbrytaren dei siste åra, seier Langås.
Annonse
Sjølvransaking og oppgjer
Eit
tema som stadig dukkar opp i dei nye forteljingane, er ein oppvekst fylt av
skam og forteiing. Etterkomarane tek eit oppgjer med ei tid og ein krig som
ikkje var deira eigen, men likevel har prega dei og deira familie i mange år.
– Det
handlar både om trongen til å bli kjent med slekta si – og frykta for å kjenne
seg igjen i dei. Mange er redde for at deira eigen identitet er prega av det
ekstreme hos ein far som torturerte eit offer, eller ein oldefar som sveik
landet, seier Langås.
Sjølv
presenterer ho mellom anna ein analyse av forfattarane Erlend Wichne, Wencke
Mühleisen og Ida Jackson i artikkelsamlinga.
– Dei
fortel på eit vis ei dobbel historie. Dei fortel om ei nazistisk fortid i nær
familie og gjer eit forsøk på å forstå seg sjølv og sitt eige liv i dag ut frå
det, seier ho.
Monster
vert menneske
At
krigsforbrytarane no vert framstilte som nyanserte menneske i staden for
monster, betyr ikkje at dei vert frifunne eller framstilte som skuldfrie.
– Det betyr berre at bildet av eintydige heltar og svikarar vert
nyansert. Å komme nært innpå forbrytaren gjer at personen vert meir enn berre
forbrytar. Han vert far, bror, familiemann, seier Langås.
Nye røyster snakkar
Ho minner om at det slett ikkje er nytt at den oppfatninga vi har av
krigen i stor grad er basert på filmar og litteratur.
– Fortida er over, men minna vert stadig gjenfortald
på gamle og nye måtar. Dagens forteljingar er ei slags ny forhandling med
grunnforteljinga om det rette perspektivet på fortida, seier Langås.
Nye bøker og filmar skaper debatt om grunnforteljinga
og måten vi forstår krigen på. Slik oppstår nye tankar og førestillingar om
fortida, forklarer forskaren.
Annonse
– Hugs
til dømes at verken jødar eller kvinner var ein del av minna om den norske
krigen i dei første tiåra etter krigen, seier Langås.
Ho viser
til boka om Herman Sachnowitz, «Det angår også deg» frå 1976, som ei av dei
første bøkene om krigen sett frå eit norsk-jødisk perspektiv.
– Også
forteljingar om kvinner som fekk barn med tyske soldatar har fått nye
tolkingar. Etter krigen vart dei skamplikte og kalla tyskertøser. I nyare
forteljingar vert dei også tolka som unge og forelska kvinner, seier ho.
Kunst formar minne
For Langås
er det viktig å understreke at desse perspektiva ikkje handlar om å undergrave
sanninga om krigen, men om å utvide forståinga vår.
– Den nasjonale grunnforteljing har hatt sin
glansperiode. No ønskjer forfattarar, kunstnarar og andre som fortel om krigen å
vise fleire sider ved heltane og skurkane frå krigens dagar, seier Langås.
Minnestudier
Forsking innan minnestudiar (memory studies) er tverrfaglege. Forskingsgruppa Unni Langås leiar, har forskarar frå fag som historie, mediefag, kunstfag, teater og litteratur.