Boka gir ei innføring i teoriar og metodar for korleis elevar kan samarbeide om å skrive tekst med kvarandre – og med kunstig intelligens.
– Det å skrive saman og med verktøy som ChatGPT kan fremje læring under skrivearbeidet, seier Sørhaug.
Slik kan elevar skrive saman
Samskriving inneber at to
eller fleire lagar ein tekst i fellesskap.
Lese- og skriveforskar Jon Olav Sørhaug har skrive ei innføringsbok om å skrive saman, med og utan kunstig intelligens.(Foto: UiA)
Sørhaug har forska på
korleis elevar frå sjette trinn til vidaregåande jobbar med dette.
– Du kan sjølvsagt lære
mykje av å skrive åleine. Men forskinga viser at samarbeid gir noko meir.
Elevane forhandlar med kvarandre undervegs. Dei diskuterer moglege løysingar og
justerer teksten undervegs. Det styrkjer både skrivinga og tenkinga, seier han.
Sørhaug viser til nyare
hjerneforsking og veletablerte pedagogiske innsikter for å understreke kor
viktig samarbeid og samtale kan vere for å lære.
– Elevane lærer seg å
setje ord på kunnskapen sin. Samtalen styrkjer deira munnlege evne til å
diskutere og prøve ut ulike perspektiv. Dessutan bidreg samtalen til at
kunnskapen festar seg betre, seier han.
Sørhaug peikar på
forskarar som Lev Vygotsky og Michail Bakhtin. Dei legg vekt på at kunnskap
vert til i fellesskap. Eit godt sosialt miljø og god dialog i klassen skaper
gode vilkår for å lære.
Med roboten som
medskribent
Samskriving er ikkje nytt
i skulen. Det nye er språkrobotane og kunstig intelligens.
Sørhaug
seier at robotane kan gi nye høve for samskriving. Han har observert at elevane
bruker dei som assistent, sparringspartnar eller læremeister under
skrivearbeidet.
Men det
krev innsikt å bruke roboten rett. Ikkje minst må elevane lære å skrive presise
instruksar til robotane.
– Språkrobotane er trente
på store mengder tekst. Dei bruker avanserte modellar for språk og skriving.
Svara du får, kjem heilt an på kva du ber om. Derfor må elevane lære seg å gi
gode instruksjonar. Det handlar om å vere presis og vurdere svara kritisk,
seier han.
Jon Olav Sørhaug er aktuell med boka Samskriving i skolen, med og utan kunstig intelligens.(Foto: Samlaget)
Rollespel er ein av
metodane Sørhaug føreslår. Du kan be roboten vere ein skrivelærar som skal
hjelpe deg til å skrive i ulike sjangrar.
– Mitt klare råd er at læraren
må hjelpe elevane å bruke roboten som partnar og lærar. Roboten er ikkje fasit
eller tekstprodusent. Det viktigaste er at elevane eig teksten sin og lærer av skriveprosessen,
seier han.
Positiv til kunstig
intelligens, på visse vilkår
Annonse
Sørhaug er positiv til å
bruke kunstig intelligens i skulen, men ikkje heilt utan vidare.
– Språkmodellar kan
støtte læring når bruken av kunstig intelligens er styrt av læraren etter
pedagogiske formål. Det betyr at læraren må kunne teknologien. Og elevane må få
trening i å bruke han på ein gjennomtenkt måte.
I barneskulen meiner han lærarane
bør vere særleg varsame i bruken av teknologien.
– Elevane må først lære
seg grunnleggjande ferdigheiter innan lesing og skriving. Seinare i skoleløpet
kan kunstig intelligens verte eit godt verktøy, men det krev modning, seier
han.
Det er viktig å tenkje
sjølv
Ei utfordring med kunstig
intelligens er at elevar kan verte passive. Sørhaug har observert at somme
berre kopierer forslag frå roboten utan å tenkje sjølv.
– Dei elevane som får
mest ut av teknologien, er dei som les og tilpasser forslaga som kjem frå
roboten. Det krev kritisk sans og fagleg tryggleik, seier han.
Han viser også til
forsking der han brukte skjermopptak for å sjå korleis elevane samarbeidde med
språkrobotar.
– Eg såg tydelege skilnader:
Dei som las, vurderte og redigerte, lærte antakeleg mest. Dei som berre limte
inn teksten, fekk truleg lite ut av det.
Viktig med tilbakemelding undervegs
– Mange elevar kjenner
seg ferdige når dei har skrive eit utkast. Men det er i den fasen du reviderer teksten
han vert god. Profesjonelle skrivarar veit det. Derfor er det viktig å lære
elevane å jobbe vidare med tekstane sine etter at dei har skrive utkast, seier
han.
Sørhaug understrekar at
elevane lærer meir viss dei får respons mens dei skriv, og ikkje i etterkant. I
skulesamanheng er det ofte eit problem. Elevane får først respons på ei
innlevering etter éi eller to veker.
Annonse
Her kan kunstig
intelligens bidra.
– Robotane gir raske
tilbakemeldingar undervegs. Det motiverer elevane til å revidere og forbetre
mens dei er i gang, seier han.
Kombinerer teori og praktiske døme
Den nye boka er meint for
lærarstudentar og lærarar i skulen. Ho kombinerer forsking, teori og praktiske
døme.
– Eg har brukt to og eit
halvt år på å skrive boka, og ho bygger på erfaringar frå klasserom, forsking
og samarbeid med lærarar, seier Sørhaug.
Boka inneheld òg 20
konkrete undervisningsopplegg for samskriving, frå mellomtrinnet 5.-7. og heilt
opp til universitetet.
Skriving er meir enn individuell prestasjon
– Når elevane skriv
saman, lærer dei fagleg innhald, men utviklar også samarbeidsevne, språk og
kritisk sans. Dei forklarer, lyttar, forhandlar og tilpassar seg kvarandre
under arbeidet, og det gir også læring.
Tradisjonell
skriveundervisning har ofte lagt vekt på individuelle ferdigheiter. Sørhaug
ønskjer å løfte fram samskriving som eit alternativ, og som eit nyttig
supplement.
– Vi må sjå på skriving
som noko sosialt og samarbeidsretta. Det handlar ikkje berre om tankar i
hovudet, men om kommunikasjon og samhandling, seier han.
Referansar:
Jon Olav Sørhaug: Samskriving
i skolen, med og utan kunstig intelligens. Samlaget, 2025. (Samandrag)
Annonse
Jon Olav Sørhaug: «Takk for en flott diskusjon!» Med chatboten Sokrates
som samtalepartnar i tre elevgruppars fagsamtalar i Kåre Kverndokken og Jannike Ohrem Bakke (red.): 101
måter å fremme muntlige ferdigheter på.