Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Det kryr av liv i Oslofjorden – men det er mykje småfisk

Tiltaka i Oslofjorden trer i kraft i januar. No samlar havforskarane ekstra før-data, for å kunne følgje effektene.

300 timar video syner: Mykje småfisk.

Publisert

– Det er stort mangfald og mykje liv i Oslofjorden, seier havforskar Alf Ring Kleiven. 

– Men det er mykje smått. 

Dei siste vekene har havforskarane vore på feltarbeid i Oslofjorden. Der har dei senka ned videoriggar til fjordbotnen.

Forskarane bruker digitale teiner

– Desse riggane er som digitale teiner, som er agna for å lokke til seg dyr. Men i staden for å fange dyra, filmar vi dei, seier Kleiven. 

To forskarar har sett på grunna – frå fem til 40 meters djup – på utvalde stasjonar. Ein annan har vore på djupna.

Havforskarane samlar data på korleis tilstanden i ulike delar av Oslofjorden er i dag.

– Dette legg grunnlaget for at vi kan følgje med på korleis økosystemet endrar seg etter at forvaltingstiltaka vert innførte, seier Kleiven.

Samlar «før»-data for å kunne måle effekten av tiltaka

1. januar 2026 trer ei rekkje fiskeritiltak i kraft i Oslofjorden – mellom anna tre nullfiskeområda i indre deler av fjorden og ved nasjonalparkane i ytre fjord på Færder og Ytre Hvaler. 

Ifølgje regjeringa er målet med tiltaka å styrke fiskebestandane og å gje økosystemet i fjorden rom til å hente seg inn att. 

For å kunne måle effekten av tiltaka og kartlegge mogelegheitene for langtidsovervaking, samlar havforskarane no ein drøss av data – frå løsmasser frå havbotnen til vevsprøver frå fisk. 

Dei brukar heile spekteret av verktøy frå undervassdronar til akustisk telemetri, og å  dra inn garn eller not frå stranda.

Dei seks videoriggane har vorte sette ut på førehandsdefinerte plassar. Dei filmar ein time kvar stad, før dei vert flytta vidare til nye plassar for nye opptak

– Vi har ikkje sett noko til dei større rovfiskane

Forskarane har nyleg sett ut videoriggar som spionerer på livet på botnen. Riggane har samla inn 300 timar film – både frå alle dei tre nullfiskeområda og kontrollområde. 

– Riggane filmar i stereo med to kamera, noko som óg gjer at vi kan måle størrelse på dyra, forklarar Kleiven.

Biletet havforskarane har sett konturane av så langt, stemmer med det forskinga også har teikna opp: Det er mykje småfisk. 

– Vi har ikkje sett noko til dei større rovfiskane, topp-predatorane, i dei grunnare områda. På djupet var det nokre pigghå, skater og større sei, seier havforskaren.

Kysttorsken slik – har krympa

Tidlegare forsking har synt at kysttorsken slit – bestanden har vorte mindre og torsken har til og med «krympa».

Dei hundrevis av timane med film er endå ikkje analyserte, men til no har ikkje havforskarane sett noko torsk over 20 til 25 centimeter i videoane. 

– Kviting er torskefisken vi har sett mest av. Dei kan sjå ut til å trivest i litt mørkare vatn, som i dei meir grumsete delane av Tønsbergfjorden og ved Breiangen utanfor Drøbak, seier Kleiven. 

Innover i fjorden, ser det ut som sjøpung-samfunna har hatt det godt. Dette er frå Breiangen, og her er også ein ungtorsk.

– Det er ein spennande og mangfaldig fjord

Samstundes husar Oslofjorden ein fascinerande variasjon i leveområder, naturtypar og artar.

– Det er ein spennande og mangfaldig fjord – frå frisk tareskog i ytre område til dei vulkanske øyane som ligg som ei kjede innover Oslofjorden, med sitt eige leveområde på botnen, seier Kleiven.

– Vidare innover i fjorden kjem vi til eit sjøpung-samfunn som ser ut til å ha hatt eit veldig godt år, seier han.

Havforskerane er i gang med å samle ei rekkje ekstra før-data.

Om innsamlinga:

Innsamlinga av før-data er finansiert av Miljødirektoratet.

Før-datainnsamlinga er sett i verk for å kombinerast med allereie eksisterande tidsseriar i Oslofjorden. I datainnsamlinga vert ulike metodar nytta:

  • Stereo-videoriggar (BRUVs)
  • Slepekamera
  • Sedimentgrabbar
  • Sedimentprofilbilete
  • Akustisk telemetri
  • Autonome undervassfarkostar (AUV)
  • Hydrofonar
  • Innsamling av muskelbiopsiar
  • Avanserte ekkolodd
Powered by Labrador CMS