Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanen for den norske skulen er:
Berekraftig utvikling
Demokrati og medborgarskap
Folkehelse og livsmeistring
Temaa skal
bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhengar på tvers av fag.
I kor stor grad dei oppnår det, heng naturleg nok saman med korleis læraren tenkjer. Forskar Marthe Arntzen frå Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo har intervjua ti naturfaglærarar frå ungdomstrinnet i eit stort norsk fylke.
Ho spurde om korleis dei oppfattar omgrepet berekraftig utvikling, og kva dei meiner bør vera læringsutbytet til elevane.
– Berekraftig utvikling vert gjerne delt i tre overlappande dimensjonar: den økologiske, den økonomiske og den sosiale dimensjonen. Sidan dette var naturfaglærarar, var det ikkje heilt uventa at dei fleste kom inn på den økologiske dimensjonen. Den har med miljø og klima å gjera, fortel Arntzen.
Godt utgangspunkt
– Mange nemnde òg økonomien, og rundt
halvparten kom inn på det sosiale. I tillegg snakka nokre av lærarane om den
politisk/etiske og den teknologiske dimensjonen.
– Naturfag er tradisjonelt faktabasert, med kunnskapar som er enkle å undervisa og vurdera, seier Marthe Arntzen.(Foto: UiO)
Arntzen forklarar vidare at sjølv om
lærarane ikkje har nemnd ein eller fleire av dimensjonane eksplisitt når dei har blitt intervjua, har dei ei forståing om at berekraftig utvikling handlar om samspelet mellom dei ulike dimensjonane.
Utgangspunktet for å gje undervising i
berekraftig utvikling var dermed rimeleg godt.
Eit anna spørsmål er kva
lærarane tenkjer læringsutbytet til elevane skal vera gjennom undervising om
berekraftig utvikling.
Nokre typar kompetanse er enklare å vurdere
– Eg definerte tre tema som læringsutbytet
til elevane kan delast inn i: kunnskap, ferdigheiter og tankesett. Kunnskap
inkluderer både fagkunnskap, kunnskap om konsekvensar og kunnskap om tiltak ,
seier Arntzen.
– Temaet ferdigheiter handlar om å
tileigna seg og bruka kunnskapen, å tenkja kritisk, og å kunna sjå perspektiv
og samanhengar. Det siste temaet er tankesett: å ha berekraftige haldningar,
vera bevisst på berekraftige utfordringar, og å ha empati.
Desse temaa femner det ein kan kalla
kompetansar i berekraft. Arntzen fortel at dei fleste lærarane har forståing for
at kompetansar innan temaa ferdigheiter og kunnskap er viktige for elevane.
– Men kompetansar innan tankesett er ikkje
naturfaglærarane like gode til å inkludera som læringsutbyte. Kanskje det har
samanheng med at naturfag tradisjonelt er faktabasert, med kunnskapar som er
enklare å undervisa og vurdera, seier Arntzen.
Får ikkje klart definerte læringsmål
– Dermed ender det fort med at
tankesett-temaet vert overlate til samfunnsfag eller KRLE. Det er eit poeng at
naturfag òg må inn på denne biten.
Annonse
Kunnskap, ferdigheiter og tankesett skal
til saman gjera elevane i stand til å tenkja på berekraft som ein heilheit.
– Læringsutbyta som
naturfaglærarane har identifisert reflekterer kompetansar som dei sjølv tenkjer
er viktig for elevane. Likevel kjem det ikkje fram korleis dei vil setja i verk desse
kompetansane i læringsmål for elevane, seier Arntzen.
– Men korleis kan elevane forstå kva som vert
venta av dei når det gjeld bærekraftkompetansar, når dei ikkje får klart
definerte læringsmål ut over rein kunnskapsoppnåing? Læraren sin intensjon med
undervisninga vil dermed ikkje nå heilt fram til elevane.