Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Grisane vart sjuke sjølv om dei fekk vaksine
Forskarane trudde dei hadde funne ein vaksine mot den alvorlege sjukdommen. Men grisane vart sjuke sjølv om dei hadde utvikla antistoff.
I Danmark finst det meir enn dobbelt så mange grisar enn menneske. Grisane kan få si eiga form for lungebetennelse, forårsaka av bakterien Actinobacillus pleuropneumoniae.
– Jamleg skjer store utbrot av sjukdommen, men enno finst det ikkje nokon vaksine mot bakterien. Dermed finst det ikkje anna behandling enn antibiotika, og vi veit jo kva problem det fører med seg med resistens, seier professor Hanne C. Winther-Larsen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
Hausten 2021 var ho gjesteforskar i forskargruppa til Miki Bojesen ved Institutt for Veterinær- og Husdyrvitenskap på Københavns Universitet.
Forskargruppa hadde utvikla ein vaksine basert på vesiklar frå A. pleuropneumoniae og optimismen var stor. Vesiklar er små utposingar på celleveggen til bakterien og fungerer som kommunikasjonskanal mellom bakteriane. Dei kan òg kommunisera med vertsorganismen.
– Då vaksinane vart testa ut på grisar, utvikla dei antistoff, som jo er hensikta. Forskarane trudde derfor dei hadde nærma seg målet, fortel Winther-Larsen.
Får ikkje hamla opp med infeksjonen
Men – då dei vaksinerte grisane vart smitta med A. pleuropneumoniae, vart dei sjuke likevel. Kva hadde skjedd? Winther-Larsen blei med i jakta på svaret.
– Vi oppdaga at bakterien har utvikla ein eigen strategi som gjer at vaksinen ikkje har effekt. Han er ikkje den einaste bakterien med denne eigenskapen, men den har ikkje vore kjend hjå denne bakterien tidlegare.
Antistoffa utgjer berre ein del av immunsystemet, og i dette tilfellet kunne dei ikkje kjempa mot infeksjonen åleine.
Trikset til A. pleuropneumoniae er at vesiklane hemmar andre delar av immunsystemet. Då kan antistoffa vera anti så mykje dei vil, på eiga hand får dei ikkje hamla opp med infeksjonen.

Gjev ikkje opp håpet om vaksine
– Under ein infeksjon vil det òg vanlegvis skje ein betennelsesreaksjon i kroppen. Ein type signalmolekyl som heiter cytokinar blir produsert og gjev beskjed til immunceller som kvite blodceller om å rykkja ut og angripa inntrengjarane, forklarar Winther-Larsen.
– Men når vesiklane stoppar cytokinane frå å gje beskjed, anar immuncellene fred og ingen fare medan infeksjonen rasar i kroppen.
Sjølv om ein vaksine basert på vesiklane til bakterien ser ut til å vera eit blindspor, gjev ikkje forskarane opp håpet om å beskytta grisane mot lungebetennelse.
– Det finst fleire andre moglegheiter for å utvikla ein vaksine. Jakta held fram, seier Winther-Larsen.
Referanse:
Zhuang Zhu, Hanne Cecilie Winther-Larsen mfl.: Outer Membrane Vesicles of Actinobacillus pleuropneumoniae Exert Immunomodulatory Effects on Porcine Alveolar Macrophages. Pathogenesis and Host Response, 2022. Doi.org/10.1128/spectrum.01819-22
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER