DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Desse er mest utsette for ulykker i bygg og anlegg

Ekspertar har kartlagt kven som oftast blir skadde på jobb i Noreg.

I bransjane bygg og anlegg er det mange tilsette som vurderer risikoen for å bli utsett for ei arbeidsulykke som middels eller stor.
Publisert

Bygg og anlegg er blant næringane i det norske arbeidslivet som er mest utsett for ulykker. Her er det høgare førekomst av ulykker enn i arbeidslivet samla sett. Dødsfall etter arbeidsskade har skjedd kvart år.

I 2024 og 2025 omkom to personar på jobb i bygg- og anleggsverksemd kvart av åra. Dette er dei lågaste tala i siste tiårsperiode.

Unge menn er overrepresentert

I 2024 vart det registrert 3.902 arbeidsskadar i bygg og anlegg. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 

Statistikken viser at dei yngste arbeidstakarane i næringa er overrepresenterte. Det vil seie dei under 25, både kvinner og menn.

– Éi forklaring på dette kan vere at dei yngste arbeidstakarane har mindre erfaring. Det er også ofte dei som gjer dei mest ulykkesbelasta arbeidsoppgåvene. I mange yrke kjem ein gjerne over i mindre ulykkesbelasta jobbar når ein blir noko eldre.

Det seier Hans Magne Gravseth. Han er overlege ved STAMI og medforfattar av rapporten.

I tillegg til den yngste aldersgruppa er det ein markant kjønnsskilnad i dei registrerte arbeidsskadane:

  • 95 prosent av arbeidsskadane i 2024 gjeld menn. Bransjen er mannsdominert, noko som delvis forklarer dette.
  • Menn og kvinner har ofte ulike yrke og gjer ofte ulik type. Dette kan også påverke ulykkesrisiko.
  • I snitt er menn i bransjen dobbelt så utsette for ulykker som kvinner.

Yrkesgrupper nyanserer bildet

Rapporten presenterer for første gong ulykkesstatistikk for yrket handverkarar. Det er ei av dei største yrkesgruppene i næringa.

Statistikken for handverkarar viser at risikoen for at kvinnelege handverkarar blir skadde, berre er marginalt mindre enn han er for menn. Dette viser at mannlege og kvinnelege handverkarar er omtrent like utsette for arbeidsulykker.

Kvinner i byggje- og anleggsverksemder som ikkje er handverkarar, har mindre skadeutsette yrke enn menn. Det er til dømes kontoryrke eller reinhaldsarbeidarar.

Vanlege utfordringar i arbeidsmiljøet

Samanlikna med gjennomsnittet for alle næringar i det norske arbeidslivet rapporterer byggje- og anleggsarbeidarar om høgare førekomst av:

  • armvibrasjonar
  • sterk støy
  • innanding av ulike typar støv, røyk og kjemikaliar
  • hudkontakt med oljer og avfeittingsmidlar
  • arbeid med hender over skulderhøgd
  • tungt fysisk arbeid

I tillegg er det også ein høgare del enn gjennomsnittet som vurderer risikoen for å bli utsett for ei arbeidsulykke som middels eller stor.

Vanlege helseplager

Denne lista med utfordringar gir større risiko for ei rekkje helseplager.

Sysselsette innanfor byggje- og anleggsverksemd rapporterer høgare førekomst av helseplager, samanlikna med gjennomsnittet for alle sysselsette.

Desse helseplagene er ryggsmerter og armsmerter, luftvegsplager, nedsett høyrsel og arbeidsskadar med fråvær.

Derfor er det avgjerande å vidareutvikle arbeidet med å førebyggje ulykker og skader.

Referanse:

Bodil Aamnes Mostue, Sophie Glas og Hans Magne Gravseth: Ulykker i bygg og anlegg – rapport 2025, Samarbeid for sikkerhet i bygg og anlegg (PDF). KOMPASS NR. 1 2026, Arbeidstilsynet, 2026.

Om rapporten

Rapporten Kompass: Ulykker i bygg og anlegg – rapport 2025 gir ein kort omtale av arbeidsskadedødsfall i bygg og anlegg i 2024 og 2025, og utviklinga av arbeidsskadedødsfall i næringa dei siste ti år. Rapporten skildrar også arbeidsskadar i næringa rapportert frå arbeidsgivar til Nav i 2024 og ei utvikling på dette området dei siste elleve åra.

Powered by Labrador CMS