DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Kva skjer med arbeidsmiljøet når sjefen ikkje er eit menneske?
Tenk deg ein arbeidsplass der leiaren ikkje er eit menneske, men ein algoritme. Den fordeler oppgåver, overvaker prestasjonar og tek avgjerder som formar arbeidskvardagen din.
Digitale system baserte på kunstig intelligens er no på veg inn i meir tradisjonelle bransjar som lager, transport, kundeservice, helse og finans.
(Illustrasjonsfoto: STAMI)
Dette er ikkje lenger science fiction, men ein realitet for mange arbeidstakarar i Europa og resten av verda.
Digitalisering og kunstig intelligens gjer det mogleg å styre og evaluere arbeidstakarar ved hjelp av automatiserte system.
I eit europeisk forskingsprosjekt viser forskarar at denne forma for algoritmisk leiing kan få store konsekvensar for arbeidsmiljø og helse.
På veg inn i tradisjonelle bransjar
Algoritmisk leiing betyr at digitale system baserte på kunstig intelligens blir brukte til å fordele oppgåver, planleggje arbeidstid og overvake prestasjonar. Og i nokre tilfelle vurdere påskjønning eller sanksjonar.
– Slike system vart først tekne i bruk i plattformarbeid, som bodtenester og sjåførtenester. No er dei på veg inn i meir tradisjonelle bransjar som lager, transport, kundeservice, helse og finans, fortel Therese Dalsbø.
Ho er forskar på STAMI og deltek i eit prosjektet om algoritmisk leiing.
Forskarane har spesielt undersøkt korleis slik styring med kunstig intelligens kan påverke sentrale psykososiale faktorar i arbeidslivet.
Dei har særleg søkjelys på tryggleik og helsemessige konsekvensar.
Dette viser forskinga
Dei har gått gjennom over 600 vitskaplege artiklar og rapportar og analysert 39 studiar publiserte mellom 2022 og 2024.
På bakgrunn av det arbeidet har dei laga ein ny rapport.
Hovudbiletet er tydeleg: Jo meir omfattande algoritmisk styring er, desto større er risikoen for psykososiale belastningar og helseplager.
Studiane viser mellom anna samanhengar mellom høg bruk av algoritmisk leiing og:
- Auka arbeidstempo og tidspress.
- Mindre sjølvråderett i jobben.
- Svekt tillit og samarbeid.
- Uvisse rundt korleis vurderingar og avgjerder blir tekne.
- Auka stress, søvnproblem og risiko for å bli utbrent.
Teknologien kan bidra positivt
I nordiske undersøkingar rapporterte tilsette mykje høgare stressnivå der algoritmisk leiing vart brukt på fleire område samtidig.
Døme kan vere planlegging, overvaking og måling av prestasjon.
Samtidig viser forskinga at teknologien ikkje treng å vere skadeleg i seg sjølv. Det kan vere mogleg å bruke teknologien på ein måte som kan bidra positivt i arbeidsmiljøet.
– Der systema blir brukte ope, med tydeleg formål, menneskeleg tilsyn og reell medverknad frå tilsette, kan dei også bidra til betre planlegging og meir føreseieleg arbeidskvardag, understrekar Dalsbø.
Behov for nye reglar og praksisar
EU har no vedteke ei eiga forordning om kunstig intelligens (EU AI Act). System for algoritmisk leiing blir der rekna som høgrisiko-teknologi.
Det betyr at arbeidsgivarar får nye plikter knytt til risikovurdering, openheit og menneskeleg kontroll.
Resultata frå forskingsprosjektet viser derfor at det er eit behov for å inkludere algoritmisk leiing og KI i det systematiske HMS-arbeidet.
Ny teknologi kan bidra til eit berekraftig arbeidsliv. Men da må ein utforme og bruke han på ein måte som tar vare på både effektivitet, helse og arbeidstakarar sine rettar, meiner Dalsbø.
Referanse:
Jorge Martín González mfl.: Algorithmic management and AI-based systems as a new form of work organisation: Psychosocial factors and implications for Occupational Safety and Health (pdf). Perosh, 2025.
Meir om prosjektet
Det europeiske forskingsprosjektet heiter ALMA-AI. Det består av bidrag frå åtte europeiske arbeidsmiljøinstitutt i PEROSH-nettverket, med STAMI som norsk deltakar.
ALMA er ei forkorting for Algorithmic Management.
Målet med prosjektet er å undersøkje forskinga som har sett på kva konsekvensar slike system kan ha for arbeidsmiljø og arbeidshelse.
Forskarane skal óg lage eit grunnlag for førebygging og regulering.
Les også disse sakene fra STAMI
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER