DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Nytt verktøy skal verne helsepersonell i kriser
Ein metode som kartlegg belastningar kan sikre at helsearbeidarar får den støtta dei treng.
Dersom risikofaktorar i arbeidsmiljøet er godt kartlagt, er det lettare å sette inn gode tiltak som kan støtte helsepersonell i ein krisesituasjon.
(Illustrasjonsfoto: STAMI)
Under kriser som koronapandemien, står helsearbeidarar overfor store yrkesrelaterte risikoar.
Dei har høgare risiko for smittesame sjukdomar, høgt arbeidspress, psykososiale belastningar og utilstrekkelege ressursar.
Men det er ikkje lett å få oversikt over risikofaktorane. Når dei ikkje blir oppdaga tidleg, er det heller ikkje lett å vite kva tiltak ein bør setje inn. Helsepersonell treng støtte for å arbeide både under og etter helsekriser.
Verktøy som måler risiko
Forskarar ved STAMI har undersøkt kor nyttig og påliteleg FORCE-indeksen er. Dette er eit verktøy som er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.
Indeksen skal måle desse risikofaktorane i arbeidsmiljøet til helsearbeidarar i krisesituasjonar.
FORCE står for «Frontline health workers’ Occupational Risk and Characteristics in Emergencies».
Med verktøyet kan ein evaluere tilhøve som gjev både risiko og vern i arbeidet. Slik kan ein sjå kva som påverkar evna helsearbeidarane har til å handtere krisesituasjonar.
Ni viktige faktorar
STAMI-studien byggjer på ei spørjeundersøking med svar frå nesten 2.500 helsearbeidarar. Dei delte erfaringane sine frå dei fire første bølgjene av pandemien, frå 2020 til 2022.
Studien viser at indeksen er eit robust og påliteleg verktøy for å måle både risikoar og motstandsevne hos helsearbeidarar under kriser.
Fangar opp sentrale arbeidsforhold
– Indeksen fangar opp sentrale arbeidsforhold. Den er eit viktig steg mot ein meir systematisk og vitskapleg tilnærming til temaet, seier STAMI-forskar Dagfinn Matre.
– Resultata kan vere nyttige å bruke for helsestyresmakter og arbeidsgivarar til å betre forstå og forbetre arbeidsforholda for helsepersonell i krevjande situasjonar, legg han til.
Studien konkluderer med at indeksen kan brukast i framtidige kriser for å betre forstå kva faktorar som påverkar helsearbeidarar sin evne til å handtere arbeidsbelastninga.
Studien er ein del av eit større prosjekt organisert av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, kalla Stress og helseplager hos sykehuspersonell i løpet av Covid-19-pandemien.
Referanse:
Synne Øien Stensland, Dagfinn Matre mfl.: Development and psychometric validation of the frontline health workers’ occupational risk and characteristics in emergencies index (FORCE-index) – The covid Hospital cohort study. Public Health in Practice, 2025. Doi.org/10.1016/j.puhip.2025.100582
Les også disse sakene fra STAMI
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER