Annonse

Maktesløyse overfor sårbar ungdom

Om 15 år gamle «Tina» får fosterfamilien i vrangstrupen og vil flytte på dagen, er det vanskeleg for barnevernet å hindre henne. Eit ofte impulsivt val kan dermed få store følgjer for ungdommen sitt vidare liv.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om rapporten

Rapporten «Hjem igjen» tar for seg samtlege fylkesnemndvedtak frå 2001 etter barnevernlovas paragraf 4-21 (oppheving av vedtak om omsorgsovertaking), og kommer med følgende hovedkonklusjoner:

- Ungdomar i barnevernet flyttar heim til dårlege omsorgstilhøve.

- Dårlege bremsemekanismar i barnevern og fylkesnemnder.

- Hjelpeapparatet «skjønnmalar» situasjonen i heimane på papiret.

- Tilknyting til fosterforeldra vert tillagd lite vekt i tilbakeføringssaker.

Sakene omfatta 179 barn. For halvparten av barna fatta nemndene vedtak om oppheving av tidlegare omsorgsvedtak.

Barna som vart vedtatt tilbakeført var først og fremst eldre barn og ungdommar der foreldre og kommune var samde om tilbakeføring. Desse sakene fekk såkalla forenkla behandling, der nemndene kun tok stilling til ei «papirsak» og partane ikkje måtte møtast for å bli høyrt i saka.

44 av sakene i nemnda gjaldt ungdom i alderen 15-17 år, av desse fekk 37 forenkla behandling. Dei fleste av ungdommane hadde allereie flytta heim til foreldra.

Rapporten er skrevet av Toril Havik, Karen Hassel og Anne Poulsson.

- Barnevernet er oftast makteslause når ungdommane vil flytte ut av fosterheimen, sjølv om dei vel å flytte heim til dårleg fungerande foreldre eller på hybel, noko dei eigentleg har dårlige føresetnader for.

Det seier sjefpsykolog ved Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet, Toril Havik. I rapporten «Hjem igjen? En analyse av fylkesnemndas vedtak etter barnevernslovens paragraf 4-21» går det fram at ungdom som vil flytte frå fosterforeldra og heim til dei biologiske foreldra, eller vel å flytte for seg sjølv, svært sjeldan blir hindra i dette.

- Vi var overraska over at det var så mange ungdommar som sjølv bestemte over eigen situasjon. Tenåra er ei svært turbulent tid, og ikkje minst for barnevernsbarn. Fosterforeldre kan for mange ungdommar i tenåra kan framstå som kravstore - og dette er ungdom som kan vere så skada at dei kan vere vanskelege å hjelpe.

Lite positive endringar hjå foreldra

Rapporten viser at verken barnevernet eller fylkesnemnda ser ut til å ha noko å stille opp med, og sårbare ungdommar er dermed overlatne ansvaret for sin eigen lagnad.

- Her er det for dårlege bremsemekanismar, og spontane handlingar kan få livslange konsekvensar, meiner den erfarne barnevernsforskaren.

Ho meiner og at det er oppsiktsvekkande at det i få tilfelle vart vurdert at det hadde skjedd positive endringar hjå foreldra som gjorde at dei no var i stand til å yte såkalla forsvarleg omsorg for ungdommane. Elles var det ungdommens eigen vilje og manglande alternativ som syntest å ha vært avgjerande for at omsorgsvedtaket vart oppheva.

- Manglande omsorg ser ikkje ut til å vurderast som så viktig i nemndene for ungdom som barn. Fordi ungdommane allereie har flytta ut diskuterer ikkje nemndene verken tilknyting eller omsorgsevne. Så vel barnevernstenesta som fylkesnemnda ser i mange av sakene ut til å vere i ein slags tvangssituasjon der det ikkje er noko reelt val når tenåringane unndreg seg omsorg.

- Ein bør heller seie at ein er makteslaus enn at det er best for barnet å komme heim, men det beste hadde vore å få rigga til eit omsorgstilbod som fungerer, seier Havik.

Tilrår full nemnd

Toril Havik trur handsaming av desse ungdomssakene i full nemnd kan fungere som ei bremse.

- Når ein i forenkla handsaming grunngjev omsorgsvedtak med at foreldre kan gje forsvarleg omsorg er det ei skjønnmaling, seier barnevernsforskaren.

Ho peikar på at forsking frå England viser at mange ungdommar søker tilbake til fosterforeldra når dei når tidleg vaksenalder, og at det kan vere gode grunnar til å bremse dei frå å bryte alle band til fosterfamilien.

Binding til fosterforeldre lite vektlagt

Biologiske foreldre har høve til å fremje sak med 12 månaders mellomrom om å få oppheva vedtak om omsorgsovertaking. Tilhøvet til fosterfamilien og miljøet der barnet gjerne har levd i mange år, er lite vektlagt i nemndene.

Dei fleste barnevernsbarn lever med ei uavklart framtid. Forskarane trudde at binding til fosterforeldre skulle tilleggast sjølvstendig vekt, men fann at det kun vart nytta som understøttande argument. Dette var dei overraska over.

- Som psykolog reagerer eg på at det vert lagt så liten vekt på tilknyting og det miljøet barnet må rivast opp frå når nemndene gjer sine vedtak. Dette kan bety at barna som veit at det blir ført saker om kor dei skal vere ikkje tør knytte seg til fosterfamilien, og grunnleggande tillit og tiltru blir svekka. Forsking viser at ein av dei største risikoane for dårleg utvikling hjå eit barn er uavklart framtid, påpeikar Toril Havik.

Fosterheim var «for livet»

Praksis i barnevernssaker har dei siste tiåra endra seg sterkt. For 30 år sidan vart det brukt ein tilnærma adopsjonsmodell der ein plasserte barn i fosterheim og dette vart ei varig ordning, der barnet fekk ein ny familie «for livet». Dagens praksis legg stor vekt på høve for tilbakeføring.

I det siste har barnevernsforskarar likevel kritisert det dei ser som for sterk vektlegging av det biologiske prinsipp, altså at det beste for barnet er å vokse opp med biologiske foreldre.

- Det som kan sikre barna ei avklart framtid er at nemnda i alle saker om tilbakeføring vurderer spørsmålet om tilknyting. Når nemnda finn at slik tilknyting har skjedd bør det komme fram i vedtaket. Dette kan kanskje hindre foreldra i å fremje sak på sak der dette heilt klart ikkje er til barnets beste.

Vil ha lovendring

Barnevernlova av 1992 set to vilkår for vurderinga av tilbakeføring; om biologiske foreldre kan utøve forsvarleg omsorg for barnet, og om barnet har fått slik binding til menneske og miljø der det er, at det kan føre til alvorlege problem for barnet om det blir flytta.

Verdien av å vekse opp hjå foreldra må altså vegast opp mot barnet si tilknyting der det er. Havik trur det ville vere fornuftig å endre lova slik at det ikkje er mogleg å fremme ein sak meir enn eit visst antal gonger. I dag er det mange som fremmer saka ei rekke gonger.

Alle har «rett» til ny sak

- I dei sakene vi såg på var det regelen heller enn unntaket at saka har vore behandla i ei nemnd før. Sjølv i svært alvorlege straffesaker er det ei grense for kor mange gonger ein kan fremje ei sak, påpeikar Havik.

I Svanhild Jensen-saka, som nyleg vart avvist av Høgsterett, seier advokaten hennar at ho vil prøve saka på nytt for fylkesnemnda når det er gått eitt år. Havik vil ikkje kommentere Svanhild-saka spesielt, men stadfester at sjølv om eit vedtak frå rettsapparatet kan gje eit tidsperspektiv, til dømes at ein set som føresetnad at plasseringa blir langvarig, treng den ikkje gjere det. Foreldra står altså uansett fritt til å prøve saka for fylkesnemnda på ny etter eitt år.

Powered by Labrador CMS