Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Forskar Anders Wiik vil at kvardagsmatematikk som renteheving, skattemelding og statistikk i nyheitene vert ein meir sentral del av skulematematikken.

– Vêrmeldinga viser at folk kan meir matematikk enn dei trur

Vêrmeldinga vart tidlegare fortalt med ord, men i dag vert ho formidla med tabellar og symbol. Forskar meiner det kan tyde på at folk kan meir matematikk enn dei trur.

– Vêrmeldinga krev i dag at lesaren beherskar meir kvardagsmatematikk, seier Anders Wiik.

Han er forskar ved Universitetet i Agder (UiA), Institutt for matematiske fag.

I ein ny studie viser han korleis avisene VG og Aftenposten endrar seg frå å fortelje til å visualisere vêrmeldinga i perioden 1945–2015.

Tidleg i perioden var orda det viktigaste, men utover 2000-åra vert symbol og ikon for snø, vind og regn stadig viktigare.

Frå ord til samansette tekstar

Her er nokre av funna om kva slags former for kommunikasjon som dominerer vêrmeldinga, i perioden:

Fram til omkring 1980 er kommunikasjonen dominert av tekst med ord og tal. Forma vert gradvis fasa ut frå 1985 og framover.

Kart vert vanleg i avisene utover 1980-åra.

Omkring år 2000 vert bruken av tabellar, kart og grafar dominerande i begge aviser.

Skiftet til kart, tabellar og grafar inneber at målbare data som viser til tal og mengde har vorte stadig viktigare fram mot 2015.

Forstår verda med matematikk

– Tidlegare vart vêrmelding fortalt. Da vart ho så å seie presentert ferdigtolka i ord og setningar for lesaren. No er ho meir visuell og består av fleire delar. Da må lesarane sjølv trekkje ut og tolke informasjonen, seier forskaren.

Wiik meiner det kan tyde på at folk kan meir matematikk enn dei sjølv er klar over.

– Vêrmeldinga i avisene i dag kjem i form av samansette tekstar. Dei presenterer mengder, omfang og andre tal og skalaer ved hjelp av symbol, kart og grafar som inneheld mykje informasjon. Det krev kvardagsmatematisk kunnskap, seier han.

Han trekkjer fram kakediagram for skydekket som eit døme.

– Når skydekket vert vist fram i eit kakediagram, handlar det i realiteten om det ein på skulen kallar brøk. Her snakkar vi om heilskapen og halvparten og om ein tredjedel og ein fjerdedel. Vêrmelding med kakediagram og andre symbol er heilt konkret basert på tal. Det er matematikk, seier forskaren.

Vil ha kvardagsmatematikk på skulen

Forskaren underviser i matematikk og er oppteken av undervisnings- og læringsmetodar i matematikk.

– Det å forstå eller gi meining til tabellar, kodar, kart og ikon krev kunnskap om kvardagsmatematikk. Det burde nok skulen satse meir på, seier han.

Forskaren viser til at det gjennom fleire år har vist seg at skulematematikken skapar mange elevar med dårleg sjølvtillit til eigen matematikk-kompetanse.

 – Den veksande graden av målbare data i det offentlege rommet betyr at kunnskap om kvardagsmatematikk har vorte viktigare for at folk skal hengje med og vere med i den offentlege samtalen, seier han.

Han viser til omgrepet «matematisk literacy». Her kan vi omsetje det med kvardagsmatematikk. Og i kvardagsmatematikken handlar det om meir enn matematiske prosedyrar, fakta og svar.

– Det handlar også om kapasiteten til å trekkje ut nyttig informasjon frå samansette tekstar med ord, tal og symbol. Kvardagsmatematikk krev i grunnen god innsikt i matematikk, seier Wiik.

Må utnytte kvardagsmatematikk på skulen

Skule- og kvardagsmatematikk er ifølgje forskaren eit komplisert ekteskap.

– Skulematematikken har nok på mange område vorte for abstrakt. Den matematikken har for liten kontakt med den tal- og mengdekunnskapen folk flest treng til kvardags, seier Wiik.

Sjølv ser han gjerne at kvardagsmatematikk som renteheving, skattemelding og statistikk i nyheitene vert ein meir sentral del av skulematematikken.

– Skulematematikken vert meir balansert og i takt med samfunnet om vi får meir kvardagsmatematikk inn i skulepensumet. Slik det er i dag, skapar vi for mange elevar med dårleg sjølvtillit i matematikk, seier Wiik.

Studien om vêrmeldinga er ein del av forskinga hans. Der arbeider han mellom anna med å finne ut korleis ein kan bruke kvardagsmatematikk på skulen slik at elevar og studentar lettare lærer skulematematikken.

– Matematikk er ikkje berre reknestykke som krev at du følgjer ei oppskrift som hjelper deg å finne eit svar du kan setje to strekar under. Matematikk er også forsøk på å løyse problem der det er fleire moglege løysingar, seier Wiik.

Referanse:

Anders Wiik: Trends in everyday mathematics: the case of newspaper weather forecastsG. Nortvedt mfl. (red.): Bringing Nordic Mathematics Education into the Future: Proceedings of Norma 20, the ninth Nordic conference on mathematics education. SMDF, 2022.

 

Powered by Labrador CMS