Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.
Forskarar ved Vestlandsforsking har undersøkt korleis bre- og fjellførarar og andre i turistnæringa rundt Jostedalsbreen og Folgefonna snakkar med tilreisande om bresmeltinga.
(Foto: Halvor Dannevig)
Turistguidar bruker smeltande isbrear til å snakke om klima
I turistnæringa på Vestlandet er bresmelting blitt ein fast inngang til samtalar om klimaendringar, miljø og berekraft.
Fargen er det første som slår deg i møte
med ein isbre: kvitt på kvitt og det særeigne, blåturkise skjæret, som ei skarp
kontrast mot mørkt fjell.
Dimensjonane gjer òg inntrykk, og ein ser raskt at breen
er like farleg som han er vakker: Der dei kvite massane veltar seg over kanten
frå fjellplatået mot låglandet, ragar høge tårn av is mellom botnlause sprekker.
Kjem dei inn på klimaendringar?
Interessa for den ville fjellnaturen vakna
for alvor i Europa på 1700- og 1800-talet. Dei siste 200 åra har det gått
ein jamn straum av turistar til norske breområde, som bygdene rundt
Jostedalsbreen og Folgefonna. Men der det før berre handla om ei stor
naturoppleving, har klimaendringane kome inn som eit sørgjeleg bakteppe.
Forskarar ved Vestlandsforsking har
undersøkt korleis bre- og fjellførarar og andre i turistnæringa rundt
Jostedalsbreen og Folgefonna snakkar med tilreisande om bresmeltinga. Brukar dei
å ta opp temaet, og kva seier dei i så fall?
Farlegare frontar
Sjølv om Noreg framleis har det største
brearealet i Fastlands-Europa, er endringane synlege og iblant slåande ved
mange av dei berømte brearmane.
Enkelte av turistbreane har trekt seg tilbake med
så mykje som 275 meter på eitt enkelt år. Det store biletet er det same for dei
fleste av breane – dei krympar, og med det endrar grunnlaget for turisme seg.
Brefrontar som før var greie å ta seg opp
på for guidar med turistgrupper, er blitt brattare og farlegare. Turen fram til
isen blir òg lengre og meir risikofylt, med hyppige steinsprang og glatte
svaberg.
Heile området endrar karakter, frå vakkert til stygt og nifst: «Der
det før låg ein bre, ligg det no berre ein haug med grus», sa ein av guidane
til forskarane. «Når eg samanliknar med eldre bilete, blir eg trist», sa ein
annan.
Ved Briksdalsbreen i Stryn måtte
breførarane legge ned breføringa i 2006. Også ved Nigardsbreen i Jostedalen får
brekrympinga konsekvensar. Den populære «Familieturen» måtte leggast ned i
2019, men breførarane greier framleis å tilby guida breturar.
Elefanten i rommet
Du tenker kanskje at folk som lever av å
ta imot turistar frå ulike delar av verda, er forsiktige med å snakke om
klimaendringar? Mange har trass alt floge langt for å kome til feriemålet
Noreg.
Det tenkte forskarane òg, men studien viser at mange i turistnæringa er
blitt vande til å ta opp både at breane smeltar og at årsaka er menneskeskapte
klimaendringar.
– Alle guidane vi intervjua, sa at når dei
kom til stader der breen hadde trekt seg tilbake eller store snøfonner hadde
smelta vekk, brukte dei å gripe sjansen til å snakke om klimaendringar, fortel
Halvor Dannevig, som sjølv er bre- og fjellførar ved sidan av jobben som
klimaforskar ved Vestlandsforsking.
– Den store tiltrekkingskrafta og
symbolverdien breane har, fungerer som ein inngang til samtalar rundt klima- og
miljøendringar og berekraft, seier Dannevig.
Samstundes peika også fleire på paradokset
i at turistnæringa bidreg til at folk reiser, og slik sett til utslepp av
klimagassar som igjen smeltar breane.
– Så ikkje alle var like komfortable med å ta steget frå å snakke om
klimaendringar til å snakke om korleis dei heng saman med korleis me lever. Ein av guidane vi intervjua, sa at vi
sit i glashus, fortel han.
På grensa mellom vitskapen og den
fysiske verda
For Halvor Dannevig er smeltande brear eit objekt som opnar for
kontakt mellom to elles separate verdenar: Den vitskapelege verda på den eine
sida, med abstrakte konsept som «klimaendringar». Den fysiske verda på den andre sida, der det skjer endringar vi både kan sanse og
oppleve, som at isen krympar og brefronten flyttar seg.
Blant dei fremste vitna til dette er
breførarane. Viss smeltande brear er eit «grenseobjekt» mellom vitskapen og den
fysiske verda, kan vi kalle breførarane «grensearbeidarar» fordi dei står i ein
unik posisjon til å setje ord på det dei ser overfor besøkande.
– Slik gir dei oss andre ein sjanse til å
ta inn over oss at klimaendringane er her og at endringane skjer raskt, seier
Dannevig.
Frå sorg til handling
Ein viktig grunn til at folk i
turistnæringa tek opp temaet, er sjølvsagt at endringane går inn på dei som
menneske. Mange kjenner seg nedstemte med tanke på klimakrisa og uroar seg for
at fjellheimen slik dei kjenner han, med «evig» snø og is, kjem til å bli borte.
«Eg har ei plikt og ein rett til å
diskutere dette og framheve det», sa ein av fjellførarane forskarane intervjua.
Du hugsar kanskje bileta av bekymra
innbyggarar som dekker ein bre i Alpane med store UV-teppe for å beskytte mot
sommarsola, eller av gravferdsseremoniar for brear som Pizol i Sveits og
Okjökull på Island.
– Å bry seg om smeltande brear opnar for
ein annan måte å snakke om klimaendringar på enn den som spelar på
framtidsfrykt og dommedag, seier Dannevig.
Å fortelje om det som skjer, er
ein liknande måte å vise omsorg på, meiner han.
– Dei som jobbar som bre- og fjellførarar, bryr seg verkeleg om det dei jobbar med – både naturen, staden og folka. Dei
tek ut dette engasjementet når dei møter turistar, seier Dannevig.
Slik får dei eit slags utløp for kjensler
som sorg og avmakt, samtidig som dei sår konkrete spirer til handling hos andre.
Kjem inn på forbruk og livsstil
Ikkje alle turistar tek inn over seg det
guidane fortel. Men mange er lydhøyre og ivrige etter å stille spørsmål om det
dei får høyre.
Fleire breførarar og turistvertar fortalde
at dei då gjerne greip sjansen til å snakke meir om kva kvar og ein kan gjere
for å bidra til lågare klimagassutslepp, sjølv om enkelte kjende på eit behov
for å feie for eiga dør først og vegra seg for å gå for langt.
For dei som våga å dra samtalen litt
lenger, kunne bresmeltinga leie vidare til tema som korleis vi kan gjere kvardagen
vår grønare.
– Mange av guidane er prinsippfaste når
det gjeld å kjøpe brukt utstyr og reparere det som blir øydelagt eller å reise
mindre og køyre utsleppsfrie bilar. Fleire av guideselskapa har òg ein miljøprofil, seier Dannevig.
Referanse:
Halvor Dannevig & Tone Rusdal: Caring for melting glaciers. Tourism Geographies, 2023. DOI:
10.1080/14616688.2023.2278762
Om studien
Studien er gjennomført i Sogn og Hardanger
i regi av Vestlandsforsking i samband med forskingsprosjektet Jostice, som er
leia av Høgskulen på Vestlandet.
Studien byggjer på ei spørjeundersøking
der 40 bre- og fjellførarar deltok, og intervju med 13 representantar for
turistnæringa i dei to case-områda. Av desse var åtte bre- og fjellførarar, to
leiarar i guideselskap og tre leiarar i overnattingsbedrifter.
Les også disse artiklene fra Vestlandsforsking:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER