Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Slik hjelper fisk havet med å lagre karbon
Fisk er klimahjelparar som bidreg til å lagre og transportere karbon og regulere klimaet.
Forsking viser at fisk ikkje berre svømmer rundt som passive deltakarar. Dei er aktive økosystem-ingeniørar som formar og held ved like miljøet sitt på måtar som påverkar klimaet.(Foto: Havforskningsinstituttet)
Når karbon blir lagra i havet i staden for å bli verande i atmosfæren, hjelper det til med å redusere klimaendringar på land.
Karbon er eit av grunnstoffa som finst i
klimagassen CO₂, som kjem frå bilar, fabrikkar og andre utslepp.
– Utan fisk i djupe havområde, vil karbonet bli verande ved overflata der det lett går tilbake til atmosfæren. Fisk fungerer som transportørar som hjelper til med å få karbon ned i djupet der det kan bli lagra lenge. Men ein veit lite om rolla til kystfisk, seier Angela Martin.
Studerte fiskens avføring
I doktorgradsarbeidet hennar ved UiA har ho studert avføringa til fleire kystfiskeartar. Her kjem det fram at dei påverkar karbonlagringa i havet på fleire ulike måtar. Funnet kan si noko om korleis vi bør styre ressursane i havet.
– Folk tenker på fisk som noko vi kan hauste. Men dei har mange andre roller som vi ikkje ser eller tenker på, seier Martin, som nå arbeider som rådgjevar for britiske miljømyndigheiter.
Angela Martin fotografert på dagen hun forsvarte sitt doktorgradsarbeid, saman med Esben Moland, som var rettleiaren hennar under arbeidet.(Foto: Privat)
Martin
laga nye metodar for å studere fiskens avføring. Ho studerte avføringa frå ti
norske fiskeartar: Kviting, sei, torsk, steinulke, makrell, berggylte,
bergnebb, raudfisk, grøngylte og svart kutling.
Artane
blei samla inn i Skagerrak og på vestkysten av Noreg mellom
2018-2020. Forskaren analyserte avføring frå alle ti artane for å måle
karboninnhald.
– Å estimere karboninnhaldet i
fiskeavføring hjelper oss å lære om kor viktig fisk kan vere for å transportere
og lagre karbon i kystøkosystem, seier ho.
– Vi må forstå fisk som klimaregulatorar og områdebyggarar, ikkje berre som mat. Det kan gi oss betre havforvaltning som både beskyttar klimaet og sikrar berekraftig ressursbruk, seier Martin(Foto: Havforskningsinstituttet)
Avføringa søkk raskt til havbotnen
Ho målte
òg kor fort avføringa søkk for fire av artane: Torsk, bergnebb, berggylte og
svart kutling.
Synkefarten seier noko om kva som truleg
vil skje med karbonet i avføringa. Det viser om det raskt vil synke til havbotnen
der det kan bli liggjande lenge, eller om det sakte driv ved overflata der det
kan bli brote ned og returnert til atmosfæren på svært kort tid.
– Desse fire artane er relativt enkle å
jobbe med, og derfor valde eg å sjå berre på dei medan eg utvikla metodar
for å samle inn avføring, seier ho.
Avføringa
frå torsk, bergnebb, berggylte og svart kutling inneheldt mellom 17 og 38
prosent karbon. Samstundes så ho at avføringa søkk raskt ned til havbotnen -
mellom 2550 og 6390 meter per dag.
– Eg oppdaga store variasjonar. Same fisk kunne lage helt ulik avføring avhengig av kva den hadde spist. Fisk som hadde ete algar, laga bæsj som sokk saktare enn fisk som hadde ete organismar med skal, seier Martin.(Foto: Privat)
– Eg
oppdaga store variasjonar. Same fisk kunne lage helt ulik avføring avhengig av kva
den hadde spist. Fisk som hadde ete algar, laga bæsj som sokk saktare enn fisk
som hadde ete organismar med skal, seier Martin.
Martin
forklarar at skalmaterialet fungerer som ekstra last og får bæsjen til å søkke
raskt.
Fire
måtar fisk verker på klimaet
Forskingsarbeidet
viser at fisk har innverknad på karbonlagringa på fire hovudmåtar:
Annonse
Direkte lagring: Fisk lagrar karbon i eigen kropp og lagar karbonrik bæsj som søkk til
havbotnen.
Transport:
Fisk flyttar karbon mellom ulike havområde gjennom vandring og daglege bevegelsar
mellom grunt og djupt vatn.
Økosystem-kontroll: Rovfisk kontrollerer beitedyr og hindrar at dei øydelegg karbonrike område
som tareskog.
Næringsstoff-pumpe: Fisk transporterer næringsstoffa som gjer at plankton og planter kan vekse
og fange karbon.
Meir bæsj
om sommaren
Martin fann
også at kystfisken ho så på lager mykje meir bæsj om sommaren enn om hausten.
Dette viser at fisken bidreg til karbonlagring på ulike måtar gjennom året.
– Det er
mykje meir komplisert enn vi trudde. Fisken lagrar og frigjer karbon på same
tid. Dei pustar ut CO2, men dei lagar også bæsj som lagrar karbon, seier
Martin.
Kan
påverke fiskeriforvaltning
Forskinga
kan få praktiske konsekvensar. Martin deltar no i ei arbeidsgruppe i Det
internasjonale rådet for havforsking (ICES). Dei driv med forsking på
fiskeriforvaltning og gir råd mellom anna råd om kor mykje fisk som kan fangast.
– Vi arbeider
for at fiskeriforvaltninga ikkje berre skal ta omsyn til kor mykje fisk vi kan
fange, men også til den rolla fisken har for klimaet, seier ho.
For
Skagerrak kan forskinga ha særleg verknad. Fleire stader i Skagerrak er det veldig
djupt. Her ser forskarar høge førekomstar av karbon, men dei veit ikkje kvar karbonet
kjem frå.
– Det kan
vere at fisk frå grunnare område bidreg til å overføre karbon til dei djupe stadane,
seier Martin.
Fleire
held fram med forskinga
Martins
metode for å samle inn avføring bli no brukt av forskarar ved Universitetet i
Oslo og i Irland.
Annonse
Ein finsk forskar og ein norsk masterstudent arbeider med liknande
studiar av torsk.
– Eg
prøvde og feila på mange ting undervegs. Det er fint om andre kan lære av feila
mine, seier Martin.