Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

I mellomalderen var villmarka ein farefull stad der menneske vart sette på prøve.

Saga­forfattarane skreiv om miljø­problem allereie for 800 år sidan

Mystisk sjukdom i sagaene minner om Tsjernobyl-ulykka i moderne tid, meiner UiA-professor Reinhard Hennig. Norrøne tekstar kan gi ny innsikt i korleis menneska i mellomalderen tilpassa seg endringar i miljøet.

I norrøn mytologi er ragnarok namnet på heile verdas undergang. Men i moderne populærkultur har ragnarok også vorte sidestilt med klimakrisa.

Dette kan vi sjå mellom anna i Netflix-serien Ragnarok, eller i teikneserieromanen Embla.

Men kva tenkte mellomaldermenneska sjølve om plassen sin i naturen? Og kan dei hjelpe oss til å tenkje nytt om dette i vår eiga tid?

Kultur og miljø

– Eg trur ikkje vi vil finne ei løysing på klimakrisa i norrøn litteratur. Når vi tenkjer oss ei mogleg klimakrise i ragnarok-aktige vendingar, seier det meir om kva vi menneske fryktar i dag enn om det dei gjorde i førmoderne tid. Det seier professor Reinhard Hennig på Institutt for nordisk og mediefag på Universitetet i Agder (UiA).

Han meiner at eit økokritisk blikk på norrøne tekstar likevel kan gi oss ny kunnskap, mellom anna om korleis menneske i førmoderne tid tok omsyn til berekraft og problematiske miljøendringar.

Økokritikk er ei forskingsretning innan litteraturvitskap som ser på forholdet mellom menneskeleg kultur og miljøet rundt oss.

Vil utvide økokritikken

Hennig er ein av redaktørane av Ecocriticism and Old Norse Studies. Boka har han sett saman i lag med UiA-kollega Michael Schulte og Emily Lethbridge på Árni Magnússon-instituttet på Island.

Det har ikkje vore så vanleg å studere norrøne tekstar frå økokritiske perspektiv. Redaktørane bak den nye antologien håpar å endre dette.

– Naturmotiv i norrøne tekstar har vore studert tidlegare. Men det som kjenneteiknar den økokritiske tilnærminga, er miljøinteressa – om tekstane har økologisk relevans på nokon måte, anten for oss i dag eller for menneske i fortida, seier Hennig.

Usynlege farar i naturen

I sitt eige bidrag til antologien les Hennig islendingesagaene ut frå moderne førestillingar om miljørisikoar. Det handlar om usynlege farar som oppstår utan at ein kan vite kva eller kven som står bak.

– I desse sagaene finst det fleire fenomen der folk plutseleg blir sjuke og døyr, eller der dei blir angripe av vesen dei ikkje veit kva er. Det er ei blanding av natur og kultur, ei forureining som truar med å øydeleggje heile regionar. Det kan minne sterkt om til dømes Tsjernobyl-ulykka i moderne tid, seier han.

Islendingesagaene skildrar overgangen frå heidendom til kristendom som ei tid prega av stor uvisse. Denne uvissa viser seg blant menneska, altså i det sosiale, men også i form av skumle miljøendringar.

Farleg villmark

Ein annan av tekstane i boka tek for seg korleis forståinga av omgrep som «villmark» har endra seg over tid. Medan villmarka i dag er ein stad for rekreasjon og vakre naturopplevingar, var ho i mellomalderen ein farefull stad der både heilage og vanlege menneske vart sett på prøve.

Eit tredje bidrag viser korleis kyrkjeretten vart tilpassa miljø og klima i nordiske land. Til dømes gav han lov til sildefiske også på heilagdagar.

– Vi ville vise at økokritikken ikkje er avgrensa til ein bestemd type tekst eller periode. Både litterære tekstar, slik som sagaene og eddadiktningen, og andre tekstar, slik som lovene, er interessante å studere ut frå dette perspektivet, seier Hennig.

Det som kjenneteiknar den økokritiske tilnærminga, er miljøinteressa – om tekstane har økologisk relevans på nokon måte, anten for oss i dag eller for menneske i fortida. Her er redaktørane bak den nye boka, Michael Schulte (t.v.) og Reinhard Hennig.

Farga av tida

Ei utfordring med økokritikken er at han kan la seg farge av tankesetta i tida. Dette gjer det viktig at forskarane har den kulturvitskaplege kunnskapen om tida tekstane har oppstått i.

– Omgrepet berekraft er til dømes frå 1700-talet. Berekraftig utvikling byrja vi først å snakke om i 1980-åra. Men også eldre samfunn måtte handtere naturressursar på berekraftige måtar for å bevare livsgrunnlaget for barn og barnebarn, seier Hennig.

Han legg til at viss vi vil finne ut om det er spor av berekraftstenking også i norrøne tekstar, må vi sjå tekstane i lys av den litterære tradisjonen, kulturen og samfunnet som dei var ein del av i førmoderne tid.

– I boka viser vi nokre moglege måtar å gjere dette på, men vi drøftar også problem og utfordringar ved økokritiske lesnader av norrøne tekstar, seier han.

Referanse:

Reinhard Hennig mfl.: Ecocriticism and Old Norse Studies: Nature and the Environment in Old Norse Literature and CultureTurnhout, Belgium: Brepols Publishers, 2023. Doi: 10.1484/M.NAW-EB.5.132526

 

Powered by Labrador CMS