Annonse

Inviterer til Forskar-Grand Prix

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I mai og juni skipar UiO 200 til semifinalar i Forskar-Grand Prix i Chateau Neuf. Arrangementet rundar av med finale same stad rundt 23. september, opplyser prosjektleiar Gunn Camilla Stang i UiOs jubileumssekretariat, melder Uniforum.

– Alle doktorkandidatar frå UiO, Universitetet for miljø og biovitskap og HiOA som kan tenkja seg å presentera forskingsprosjektet sitt på ein best mogleg måte på fire minuttar, må melda seg på, oppfordrar prosjektleiar Gunn Camilla Stang i UiOs jubileumssekretariat. Dei har henta ideen frå Stavanger, Bergen og Trondheim der det var Forskar-Grand Prix i samband med Forskingsdagane i fjor.

Powered by Labrador CMS