En notis fra Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Rekordstor interesse for helse- og sosialfag ved HVL
Sjukepleiarutdanninga er meir populær enn nokon gong og har lange ventelister, medan fysioterapiutdanninga har høgast poenggrense og er det studiet som er vanskelegast å koma inn på. Det viser årets opptakstal ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
– Mange får tilbod om studieplass hos oss og vi gler oss til å ta i mot fleire tusen nye studentar ved HVL i august. Vi skal gjere vårt beste for å gi alle ein fin studiestart og ei god studietid hos oss, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, ved HVL.
Ho fortel at helse- og sosialfaga og dei økonomisk-administrative faga er dei aller mest populære ved HVL i år.
– Aldri før har så mange konkurrert om ein studieplass ved sjukepleiarstudiet, seier Selvik. Ho trur koronakrisa har ført til auka interesse for å studere helsefag.
– Sjukepleie har alltid vore ettertrakta ved HVL, men i år har det eksplodert. Vi fekk ekstra studieplassar av regjeringa i vår, og har gitt fleire tilbod. Likevel er interessa så stor at vi har ingen ledige studieplassar her eller ved nokre av dei andre helse- og sosialfagutdanningane våre, seier Selvik.
Les heile saka på heimesidene til HVL
Les også disse artiklene fra Høgskulen på Vestlandet:
-
Sterke kjensler kring el-sykling: «Gamle idiota med kondomdress so trur dei e me i tour de france. Trafikkfarlige tullinga so trur dei eige vegen. NEI TAKK.»
-
Hvor går grensen for uønsket seksuell oppmerksomhet?
-
Fem myter om krystallsyke: – Det er fullt mulig å få hjelp
-
«Sander (14)» elsker fotball og har spilt hele livet. Men hva skjer den dagen han møter motgang?
-
Dagbøkene hans frå 1800-talet er vanskelege å lese. Men dei fortel oss noko om framtida vår
-
– Barn forstår meir av verda enn vi trur