Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Sterke kjensler kring el-sykling:
«Gamle idiota med kondomdress so trur dei e me i tour de france. Trafikkfarlige tullinga so trur dei eige vegen. NEI TAKK.»

Då tre idrettsforskarar skreiv avisinnlegg om å betre forholda for el-sykling i bygda, blei kommentarfeltet fylt med hån og harme. Det blei eit gyllent høve til å forske på haldningar til el-sykling.

Idrettsforskarane Amund Riiser og Ane K. Solbraa.
Forskar Amund Riiser frykta for familiens tryggleik etter ein aggressiv kommentar i debatten om el-sykling. Det viste seg å vere ein anonym profil oppretta under falskt namn som stod bak. Til høgre står forskerkollega Ane K. Solbraa
Publisert

«Grav ned bilane og gjer Sogndal til Noregs leiande el-sykkelkommune!»

Slik var den optimistiske tittelen på kronikken som stod på trykk 20. november 2024 i Sogn Avis.

Den var skriven av idrettsforskarane Amund Riiser, Ane K. Solbraa og Solveig Nordengen Hatlevoll ved Høgskulen på Vestlandet.

Bodskapen handla om korleis ein underjordisk parkeringsgarasje kunne løyse trafikkflokane Sogndal strevde med, samstundes som betre tilrettelegging for el-sykling kunne gi både bygda og bygdefolket eit solid løft på kjøpet.

Ein forskingsbasert og oppbyggeleg bodskap, syntest dei alle tre.

Kronikken deira heldt fram slik: «Å suse opp og ned bakkar på to hjul bør bli typisk for sogningar.» Denne oppfordringa ville appellere til både bygdepatriotismen og fornufta, tenkte dei.

I staden skulle teksten deira vise seg å appellere til heilt andre sider av folk i Sogndal og kringliggande bygder. Nokre av dei, temmeleg mørke.

Kvifor gjer folk som dei gjer?

– Forskargruppa vår har forska mykje på effekten av hyppig gåing og sykling. Vi ser at det å regelmessig bruke eigen muskelkraft til å komme seg rundt i kvardagen, er ein stor helsefordel, seier Riiser.

Bakanfor handlingar som dette, ligg haldningar.

Mens handlingane ligg oppe i dagen og er lette å forske på (kor mykje el-sykling skjer det i Sogndal?) er haldningane bakanfor mykje vanskelegare å få tak i (kva synst folk om el-sykling?).

Difor blei den uvanleg harde debatten i etterkant av avisinnlegget deira ekstra interessant for dei tre forskarane.

Risikabelt å pirke borti folks helse og vanar

Saman med ein fjerde kollega, Parmita Saha, tok Solbraa, Riiser og Hatlevoll for seg alle kommentarane som kom i Facebook-feeden til Sogn Avis og på avisa si eiga nettside.

Totalt var det 77 kommentarar, og desse koda og sorterte dei i 27 ulike kodar og i 6 ulike tema.

Ut ifrå dette analyserte dei debatten grundig og systematisk.

– Det som blei heilt klart for oss, er at sjølv om mange folk er positive, finst det også framleis ein god del negative haldningar til el-sykling og tilrettelegging, seier Riiser.

Klaginga over såkalla «trafikkfarlege tullinga» verka å ha dimensjonar langt utover rein kvardagsirritasjon i trafikken.

Motstanden peika mot meir innfløkte, uoversiktlege grunnhaldningar.

De var knytt til klasse, identitet, kjærleik til bilen, mistru mot det nye og ei sterk uvilje mot å skulle ta imot råd om korleis leve eit betre liv.

Mange ga uttrykk for at forskarane ikkje måtte komme her og prakke på dei ein ny livsstil: «Den velfødde middelklassen vil gjerne setje premissane for alle folks liv i Sogndal.»

Slike kommentarar overraska Solbraa, sidan dei ikkje hadde moralisert over folks personlege val i teksten.

– Likevel blei det oppfatta slik. Og når folk trur du seier noko om helse og vanar, tek dei det fort ille opp. Då kjenner dei seg angripne, og tenkjer: Dette må eg få bestemme over sjølv!

Eit gyllent høve til folkeopplysning - trudde dei

Bakgrunnen for avisinnlegget var ein pågåande debatt kring byplanlegging.

Sogndal kommune hadde oppretta ei parkeringsgruppe for å sjå på trafikkproblema i bygda.

Denne gruppa hadde nyleg foreslått å lage til tusen nye parkeringsplassar og bygge ein underjordisk garasje for å løyse dette.

Riiser, Solbraa og Hatlevoll støtta forslaget om å få bilane under bakken, men stilte spørsmål om det var bruk for eit så stort tal plassar. I tillegg foreslo dei tiltak for tilrettelegging for el-sykling – eit forslag som var basert på deira eiga forsking.

Dei hadde mykje innsamla data og analysar av dette, særleg på sykkelbruk og syklistar i Sogn og Fjordane.

Kven sykla, kor langt, og kva kjenneteikna dei som sykla i forhold til dei som ikkje gjorde det?

– Vi visste mellom anna dette: Viss du har el-sykkel, så er det mykje større sjanse for at du syklar enn om du ikkje har det. Særleg dersom du bur nær jobben, seier Riiser.

Ikkje alle var så glade for å bli opplyste

Løftar du blikket og ser på velferda ikkje berre til den enkelte syklisten, men til samfunnet og verda, er det å sykle i staden for å køyre med på å redusere klimagassutslepp.

Dermed er det også eit moralsk val. Men dette poenget viste seg å vere ekstra provoserande for enkelte:

«GRØNNKOMMUNIZMEN tvinger seg fram – ja.»

«Stemmer vel MDG/V/SV desse.»

– Folk si tilknyting til bilen var noko av det som kom aller tydlegast fram. Fleire debattantar følte seg ekstra trua av oss på grunn av dette, seier Solbraa.

Ikkje alle debattantane hadde nødvendigvis lese kronikken spesielt grundig.

I tillegg til raseri mot hint om å byte ut bilen, var fleire også opptekne av ressursfordelinga mellom bygdene i Sogn, sjølv om det ikkje hadde vore tema i teksten:

«Jasso? ... endå meir til Sogndal? Balestrand, Fjærland og Leikanger, kva med desse bygdene? (...) Eg ynskjer gå- og sykkelveg ifrå Hanahaug ut til Grindselva, kva med det?»

«Ikke F ...! Jeg kjører bil når jeg vil!!»

Samstundes som det florerte med irritable eller ironiske kommentarar, fanst det også dei som ytra seg begeistra om sykling og støtta forskarane.

Desse var gjerne folk som sjølve sykla til jobb og kunne skrive under på at dette var ein bra ting å gjere.

Ei interessant side var at nokre meinte at god, gammaldags trøsykkel var mykje betre en el-sykkel. Desse hadde ein tendens til å sjå på el-sykling som ein type juks.

– Du kan faktisk bli erta og sett ned på for å el-sykle, seier Riiser.

Men dei verste kommentarane gjekk mykje lenger. Ein mann kommenterte på folkehelsa lokalt, og skreiv at han hadde observert at barna lengre ute i fjorden var feitare enn dei i indre strok.

Den kommentaren blei raskt sletta av redaktøren i Sogn Avis. Det same blei den følgjande kommentaren, retta mot kona til Amund Riiser:

Ikke F ...! Jeg kjører bil når jeg vil!! Denne Riiser fyren er vel gift med X som er fastlege her i Sogndal?? Hun mener vel det samme som denne merkelige, usympatiske fyren hun er gift med?? I så fall, takk og farvel til deg X, håper du slutter som fastlege ASAP!!

Frykta for familiens tryggleik

– Å sjå den kommentaren, var svært ubehageleg. Den var skriven av nokon som openbert kjente godt til familien min. Når nokon er villig til å skrive så stygge ting, lurer du naturlegvis på kva meir dei er villig til å gjere, seier Riiser.

Han frykta for tryggleiken til kona og dei tre barna deira. Dei kontakta politiet om kommentaren, men den blei vurdert til å vere innanfor ytringsfridomen.

Redaktør Arve Uglum ringte til Riiser og ga støtte, og stengte profilen ute frå avisas kommentarfelt for godt.

Han rykka ut med ein kommentar til støtte for forskarane, der han sjølv var avbilda med el-sykkel og stod fram under tittelen: «Ven dykk til det: Slike som meg blir det berre fleire av».

Haldningar er kompliserte ting

Forskarane er framleis forundra over korleis ein diskusjon om el-sykling har potensiale til å rokke ved folks kjensler av kven dei er og korleis dei lever livet sitt.

– Mange av kommentarane var nok ikkje veldig gjennomtenkte. Viss du spør folk om det nå, er det ikkje sikkert dei hugsar kva dei har skrive, eller ein gong meinte det, trur Riiser.

Slik er vi alle, legg Riiser til: Inni oss bur det eit virvar av synspunkt, erfaringar, identitetskjensler og oppfatningar. Blanda saman blir dette til haldningar, ofte utan at vi sjølve heilt veit kvifor vi tenkjer som vi gjer.

Eller kvifor nokre folk kan irritere oss noko heilt utruleg når dei står fram og meiner ting og saker, uansett kor forskingsbasert det måtte vere.

«Hei, din grønnkommunist!»

Ein annan konklusjon Riiser og kollegaene har trekt, er: Ein må vere førebudd på litt av kvart når ein ytrar seg offentleg.

– Viss du førebur deg sjølv på det som kan komme, så vil du oppleve det lettare å takle, trur han.

Ingen av idrettsforskarane blei i ettertid skremd vekk av erfaringa med el-sykkel-debatten. Dei har på nytt engasjert seg i politiske diskusjonar lokalt.

Framleis hender det at både dei sjølve og sambygdingane kan tulle med det som kom fram i el-sykkeldebatten.

– Her om dagen var det nokon som ropte til meg: «Hei, din grønnkommunist!», seier Solbraa.

– Då lo eg godt! For eg veit at dei meinte det som støtte.

Referanse:

Ane Kristiansen Solbraa mfl: Bærekraftig mobilitet: Allmennhetens holdninger og reaksjoner knytt til tilrettelegging og bruk av el-sykler som transportalternativ. En nettnografisk analyse av kommentarer i sosiale medier. Fjordantologien, Scandinavian University Press, 2026. Doi.org/10.18261/9788294167371-26-11

Powered by Labrador CMS