Kathrine Høyvik Bergum
har forska på korleis innsette i fengsel opplever munnhelse og generell helse og korleis dei får tak i, forstår og vurderer helseinformasjon.
– Helsekompetanse er
korleis nokon forstår, får tak i og vurderer helseinformasjon for å kunne ta
val for eiga helse, forklarer ho.
Bergum har vore opptatt av temaet lenge. Grunnen er at Verdens helseorganisasjon har funne ut
at helsekompetanse kan ha meir å seia for helsa til folk enn inntekt, utdanning og
bakgrunn.
Vanskeleg å forstå informasjon
Bergum har bakgrunn
som tannpleiar. Ho er opptatt av å fremja god munnhelse. Helsekompetanse er
nemleg ein ressurs som kan utviklast.
– Helsekompetanse er moglegheita
til å kunna stilla dei rette spørsmåla og forstå svara frå tannhelsepersonell.
Det er også det å forstå ulike alternativ til behandling og finne ut kva som
vil vera best for deg.
Dette er noko mange
slit med. Tidlegare forsking har vist at
ein tredjedel av befolkninga i Noreg har svekt helsekompetanse.
– Eg trur mange kan kjenne seg igjen i at det
kan vera vanskeleg å forstå alt som står om helse og sjukdomar på internett. Det kan vera vanskeleg å navigere i all informasjonen og å vurdere kva som er til å
stole på eller ikkje. Vidare kan det vere vanskeleg å vita korleis ein skal
orientere seg i helsevesenet og forstå og vurdere helseinformasjonen
helsepersonell gir.
Ho fortel at låg helsekompetanse
kan føre til at du enten ikkje gjer noko for å betre eiga helse, eller at du gjer feil ting.
Bergum har intervjua fleire innsette ved høgsikkerheitsfengsel og ved såkalla overgangsbustadar. Det er ein bustad der innsette kan vera den siste tida av soninga si. Der skal dei gradvis førast tilbake til samfunnet.
Tannhelseteneste
i fengsel
I intervjua sa dei innsette at dei
hadde god oral og generell helse, men undervegs kom det fram ulike plagar
og sjukdomar som dei hadde og som påverka dei.
– Dette var interessant, for det handlar jo om kor ulikt
me opplever kva som er god helse. Her er nok me alle litt ulike. Det fekk meg
til å tenke at dei tolte meir eller var vande til meir ubehag. Samtidig kopla dei innsette smerte og helse tett
saman. God helse var kopla til å ikkje ha vondt nokon plass.
Tidlegare forsking tyder
på at innsette har dårlegare oral helse enn resten av befolkninga. Dermed vart
Bergum overraska då dei innsette sa at dei hadde god oral helse.
– Eg tolka noko av det som at det var litt
problem med tannhelsa likevel. Til dømes var det fleire som sa at dei togg hard
mat forsiktig på grunn av slitne fyllingar i tennene.
Dei innsette gjekk
ikkje fast til tannklinikk.
– Det var oftast når det
var akutte hendingar at dei innsette valte å bruke tannklinikk. Akutte
hendingar var også hovudårsaka til bruk av fastlegen, seier Bergum.
Apotek for helseinformasjon
Annonse
Dei innsette spurte fyrst vener og familie – folk dei stolte
på – etter helseinformasjon. Dei trekte også fram apoteka som ei god kjelde for informasjon.
– Det er mange apotek,
dei er i nærleiken og har god opningstid. Folk kan gå dit når det passar for
dei sjølve, forklarer ho.
Dei innsette føretrekte å få informasjon gjennom fysiske møte og få informasjon tilpassa seg sjølv
både munnleg og skriftleg. Dette får dei på apotek når dei til dømes får ut
medisin, med korte beskjeder som når dei skal ta medisinen og kva som er
viktig å hugse på.
Tilpassa helseinformasjon
frå folk dei stoler på
– Det er lettare å få
informasjon tilpassa seg sjølv. På internett er det meir
generell informasjon, fortel ho.
Det viktigaste når dei
skulle vurdere helseinformasjonen, var å sjå om personen var til å stole på. Dette
fann dei lettare ut når dei hadde fysiske møte. Bergum forklarar:
– Når dei sa «folk dei
stolte på», meinte dei personar som såg dei og gjorde at dei følte seg tatt vare på. Det handla om at personen viste alle alternativ, var opne og
ærlege og kunne svare på spørsmål. I tillegg til at dei viste kunnskap om det
dei snakka om.
– Dei innsette var opptatt av
at folk var interessert i å hjelpe og såg på dei heller enn rett i PC-en. Dei
syntest òg det var positivt om dei fekk meir info enn dei trudde dei skulle få. Vidare at helsepersonell delte eigne erfaringar, seier Bergum.
Dei innsette ynskjer å
møte helsepersonell som ser dei og som møter dei med den informasjonen som dei
innsette treng for å gjera gode val. Det handla mellom anna om å forklare med
enkle ord heller enn fagspråk, å vera open for spørsmål og ha god nok tid til
dei.
Mykje handlar om
språk
Tannhelsetenesta vel nokon gonger å leggja midlertidige
fyllingar før dei går over til permanent fylling.
Det gjer dei sånn at nerven
får moglegheit til å trekke seg tilbake før dei fjernar resterande bakteriar og
fyllar permanent.
Annonse
– Ein av deltakarane
sa at: «Når eg gjer noko, så gjer eg det ikkje midlertidig, då gjer eg
det skikkeleg med ein gong». Når du tenkjer over det, ynskjer du jo ikkje noko
midlertidig. Då er det kanskje så enkelt som at ordet midlertidig kan
vera misvisande når dei ikkje forklarar kvifor du må ha ei midlertidig fylling
fyrst, forklarar Bergum.
Fleire av dei innsette sa at dei ynskja informasjonen på eit enkelt språk. Medisinsk språk har mange framandord.
Dei innsette sa at
språket kunne gjera det vanskeleg å forstå informasjonen som er på nett. Der får dei ikkje svar på kva orda betyr, og dei kan ikkje stille spørsmål tilpassa
eigne behov.
Fylkeskommunalt
ansvar
Innsette i fengsel har
rett til gratis tannhelsehjelp. Dette er ei prioritert gruppe av pasientar
i den offentlege tannhelsetenesta. Innsette har rett på gratis akutt hjelp frå
fyrste dag, og dei med opphald på meir enn tre månader har rett på gratis
undersøking og nødvendig behandling.
Dei innsette hadde
inntrykk av at det ikkje var so lett å få tannhelsehjelp i fengsel likevel. Grunnen var lange ventelister og at dei akutte behova vart prioriterte. Dei følte
dermed at dei ikkje hadde god nok tilgang på tannbehandling.
Bergum forklarar
grunnen til ventelistene slik:
–
Berre litt under halvparten av fengsla i Noreg har
tannklinikk.
I dei andre må innsette ut på
tannklinikk for å få undersøking og behandling. Då må ein innsett ha
med seg to fengsels- eller politibetjentar. Dermed tar det mykje kapasitet å reise
til tannklinikk.
Økonomi som barriere
Tannhelsetenesta
er skilt frå helsetenesta i Noreg og noko som vaksne må betale for sjølv. Det
er berre nokre grupper som er prioriterte, som får gratis tannbehandling.
Dette
er mellom anna barn og unge fram til 18 år, innsette i fengsel og bebuarar på
sjukeheim.
Frå tidlegare forsking veit me at fleire innsette
i fengsel har økonomiske problem før og etter
soninga enn befolkninga generelt. Bergum forklarer:
Annonse
–
Det som er vanskeleg for mange av dei, er kostnadene med tannhelsetenesta når
dei ikkje er i fengsel.
–
Fleire forklara at økonomi var ein stor grunn til ikkje å gå regelmessig til
tannhelsetenesta. Det kunne også vera at dei ikkje hadde råd til behandlinga som dei ynska, når dei fyrst var hjå tannlegen.
Tenesta må leggje
til rette for alle
Bergum fekk også eit
inntrykk av korleis dei innsette ynskja at kontakten med tannklinikk og
helsetenesta skulle vera.
– Det må vera tid til
å kunna forklare pasientane nøye kva dei skal gjera og rom for at dei kan
stille spørsmål. Me som er helsepersonell, må sjekke om dei me har inne, forstår
kva som blir sagt. Det kan me for eksempel gjera ved å be dei attfortelja
informasjonen som er gitt eller stille opne spørsmål der me utforskar om
informasjonen er forstått. Informasjonen må vera enkel og bli gitt både munnleg
og skriftleg.
Ho trekk også fram at
relasjonen mellom behandlar og brukar er viktig:
– I tillegg handlar
mykje om å få tillit og ein god relasjon mellom tannhelsepersonell og pasient. Berre
det at me må møte alle menneske på ein fin måte. Me må også tenke på
kroppsspråket vårt. Det at me som helsepersonell er stressa, kan til dømes
oppfattast som at me er lite imøtekommande.
Nokre av dei innsette
forklara at dei hadde følt at dei vart møtt med fordomar når dei var hjå ein tannklinikk.
Dette var inga god oppleving for dei.
– Det er viktig å
tilpasse kommunikasjonen frå både tannhelsetenesta og helsetenesta for å gjera
informasjonen om korleis ta vare på helsa meir tilgjengeleg. Dei eg intervjua, føretrekte
personlege møter. Det gir moglegheit for at helsepersonellet kan tilpasse
kommunikasjonen sin til helsekompetansen til brukarane, seier Bergum.