Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
100 dagar ute i kulde og uten forsyningar: Kva skjedde med musklane?
Testresultata overraskar forskarane. Dei trur to faktorar er spesielt viktige for at soldatane var like sterke og hadde gått lite ned i vekt.
I tre månader var dei 13 soldatane utandørs på øving. Før og etter gjekk dei gjennom fysisk testing på NIH. I tillegg tok NIH-forskar Trine Stensrud turen til Nord-Norge for å teste dei etter 50 dagar.(Foto: Jørgen Melau)
20. januar i år reiste 13
av våre aller beste trente soldatar ut på ei heilt spesiell øving.
I heile tre
månader skulle dei vere samanhengande ute i felt i Nord-Norge.
Dei blei utsett for ekstreme påkjenningar. I temperaturar frå -40 til fem plussgrader, vind, snø og overvatn kjempa dei seg gjennom oppgåvene «bak fiendens linjer».
Tidlegare forsking har
vist store utslag
Men øvinga var også eit
svært viktig forskingsprosjekt for Forsvaret.
Både før, undervegs og i
etterkant blei det gjort fysiske testar av soldatane på NIH for å finne ut
korleis kroppen reagerer på å yte over så lang tid i arktisk terreng.
– Vi
hadde ein klar forståing om at vi ville sjå store endringar på kroppen.
Tidlegare forsking på kortare, intense øvingar som «helvetesveke» har vist
store utslag i vekt- og styrketap, fortel Jørgen Melau, forskar
i Forsvarets sanitet.
Resultata viser derimot at soldatane var svært motstandsdyktige.
Det er eigentleg
overraskande at dei har klar seg så bra som vi ser på resultata, seier Melau.
Kva er forklaringa på
det?
Den ekstreme kulda med temperaturar ned mot 40 minusgrader var ein av faktorane som gjorde oppgåvene soldatane fekk svært utfordrande.(Foto: Jørgen Melau)
Blei testa fysisk før,
midtvegs og etter
Dei 13 soldatane frå
etterretningsbataljonen var gjennom omfattande testar før dei drog ut, midtvegs
i øvinga, rett i etterkant av øvinga og tre veker etter at dei var ferdige.
Dei blei testa i
muskelstyrke, kondisjon, blodverdiar og lungefunksjon.
I tillegg hadde dei med
seg dagbøker der dei skulle registrere matinntak, fysisk aktivitet, søvn,
helse, stressnivå, motivasjon, sosiale relasjonar og korleis dei opplevde
kuldebelastninga.
Soldatane var svært godt trente frå før, noko testane av maksimalt oksygenopptak viste på NIH før avreise. Forskarane såg for seg at opptaket vil gå ned etter dei 100 tøffe dagane, men det gjorde det ikkje.(Foto: Jørgen Melau)
Fam100 (Fagplan arktisk miljø)
Forskningsprosjektet blir leia av Forsvarets sanitet (FSAN), og blir gjennomført i samarbeid med Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) og Norges idrettshøgskole.
13 soldatar frå etterretningsbataljonen er ute på patrulje «bak fiendens linjer» i 100 dagar. Øvinga går føre seg i Nord-Noreg.
Undervegs får dei ei rekkje varierte oppdrag og må halde seg i skjul. Det inneber mellom anna overnatting utan oppvarming.
Forskarar skal kartleggje korleis soldatane reagerer fysisk og psykisk på å vere ute i kulda i 100 dagar.
Dette
er hovudfunna
Muskelmasse og vekt: Soldatane hadde ein liten vektreduksjon på rundt 1,5 kilo. Det var primært redusert feittmasse og det var ingen reduksjon i muskelmasse. Alle målingar av kroppssamansetning var normalisert tre veker etter øvinga.
Maksimalt oksygenopptak var stabilt gjennom heile perioden.
Soldatane hadde få endringar på standardiserte styrketestar som knebøy, markløft, push-ups og sit-ups.
Liten reduksjon på lungefunksjon (spirometrimålingar) som ikkje var av betydning. Tyder på at dei ikkje blei påverka av temperatursvingingar.
– Det ser ikkje ut som temperaturendringane har påverka soldatane i studien vår, seier professor Trine Stensrud.(Foto: NIH)
Mindre påverka enn
langrennsløparar
– Det var spesielt fint å
sjå at oksygenopptaket var heilt stabilt på alle tre tidspunkta me testa på, seier
Trine Stensrud, professor ved Institutt ved idrettsmedisinske fag på NIH.
Annonse
Frå tidlegare forsking
har ein kunnskap om at spesielt langrennsløparar som trenar mykje under kalde
forhold, ofte får overømfintlege luftvegar og astma.
Derfor var forskarane
også nysgjerrige på om dette også ville påverke soldatane.
– Vi såg
berre ein bitte liten reduksjon på lungefunksjonen, som ikkje var av betydning.
Vi veit at langrennsløparar kan reagere veldig på temperatursvingingar, men det
ser ikkje ut som temperaturendringane har påverka soldatane i studien vår,
seier Stensrud.
Ho trur den store
forskjellen er at langrennsløparar trenar jamleg med høg intensitet over mange
år i kulde.
– Soldatane hadde jo høg
intensitet i nokre av øvingane dei gjorde, men kanskje ikkje nok til at vi
kunne sjå det på målingane våre, seier Stensrud.
Nykkelen til suksess
Kva er så nykkelen til at soldatane har klart å gjennomføre utan at det har gått på bekostning av prestasjonsevna deira?
Melau frå Forsvarets sanitet trur det er fleire faktorar.
Jørgen Melau har over lengre tid forska på kva som skjer med kroppen i kalde temperaturar, som under symjedelen i Norseman. Melau er forskar i Forsvarets sanitet.(Foto: Privat)
– Det mest avgjerande trur vi var at soldatane åt bra og riktig undervegs, seier Melau.
Dei hadde eit planlagt kaloriinntak på 5000 kaloriar i døgnet, og spesielt feittinntaket skulle vere høgt.
– Eg tør nesten ikkje å seie det, men 50 prosent av næringsinntaket deira, er jo feitt. Olje, smør og snacks, seier Melau og legg til:
– Dette var viktig innsikt som polfararar og lengre ekspedisjonar har gitt oss, og viste seg å ha god effekt også for soldatane våre, seier Melau.
Annonse
Det faktiske matinntaket blei registrert i dagbøkene soldatane hadde med seg, og Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) har nå analysert desse data.
Dei 13 soldatane åt noko annleis enn det som var planen, fortel seniorforskar ved FFI, Julie Renberg.
– Fordelinga blei noko ubalansert samanlikna med generelle anbefalingar: meir feitt, mindre karbohydrat og litt mindre protein enn ynska. At dei likevel oppretthaldt prestasjonen, viser at kroppen tilpassar seg godt så lenge ein får i seg nok mat, seier seniorforskar ved FFI, Julie Renberg.
Dei trur også at gode førebuingar og god opplæring var avgjerande for at dei 13 soldatane klarte seg så bra.
Masterstudentar ved NIH gjennomførte mange av testane og tre av dei skriv også masteroppgåver om resultata frå øvinga.(Foto: Jørgen Melau)
Måtte smelte snø for å få drikkevatn
På blodprøvene som blei tatt såg dei likevel at soldatane var kronisk dehydrerte gjennom heile perioden.
Sidan dei ikkje hadde tilgang på drikkevatn, måtte dei kontinuerleg smelte snø for å få i seg vatn.
– Sjølv om dei var dehydrerte, såg det ikkje ut til at dette gjekk utover prestasjonen deira. Det er nok likevel noko me skal fylgje opp, og sjå om det er noko vi kan gjere enda litt betre, seier Melau.
Tips til den lange vinterturen for folk flest
Det er ingen tvil om at Forsvaret har fått mykje viktig kunnskap som gjer dei betre rusta til øvingar i vinterlege forhold framover.
Men kva kan vanlege turgåarar som kanskje skal reise på kortare turar frå hytte til hytte, eller lengre ekspedisjonar ta med seg frå forskinga?
– Dei kan absolutt ta med seg at nykkelen er gode førebuingar og særleg dette med matinntak. For lange turar er det viktig å få i seg nok feitt. Du er også nøydd til å ete sjølv om du ikkje kjenner på svelt. På lengre turar må du få i deg maten du faktisk treng, seier Melau.