Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

– Å vere sjuk, er ofte også å vere redd og sint. Som hjelpar sit du der som ein representant for systemet og risikerer dermed å få ei skyljebøtte, seier forskar Eli Natvik.

Forsking på fedmeopererte: – Pasient og behandlar snakkar ofte ikkje om det som verkeleg betyr noko

Forsking på oppfølginga av fedmeopererte personar avdekker eit dilemma. 

Sjå føre deg eit besøk hos din eigen fastlege. Du kjem med ei liding, stor eller lita, og i utgangspunktet med kjensla: Noko er gale. De har ikkje meir enn eit kvarters tid til å sjå på dette saman. Kva ønsker du skal skje i det kvarteret?

At du får nødvendig medisinsk hjelp, sjølvsagt – men også noko meir, meiner forskar Eli Natvik ved Høgskulen på Vestlandet:

– I det møtet har du eit djupare behov for å bli anerkjend på ein heil måte, både for dei tinga som er sjukdommen eller lidinga, men også for det du får til og er stolt av, det du er redd for og det du strevar med som du ikkje heilt klarer å sette ord på fordi det er uklare og vanskelege kjensler. Det er fundamentalt for om samtalen blir hjelpsam for deg, seier ho.

Forskar Eli Natvik ved Høgskulen på Vestlandet.

– Det handlar om noko så enkelt som å bli lytta til. Men dette er overraskande vanskeleg å få til. Som pasient i helsevesenet kjenner du deg i utgangspunktet som ei forstyrring: Du kjem med noko som treng å fiksast. Det er eit uhyre krevjande utgangspunkt for å skape ei god samtale.

Fekk filme konsultasjonar

Natvik er tilknytt Norse Feedback, eit forskings- og innovasjonsprosjekt drive av Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Der forskar dei på møtepunkt mellom pasient og behandlar innanfor psykisk helse. 

Ho ønskte å ta metodane og tenkinga frå psykisk helse-feltet inn i somatikken og sjå på den polikliniske oppfølginga av fedmeopererte personar.

Forskaren tok kontakt med ei gruppe menneske som skulle på oppfølgingssamtaler eit par år etter operasjon. Ho inviterte dei til å vere med på prosjektet. 

Desse konsultasjonane blei filma. I forkant og i etterkant av møtet intervjua ho pasienten, medan psykolog og medforskar Kristina Lavik intervjua behandlaren. Dei såg på video av samtalen i lag med dei, og pasient og behandlar bestemte sjølve kva augneblink dei ville stoppe opp ved og seie noko om.

– Når vi menneske snakkar saman, går det føre seg mykje på innsida som vi ikkje får tak i hos den andre. Det er ikkje alltid vi kjem på å spørje dei om det heller, seier Natvik.

– Det finst augneblink i ei samtale der vi kjenner at vi møtest. Andre augneblink der vi er i kvar si verd. Hensikten med videoane og intervjua var å gje oss innsikt i mikroprosessane som går føre seg mellom to personar når dei snakkar saman. Vi ville finne fram til dei hjelpsame augneblinkane og også dei mindre hjelpsame.

Vi vil så gjerne glede kvarandre

Ein av pasientane Natvik møtte, hadde gått mykje ned i vekt og endra livet sitt drastisk i tida etter fedmeoperasjonen. 

Han var stolt over den strenge disiplinen han hadde innført med tanke på mat og eting, og den ambisiøse treningsrutinen han hadde etablert. Men den siste tida hadde han ikkje klart å følgje treningsopplegget sitt, sidan han hadde gjennomgått ein akutt sjukdom.

Denne mannen gjekk til konsultasjonen på fedmeklinikken med ei kjensle av uro. Han frykta at han kunne ha gått opp i vekt. Han vog seg berre på sjukehuset. Ville hjelparen bli misnøgd? Då dette viste seg å ikkje vere tilfelle, greidde han likevel å slappe av i møtet. 

I samtalen fortalde han om alt han hadde gjort for å halde vekta nede, om lange gåturar i høgt tempo. Men han unngjekk å gå inn på vanskelege kjensler og frykta for vektauke han hadde kjent på.

Behandlaren gav han mykje ros og oppmuntring i samtalen, og gjekk i djupna på eit vis som gjorde at ho attpåtil klarte å avdekke eit helseproblem han trong medisin for.

Ei litt ekkel kjensle

«Eg er ekstra fleksibel med ein pasient som han. Det er lettare å gje noko ekstra til ein pasient som følgjer råda våre, møter opp til avtaler og gir uttrykk for at han er veldig nøgd med oppfølginga og at han kjenner seg sett,» seier behandlaren om møtet.

Hadde mannen derimot klaga mykje over tilstanden sin eller vore kritisk til behandlinga, er det ikkje sikkert ho hadde teke symptoma hans like alvorleg, reflekterer ho, noko ho ikkje er stolt over å innrømme. Ho seier det er « ... litt ekkelt å føle det på den måten, men slik er det berre».

«Å gå etter boka» kallar Natvik dynamikken der pasienten er oppteken av å vere flink, og behandlaren av å heie på pasienten fordi hen er så god til å følgje opplegget. 

Desse samtalene har sjansen til å romme mange hjelpsame augneblink, men pasienten kan ha ein tendens til å vegre seg vel mykje for å dele vanskelege kjensler eller kritikk.

Å vere sjuk gjer oss ofte sinte og vrange

I den andre enden av skalaen er dynamikken Natvik har skildra som «blindvegen»: møte der både pasient og behandlar gir opp. 

Ei kvinne ho snakka med, var kritisk til oppfølginga frå klinikken. Ho syntest ikkje ho fekk nok hjelp til dei omfattande livsstilforandringane etter operasjonen. Pasienten kjente seg veldig aleine med det. 

I tillegg blei ho forvirra i møte med ein ny behandlar ho ikkje kjente, og som ikkje starta konsultasjonen med veging, ei rutine ho hadde vore van med. 

Den vesle forandringa gjorde henne endå meir utrygg i situasjonen og sette fyr på misnøya hennar.

Behandlaren følte seg kritisert og skulda for ikkje å gjere jobben sin skikkeleg. Det førte til at ho berre utførte eit minimum i møtet med kvinna. 

Pasienten sjølv var resignert etter samtalen. Frustrasjonen hennar hadde komme i vegen for andre ting ho verkeleg hadde behov for å snakke om: den stadige trongen til å trøystespise og kor sliten ho blei av å måtte motstå den.

Trass vellykka vektnedgang, skamma pasienten seg over søtsuget sitt. Etter den kritiske og irritable inngangen til møtet frå hennar side, lukka dessutan samtalen seg slik at det ikkje fanst noko trygt rom i den til å ta dette opp. 

Slik blei møtet utmattande for dei begge, og dei ville berre avslutte så snart som råd.

– Å vere sjuk, er ofte også å vere redd og sint. Som hjelpar sit du der som ein representant for systemet og risikerer dermed å få ei skyljebøtte, seier Natvik.

– Viss nokon har det veldig vanskeleg, er det ofte vanskeleg å hjelpe dei. Desse pasientane greier gjerne ikkje å legge fram saka si på ein måte som vekkjer empati, forståing og interesse. Ironisk nok er det mykje enklare å hjelpe dei som ikkje treng det like mykje.

Vi bølgjer mot kvarandre, så frå kvarandre

I samtalene med både den velvillige og den sinte pasienten kan det vesentlege gå tapt, men av ulike årsaker. Så finst møta som ligg ein plass midt imellom. Natvik skildrar dynamikken i dei som ein der dei to i samtalen vekslar mellom avstand og nærvær.

Ein mann ho snakka med, fortalde om korleis han kjente og likte behandlaren sin. Likevel følte han ein motstand mot å sleppe henne for nært innpå seg. Han sette pris på at ho anerkjente prosessane han hadde gått gjennom. Ho såg kor mykje han hadde forbetra livet sitt, frå å vere ein einsam ulv utsett for mobbing til å fungere godt i samfunnet. 

Nokre ting kunne likevel vore betre. Mellom anna sleit han med korleis vekta kunne svinge kring ferietider. Men han ville ikkje bry helsevesenet med slikt, sa han.

Behandlaren på si side jobba hardt for å komme under huda på han. Berre innimellom klarte ho det. 

Ho skjønte at eit så omfattande inngrep som ein fedmeoperasjon, der heile anatomien hans hadde blitt forandra og han måtte leve med ein kronisk mangeltilstand i etterkant, umogleg kunne vere så enkelt å tilpasse seg som han framstilte det.

Problemet var at spørsmåla hennar rørte ved eit uhyre sårt punkt. Mat var framleis synonymt med skuldkjensle for denne pasienten. Den skuldkjensla hadde ein tendens til å flamme opp straks ho spurde han om kva og kor mykje han åt. Skamma lagde ein avgrunn mellom dei som var vanskeleg å krysse.

Ønsket om å skape ei lett stemning

«Dei pirkar på meg. Dei vil eg skal gjere det betre. Ingen andre tek meg i øyret og dreg meg i den rette retninga, så eg skjønar at dette er til mitt eige beste. Dei er der for å hjelpe meg. Men det er alltid ei kjensle av at eg skulle vore flinkare. Eg skammar meg litt over meg sjølv. Kvar gong er det noko av dette.»

Dette seier ein annan av pasientane Natvik har intervjua. Og her er ho ved kjernen av det som gjer desse samtalene så utfordrande: sårbarheita som ligg i det å komme til helsevesenet med ei langvarig og kompleks liding. 

For å bøte på dette, samarbeidde pasient og behandlar gjerne om å skape ei lett stemning, prega av smil, godt humør, samt prat om det som gjekk bra: vellykka treningsopplegg og måltidsplanlegging.

Sjølv om stress, kritikk, kjenslemessige påkjenningar og kroppsleg ubehag var uunngåelege effektar av operasjonen, var begge partar redde for å gå inn i slike vanskelege tema. 

Når dei likevel gjorde det, hadde det ein tendens til å påverke relasjonen negativt og skape tilbaketrekking, mistru, skam eller kjensla av nederlag mellom dei to.

– Men når vi viker unna det vanskelege i ei samtale, går vi samstundes glipp av sjansen til å erkjenne det og sjå ordentleg på det. I staden for å gå inn i kjenslene, hadde behandlarar ein tendens til å leie samtalen over mot råd og tips til kva handlingar som kunne vere til hjelp. Dei ville straks fikse, seier Natvik.

Tore å vere eit medmenneske

Denne tendensen i helsevesenet til å leite etter feilen og finne ei løysing, er naturleg, men ikkje alltid nyttig. Når du konsentrerer deg om det medisinske og unngår det kjenslemessige, kan pasienten kjenne seg heilt aleine med store bører.

Viss ein pasient til dømes går opp i vekt og fortel om mismot og skam knytt til dette, er det lett for at behandlaren berre seier at vektauke er heilt normalt – gjerne med mål om å trygge pasienten.

– Men då anerkjenner du ikkje kjensla dei slit med og risikerer å miste kontakten. Då er du ikkje fullt stades for dei, seier Natvik.

– Behandlarar må tore å vere medmenneske. Du må hjelpe pasienten til å kjenne seg heime i det sosiale feltet konsultasjonen er. For mange kan dette kjennes uprofesjonelt, som å trakke utanfor det faglege. Men det er heilt nødvendig.

I slike møte har helsevesenet oversett det psykiske aspektet ved langvarige lidingar, meiner Natvik. Relasjonen mellom pasient og behandlar er i høg grad upløgd mark, slik ho ser det.

Ikkje berre kropp eller berre sjel

For Eli Natvik er undersøkinga berre den spede starten på noko ho ser på som eit langvarig arbeid for å forbetre samtaler i helsevesenet. 

Så langt har ho og forskarkollegaene hennar utvikla ein workshop for helsearbeidarar, integrert kunnskapen frå forskinga i sjukepleiarutdanninga i Førde. No jobbar dei vidare med å utforske temaet i lag med studentar og tilsette i helsevesenet.

– Tidlegare tenkte vi på omsorg som noko som gjekk føre seg ved sengekanten. Men det aller meste av sjukehusbehandling i dag går føre seg poliklinisk, i korte og sjeldne møte. Då er det avgjerande viktig at vi tek til oss lærdommane frå psykisk helse om korleis vi møter menneske på ein god måte, meiner Natvik.

Men korleis lykkast med desse møta når dei er korte og sjeldne? Og når lidingane pasientane kjem med, slik som sjukeleg overvekt, er komplekse og langvarige?

– Sjølv då, i desse korte møta, er det mogleg å bygge ein relasjon. Og det er dette vi må lære oss meir om, seier Natvik.

– Eg trur nøkkelen ligg i å vere nysgjerrig på det andre mennesket. Eg må gi litt slepp på meg sjølv for at den andre skal vere til stades.

Referanse:

Eli Natvik mfl.: The patient-practitioner interaction in post bariatric surgery consultations: an interpersonal process recall study. Disability and Rehabilitation, 2022. (Sammendrag) Doi.org/10.1080/09638288.2022.2152876

Powered by Labrador CMS