Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Elevar vann fram i 90 prosent av klagesakene. Kva med lærarane?
Éin av fem lærarar er usikker på sin eigen kunnskap om lova som skal sikre eit trygt skulemiljø.
– Paragraf 12 har styrkt rettane til elevane, men no må lærarane få meir kompetanse og støtte til å handtere loven i praksis, seier Annette-Pascale Denfeld. Ho er pedagog og forskar ved Universitetet i Agder (UiA).
(Foto: Maria van Schoor)
Paragraf 12, tidlegare
kjend som 9A-paragrafen, har styrkt rettane til elevar på skulen. Men lærarane
saknar kompetanse og støtte til å jobbe med loven i praksis.
Det kjem fram i doktoravhandlinga til Annette-Pascale Denfeld. Ho er pedagog ved Universitetet i Agder (UiA) og har forska på 9A-paragrafen.
– Debatten om paragrafen har vore betent. Mange meiner han bidreg til ein klage- og sytekultur der elevar lett vert krenkte. Men dette dreiar seg om komplekse saker. Hovudpoenget er at loven skal verne elevar som ikkje har det trygt og godt på skulen, seier forskaren.
Formulering om subjektiv oppleving
skapte debatt
Lovverket for å verne
rettane til elevane har vore der lenge, men vart skjerpa i 2017.
No står det i
loven at den subjektive opplevinga til eleven ligg til grunn for undersøkingar
og tiltak frå skulen si side. Nettopp den formuleringa har vore omstridt.
Mange har meint at
eleven kan seie kva som helst, og at grensa mellom vanleg irettesetjing og
krenking vert uklar.
– Men lovverket seier ikkje at eleven automatisk har rett og
at læraren har gjort noko gale. Skulen må ta utgangspunkt i opplevinga til eleven
for å hjelpe eleven, seier Denfeld.
Foreldra får meir å seie
I samband med ny
opplæringslov i 2024 vart det presisert at sjølv om synet til eleven blir lagt
til grunn, må også synspunkt frå andre involverte vere med i ei heilskapleg
vurdering av moglege krenkingar.
Elev og foreldre melder
ei sak til lærar og rektor. Allereie etter éi veke kan dei klage direkte til
statsforvaltaren om dei er usamde med svaret frå skulen.
– Foreldra får meir å
seie og arbeidet til skulen vert sterkare kontrollert enn før. Det har nok ført
til at skule og lærar har vorte flinkare til å føre journalar og lage referat
av ulike hendingar, seier forskaren.
Klageordninga fungerer
I 90 prosent av
klagesakene frå 2022 konkluderer statsforvaltaren med at skulen har brote med
lova.
– Det viser at
klageordninga er i bruk, og at lovverket vernar elevane, seier Denfeld.
Frå 2024 er oppgåva til
statsforvaltaren endra til først og fremst å vurdere om skulen har retta opp
situasjonen med eigna tiltak, og om det er laga ein skriftleg plan for tiltaka.
I avhandlinga har ho også
sett på korleis loven påverkar lærarane i det daglege.
Vert lærarane redde og handlingslamma?
Bidreg han til at dei
legg skuledagen betre til rette for alle elevar? Eller vert dei redde for å
gjere feil og dermed handlingslamma?
Hovudfunnet er tydeleg: Dei
ytre rammene er på plass. Dette er lovverk, kontroll av hendingar og klagar, krav om
dokumentasjonar og plikt til å setje i gang aktivitetar.
Men desse føresetnadene
kan gå ut over skulens profesjonelle skjønn.
– Det er ikkje like godt sikra at kunnskapen om
rammer og lovverk er formidla til lærarane, seier ho.
Kvar femte lærar usikker
Denfeld har spurt 150
lærarar om kunnskapen og meistringa deira i møte med loven.
Svara var spreidde:
Nokon meinte loven verken hadde positiv eller negativ effekt, andre at han
hadde betra skulemiljøet. Ei tredje gruppe meinte han hadde liten effekt.
– Viss læraren ikkje
opplever loven meiningsfull, påverkar det kva læraren gjer, seier ho.
Det som overraska
forskaren mest, var at så mange som 20 prosent av lærarane var usikre på eigen
kunnskap om innhaldet i loven, trass i at det har vore mykje snakk om han i
media.
– Lærarane er redde for å
gjere feil. Det er ein avstand mellom læraryrket og lovverket, og den
offentlege debatten går om rettane til elevane. Det har vore lite debatt om
pedagogisk skjønn og lærarrolla, seier Denfeld.
Loven må følgjast av
kompetanse
Forskaren understrekar at
paragraf 12 først og fremst er for eleven.
Ho seier det likevel trengst meir
dialog mellom styresmakter og lærarar.
– I dag legg ein vekt på
at skulen følgjer loven og gjennomfører tiltak dei har plikt til å setje i
gang. Det er for lita merksemd om at det er utfordrande og krev ressursar å gi
lærarane kunnskap om lovverket, seier ho.
Lærarane treng kunnskap både om lovverket og
korleis dei kan arbeide for å skape eit trygt miljø for alle elevar, legg ho til.
Har ikke ført til mindre mobbing
Denfeld peikar på at
lovverk åleine ikkje endrar praksisen i skulen. Det skjerpa lovverket har til
dømes ikkje ført til mindre mobbing.
– Mobbing er samansett,
og å jobbe med det sosiale miljøet i skule og klasserom krev både tid og kompetanse.
Paragraf 12 har styrkt rettane til eleven og skapt forståing for at trygt miljø
er viktig, seier ho.
Ho trur administrasjon
fort kan verte hovudsaka rundt om på skulane når det vert lagt så stor vekt på
dokumentasjon og regelverk.
– Pedagogisk utvikling og
arbeid med fag og skulemiljø må vere det som står i sentrum, seier Denfeld.
Referanse:
Annette-Pascale Denfeld: Teacher professionalism and
Chapter 9 A. Factors of professional conduct in the enactment of a law on
students' psychosocial environment. Doktoravhandling, Universitetet i Agder, 2025.
Les også disse artiklene fra Universitetet i Agder:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER