Både utveksling og kortare studieopphald i utlandet gir godt læringsutbyte og motivasjon for vidare studium, meiner studentar. (Illustrasjonsfoto: Jacob Lund / Shutterstock / NTB scanpix)

Studentar godt nøgde med utanlandsopphald

– Det er bra at så mange studentar gir uttrykk for at utvekslinga er viktig. Samtidig vil eg at fleire skal få høve til å ta delar av studiet i utlandet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Både utveksling og kortare studieopphald i utlandet gir godt læringsutbyte og motivasjon for vidare studium, meiner studentar.

Det kjem fram i ein analyse NOKUT og Diku har gjort av svara i Studiebarometeret frå 2017, den årlege spørjeundersøkinga NOKUT gjennomfører blant meir enn 60 000 norske studentar.

Analysen viser at rundt 16 prosent av studentane har dei siste åra vore på lengre utveksling, samtidig som mange også deltek på kortare utanlandsopphald.

Eit stort fleirtal av studentane som har vore utanlands i samband med studia, seier dei er tilfredse både med det faglege og det utanomfaglege utbytet og at utanlandsopphaldet har gitt dei auka motivasjon.

Samtidig er det store variasjonar mellom institusjonar og studieprogram, og mange stader er det få studentar som dreg utanlands.

Vil at fleire skal reise ut

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø er i gong med å utarbeide ei stortingsmelding om mobilitet og er glad for tilbakemeldingane:

– Det er bra at så mange studentar gir uttrykk for at utvekslinga er viktig, både for dei faglege og sosiale sidene ved utdanninga. Samtidig vil eg at fleire skal få høve til å ta delar av studiet i utlandet, så her må det blant anna leggast betre til rette frå universiteta og høgskulane si side, seier ho.

NOKUT og Diku er også nøgde med resultata, samtidig som analysen peikar på nokre utfordringar.

Både Diku-direktør Harald Nybølet og NOKUT-direktør Terje Mørland meiner undersøkinga viser at studentane i stor grad opplever utvekslingsopphald som ein god fagleg læringsarena.

Direktørane meiner det tyder på at utanlandsopphald bidrar til auka kvalitet i høgare utdanning. Sjølv om studentane alt i alt er nøgde, opplever ein del studentar at det er dårleg fagleg samanheng mellom studia i Noreg og utvekslingsopphaldet dei har i utlandet, påpeiker dei.

Bør gi høgare læringsutbytte

Mørland og Nybølet oppmodar universiteta og høgskulane til å sørgje for at utvekslingsopphald blir godt fagleg integrert i studieprogramma.

Ambisjonen bør vere at det samla faglege læringsutbyttet skal bli høgare når studentane inkluderer eit opphald ved ein utanlandsk institusjon, enn om dei hadde teke heile utdanninga si i Noreg.

Det er dessutan viktig å kvalitetssikre dei reint praktiske sidene ved eit utvekslingsopphald.

Direktørane seier at eit viktig funn i analysen er at ingenting slår sterkare ut på opplevinga til utvekslingsstudentane av læring og motivasjon enn den praktiske tilrettelegginga frå vertsinstitusjonane og at studentane opplever å høyre til og vere inkludert i eit fagmiljø.

Spørsmåla om erfaringar med utanlandsopphald er blant dei spørsmåla i Studiebarometeret som har fått høgast gjennomsnittleg poengsum.

Med andre ord er studentane meir tilfredse med dette enn med dei fleste andre kvalitetsområde dei blir spurde om. Unnataket er spørsmålet om den faglege samanhengen mellom utvekslingsopphaldet og studieprogrammet heime, der studentane gir ein middels score.

Også nødge med kortare utanlandsopphald

Eit utvekslingsopphald er definert som eit opphald som varar i minst tre månader, gir studiepoeng og inngår som ein del av graden ved heimeinstitusjonen.

Men norske studentar deltek også på ei rekkje andre typar utanlandsopphald i samband med studia. Desse kan vere langt kortare enn tre månader og omfattar alt frå seminar, konferansar og studieturar til praksisopphald og feltarbeid.

Desse andre utanlandsopphalda speler ei større rolle i profesjonsutdanningar i helse- og sosialfag og i lærarutdanningar, der delen studentar som dreg på utveksling, er liten.

Studiebarometeret viser at ein monaleg del av studentane har vore på slike utanlandsopphald, og at dei er like tilfredse som dei som har vore på utveksling. På nokre område scorar dei faktisk enda høgare, til dømes for auka motivasjon.

Mørland og Nybølet understrekar at kortvarige opphald i mange tilfelle kan knyte utdanning og forsking, studentar og lærarar saman på ein annan måte enn i den vanlege undervisingssituasjonen.

Derfor bør både utveksling og andre former for utanlandsopphald vere ein del av planen for å lyfte kvaliteten i norsk høgare utdanning, meiner direktørane.

Referanse:

Les rapporten «Utbytte fra utveksling og andre utenlandsopphold» (pdf)

Powered by Labrador CMS